Årsmelding 2006-07 for Luster mållag

Godkjend på årsmøtet 19. april 2007.

1. Årsmøtet 2006
Vart halde 29. januar på Jostedal hotell. I 2006 var det 100 år sidan det fyrste mållaget i noverande Luster kommune, Jostedal mållag, vart skipa (10. november). Etter eit kort formelt årsmøte med vanlege årsmøtesaker, var det jubileumskveld med festtale av Jan Olav Fretland og musikalske innslag med Helene Myklemyr Bolstad og Else Marie Haugen. Det vart servert rømmegraut, spekemat og kaffi. Kring 15 frammøtte.

2. Verv og representasjon
Styre i laget 2006-07 var det same som året før:
Leiar: Oddmund L. Hoel
Kasserar: Stein Næss
Skrivar: Ivar Buskaker
Styremedlemer: Hans Fossøy og Kjellfrid Alme
Varafolk: Eldbjørg H. Fossøy, Karin Gjerde og Anna Brendstuen
Styret har hatt tre møte i perioden.
Ettersynskvinne har vore Venke Bakken.
Valnemnd har vore Peder Kjærvik, Kåre Øvregard og Magnhild Skjerdal.
Ivar Buskaker representerte laget på landsmøtet i Noregs Mållag i Oslo 27.-29. april. Der vart 100-årsjubileet markert med stor festivitas.
Eli Bjørhusdal representerte laget på årsmøtet i Sogn og Fjordane mållag i Sogndal 10. mars 2006 der ho møtte som nestleiar i Noregs Mållag. Eli og Marit Aakre Tennø representerte laget på fylkesårsmøtet på Skei 17. mars 2007.

3. Medlemstal
Målet har vore å stabilisere medlemstalet på 50-60. Ved utgangen av 2006 hadde Luster mållag 52 betalande medlemer, mot 57 i 2005 og 60 i 2004.

4. Målprisen
Målprisen vart ikkje delt ut i 2006.

5. Lars Stølen-bok
I 2005 gav Lars Stølen ut boka ”Glør i Grua. Dikt og songar” sjølv i eit lite opplag. Hausten 2006 gjekk Luster mållag, Jostedal historielag og Jostedal spel- og dansarlag saman om å hjelpe til med ei utgjeving i større opplag. Boka vart lansert på ein ’Lars Stølen-kveld’ med godt frammøte på Jostedal hotell 19. november. Spel- og dansarlaget stod for programmet, og Olav Stølen tala om bror sin. Historielaget tok kostnadene.

6. Internettsider
Laget tok steget ut på verdsveven 5. mars 2007, på http://www.krundalen.no/lustermaallag. Her finn ein meldingar om aktiviteten i laget, alle årsmeldingar, litt informasjon om nynorsk og dialektar i Luster, og stoff om historia til målreisinga i Luster.

0 kommentar til “Årsmelding 2006-07 for Luster mållag”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar