Språkåret 2013 er i gang, og Noregs Mållag har sett i gang Nynorskstafetten. Måndag 11. februar kjem stafetten til Luster.
Plakat for kulturkvelden (pdf)
Program:
Kl 14-17: Noregs Mållag og Luster Mållag er til stades på Pyramiden med informasjonstilfang
Kl 19.30: Årsmøte i Luster Mållag, Gaupne hotell. Vanlege årsmøtesaker
Kl 20.00: Kulturkveld, Gaupne hotell
“Språklege basketak”, språkkåseri ved Kristin Fridtun. 25-åringen frå Elverum er språkvitar, har fast språkspalte i Dag og Tid og gav i fjor ut den humoristiske språkboka «Norsk etymologisk oppkok. Du veit ikkje kva du snakkar om» (Samlaget).
Appell frå Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag.
«Dei gamle skulesongane», allsong- og forteljarstund med Malvin Moen og Indre Hafslo spelemannslag.
Enkel serveing. Alle er hjarteleg velkomne!
***
Kristin Fridtun er med på Nynorskstafetten for Norsk Målungdom, og på dagtid skal ho vitje dei to ungdomsskulane. Hege Lothe skal møte Gaupne barnehage, barnehagekonsulent Nina Hauge Sørensen og kommuneleiinga.
0 kommentar til “Nynorskstafett, kulturkveld og årsmøte 11. februar 2013”