Årsmelding 2005 for Luster mållag

Godkjend på årsmøtet 29.1.2006.

1. Årsmøtet 2005
Vart halde 13. februar på Løa hjå Stein Næss i Høyheimsvik. Etter eit kort formelt årsmøte med vanlege årsmøtesaker, var det ope møte om ”1905 og målreisinga i Luster” med føredrag av Kåre Øvregård. Anders Kvam las dikt, og Geir Inge Fossøy og Turid Hunshamar Øygarden frå musikkskulen spelte og song. … hadde møtt fram.

2. Verv og representasjon
Styre i laget 2005-06 har i all hovudsak vore det same som førre arbeidsår:
Leiar: Oddmund L. Hoel
Kasserar: Stein Næss
Skrivar: Ivar Buskaker
Styremedlemer: Hans Fossøy og Kjellfrid Alme
Varafolk: Eldbjørg H. Fossøy, Karin Gjerde og Anna Brendstuen

Styret har hatt tre møte i perioden.
Ettersynskvinne har vore Venke Bakken.
Valnemnd har vore Peder Kjærvik, Kåre Øvregard og Magnhild Skjerdal.
Leiaren og Eli Bjørhusdal representerte laget på landsmøtet i Noregs Mållag i Tromsø 15.-17. april. Eli vart der vald til nestleiar.
Laget var ikkje representert på årsmøtet i Sogn og Fjordane Mållag.

3. Medlemstal
Målet har vore å stabilisere medlemstalet på 50-60. Ved utgangen av 2005 hadde Luster mållag 58 betalande medlemer, mot 60 i 2004, 57 i 2003, 52 i 2002 og 56 i 2001.

4. Målprisen
Laget delte ut Målprisen for fjerde gong under Lustramarknaden 4. juni. Denne gongen gjekk prisen til Arne Johannesen for god bruk av nynorsk i skrift og tale gjennom den profilerte posisjonen som leiar i Politiets Fellesforbund. Prisen var denne gongen eit fototrykk med motiv frå platået på Jostedalsbreen av jostedalskunstnaren Gry Celius. Målprisen har vorte eit innarbeidd kulturtiltak i Luster og er det mest synlege mållaget gjer. Prisutdelinga fekk som vanleg god blest både i Sogn Avis og NRK Sogn og Fjordane.

5. ”Slepp nynorsken til. Opphev forbodet mot nynorsk i Dagbladet og VG”
Noregs Mållag sette i gang denne aksjonen på landsmøtet i april, og alle lag vart oppmoda om å samla underskrifter. Totalt samla aksjonen 265 underskrifter frå Luster, og Noregs Mållag overleverte i oktober 35 000 underskrifter til dei to avisene. Me samla underskrifter under lustramarknaden der me hadde eit bord på laurdagen, og særleg fekk biblioteket inn mange underskrifter ved å ha lister liggjande ute i lang tid.

6. Lustramarknaden
Me hadde for andre året tevling der folk kunne tippa tydinga på gamle ord frå Luster. Dette var mykje populært.

28. januar 2006

Styret

0 kommentar til “Årsmelding 2005 for Luster mållag”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar