Arne Johannessen skulle vera kjend for dei fleste, ikkje berre i Luster og Sogn, men òg på landsplan. Det er no lenge sidan hardingen kom til Luster som politibetjent og etterkvart markerte seg tydeleg både som politimann, lokalpolitikar og ikkje minst lensmann i Sogndal.
Det er likevel den høgprofilerte rolla som fagforeiningsmann i ei årrekkje som gjer at han får prisen, fyrst som forbundsleiar i Lensmannsetatens Landslag og dei siste åra i Politiets Fellesforbund. Han har markert seg som ein av Noregs dyktigaste og tydelegaste debattantar, og i den offentlege posisjonen har han konsekvent nytta nynorsk skriftleg og ein hardingfarga nynorsk munnleg. Det siste må understrekast i ei medieverd der radio og fjernsyn er så dominerande. Seinast denne veka kunne lesarane av Dagbladet og andre storaviser hyggja seg med innlegg av Johannessen, som alltid ikkje berre på nynorsk, men på god nynorsk. Eit kjennemerke ved Johannessen er nettopp den rolege og språksikre måten han ytrar seg på. For oppveksande nynorskbrukarar som i ein del samanhengar slit med å halda på målet sitt, kan det knapt overvurderast kva det har å seia at folk som Johannessen står fram som språklege førebilete i ei bokmålsdominert medieverd og i ein bokmålsdominert del av arbeidslivet.
Sidan du òg er kjend som ein ivrig friluftsmann, tykte me det høvde med eit fototrykk med motiv frå platået på Jostedalsbreen av jostedalskunstnaren Gry Celius.
Til lukke med Målprisen 2005!
Gaupne, 4. juni 2004
Styret i Luster Mållag
Oddmund L. Hoel, leiar
Stein Næss, Kjellfrid Alme, Ivar Buskaker og Hans Fossøy
0 kommentar til “Målprisen 2005 til Arne Johannessen”