Målprisen 2010 til Luster Sparebank

Foto: Anita Bjørk Ruud, Luster kommuneGrunngjeving frå styret i Luster mållag:

Gjennom fleire mannsaldrar har sparebankane i Luster vore nynorskbastionar i Sogn og i fylket. I dag er det Luster Sparebank som forvaltar den språklege arven etter dei tre tidlegare sparebankane i kommunen. Det gjer banken på ein framifrå måte. På nettsidene og i anna marknadsføring brukar Luster Sparebank ein god nynorsk som vitnar om eit klart språkleg medvit.

Sett med lokale auge er det kanskje lite oppsiktsvekkjande at ein institusjon som Luster Sparebank nyttar nynorsk. Men ser ein vidare på det, er det ikkje like sjølvsagt. Innanfor næringslivet er bokmålsdominansen lagt sterkare enn på mange andre samfunnsområde, og innanfor finansnæringa er bokmålstradisjonen, for ikkje å seie riksmålstradisjonen, særleg sterk. Det er difor særs viktig for nynorsken som språk at det finst solide finansinstitusjonar med eit godt omdøme som held nynorsken i hevd som forretningsspråk, reklamespråk og finansspråk.

Det er utfordrande å vere ein sjølvstendig lokal sparebank med alle dei tunge sentraliserte datasystema bankane er heilt avhengige av i dag. Dette er også ei stor språkleg utfordring for ein nynorskbank. Me vonar målprisen kan inspirere Luster Sparebank til å stå på vidare for å gje oss best mogleg nynorske banktenester også i framtida.

I år som før er prisen ein akvarell av Arvid Elvekrok.

Til lukke med Målprisen 2010!

Gaupne, 12. juni 2010

Styret i Luster mållag

Oddmund L. Hoel, leiar

Stein Næss, Ann Kristin Sperle, Marit Aakre Tennø, Eldbjørg H. Fossøy

0 kommentar til “Målprisen 2010 til Luster Sparebank”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar