Grunngjeving frå styret i Luster mållag:
Reisemål Sogndal og Luster får målprisen for god og konsekvent bruk av nynorsk på eit felt som er svært viktig for marknadsføringa og profileringa av bygdene våre. Ein skulle kanskje tru at det er sjølvsagt at ein så solid nynorskkommune som Luster vert marknadsført som reisemål på nynorsk, men det er det ikkje. Andre stader i dei nynorske delane av landet vårt er døma mange på at reiselivet har ein hang til å marknadsføre seg på det målet dei trur kundane vil ha framfor det målet som er ein del av eigenarten til området. Me skal heller ikkje mange år attende i Sogn og Luster før det var regelen meir enn unntaket at reiselivet marknadsførte seg på bokmål.
Reisemål Sogndal og Luster har greidd å motstå det presset som me veit er der til å bruke bokmål. I staden har reisemålselskapet gått føre som eit godt døme både for reiselivet i kommunen og i reiselivssamarbeidet langs Sognefjorden i å profilere regionen på det språket som i dag er ein sjølvsagd del av identiteten til bygdene våre. Svært viktig, ikkje minst med tanke på dei unge, er det òg at nynorsken vert halden så godt i hevd i ei moderne og framtidsretta næring som reiselivet.
Luster mållag veit godt at reisemålselskapet har sitt å baske med når det gjeld målbruken i dei store nasjonale reiselivssatsingane som i aukande grad skjer gjennom tunge system på internett. Denne målprisen er fyrst og fremst ein takk for jobben de har gjort så langt, men me vonar òg de tek prisen som ei oppmuntring til å stå på vidare!
Prisen er eit foto av Nigardsbreen, teke av Frank Smedegård.
Til lukke med Målprisen 2011!
Gaupne, 11. juni 2011
Styret i Luster mållag
Oddmund L. Hoel
leiar
Stein Næss, Ann Kristin Sperle, Marit Aakre Tennø, Eldbjørg H. Fossøy
Sognefjord.no - reiselivsportalen som Reisemål Sogndal og Luster har driftsansvaret for
0 kommentar til “Målprisen 2011 til Reisemål Sogndal og Luster AS”