Målprisen 2004 til Jostedalen Breførarlag

maalpris-2004.jpgGrunngjeving frå styret:

Målprisen for 2004 går til Jostedalen Breførarlag. Jostedalen Breførarlag har heilt sidan oppstarten i 1987 ikkje berre brukt nynorsk konsekvent, men òg vore oppteken av god språkføring og målodling. Dette ser ein både på nettsider, brosjyrar og skriv frå verksemda, og ikkje minst i iveren etter å finna gode norske ord for dei engelske som har så lett for å kome inn i moderne og moterett fjellsport og ekstremsport.

Nynorsken er sjølvsagt i bygdene våre, men å bruke nynorsk i reiselivsnæringa er slett ikkje sjølvsagt. I dag ser det bra ut, men ein skal ikkje mange år attende før bokmålet dominerte i reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane. Andre stader finn ein framleis døme på at reiselivsverksemder jamvel i gode nynorskområde marknadsfører seg på bokmål til den norske og skandinaviske marknaden og såleis formidlar eit skeivt bilete av den lokale kulturen.

I Sogn har Jostedalen Breførarlag vore ei av verksemdene som har gått i spissen for å styrkje nynorskbruken på området. Det er svært viktig, for det er reiselivsnæringa som er andletet vårt utetter. Fjellsport er populært i urbane krinsar, og mange av dei norske kundane til Jostedalen Breførarlag, kjem frå byar eller det såkalla sentrale Austlandet. I taulaga og på kursa deira manglar det nok ikkje på folk som på heimebane har uttrykt heller lita forståing for nynorsk og sidemål. Breførarlaget har likevel aldri falle for freistinga å tilpasse seg marknaden ved å bruke bokmål.

Me som arbeider for nynorsken er sjølvsagt svært glade for det, og i tillegg trur me dette er svært klokt reint kommersielt å stå fram som språkleg og kulturelt sjølvsikre slik Breførarlaget gjer.

I år som i fjor er prisen ein akvarell av jostedalskunstnaren Arvid Elvekrok, og det skulle høve svært godt at motivet er av Nigardsbreen.

Til lukke med målprisen 2004!

Gaupne, 5. juni 2004

For styret i Luster Mållag

Oddmund L. Hoel

leiar

0 kommentar til “Målprisen 2004 til Jostedalen Breførarlag”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar