Arkiv for kategorien "Historie"

Lars Stølen til minne

Grunnleggjaren av Luster mållag, Lars Stølen, gjekk bort 17. mai. Minneordet om han ligg no under historie.

Med hjelp frå mållaget, Jostedal historielag og Jostedal spel- og dansarlag vart dikt- og songsamlinga hans “Glør i grua” utgjeven i 2006. Meir om boka finn ein hjå Jostedal historielag.

Biografiar

Under ‘historie’ i sidemenyen er det no lagt ut biografiar om Hallvard Hesjevoll, Hans Vigdal og Kristofer Alme, som var føregangsmenn for målsaka i Jostedalen, Luster og Hafslo. Meld gjerne ifrå om du har biografisk eller historisk stoff som bør publiserast her.