Årsmelding for Luster mållag 2009–2013

Godkjend på årsmøtet 11.2.2013.

1. Årsmøtet 2009

Vart halde 21. april på rådhuset, Gaupne. Det var eit kort møte med vanlege årsmøtesaker.

Det vart ikkje halde årsmøte i laget i 2010, 2011 eller 2012.

2. Verv og representasjon
Styre i laget sidan årsmøtet 2009 har vore:
Leiar: Oddmund L. Hoel
Kasserar: Stein Næss
Skrivar: Marit Aakre Tennø
Styremedlemer: Eldbjørg H. Fossøy og Ann Kristin Sperle
Varafolk: Finn Roald Skare, Karin Gjerde og Torodd Joranger

Ettersynskvinne har vore Venke Bakken.

Valnemnd har vore Peder Kjærvik, Kåre Øvregard og Magnhild Skjerdal.

Det var e-post-/telefon-møte i styret mai/juni 2009, 2010, 2011 og 2012 (om målprisen) og eitt ordinært styremøte (13.1.2013).

Årsmøta i Sogn og Fjordane mållag:
• 6.3.2010 (Skei): Luster mållag var ikkje representert, men Marit og Oddmund vart attvalde til valnemnda, Marit som leiar.
• 5.3.2011 (Sogndal): Oddmund representerte Luster mållag. Marit og Oddmund vart attvalde til valnemnda, Marit framleis som leiar.
• 10.3.2012 (Skei): Luster mållag var ikkje representert, men Marit og Oddmund vart attvalde til valnemnda, Oddmund som leiar.

Landsmøtet i Noregs mållag:
• Oddmund representerte Luster mållag på landsmøtet 16.-18. april 2010 (Stiklestad). Han var då leiar i valnemnda i Noregs mållag.
• Luster mållag var ikkje representert på landsmøta i 2009, 2011 og 2012.
• Kontakten med landslaget har likevel vore svært god sidan Marit har arbeidd i eit engasjement på skrivarstova sidan våren 2012.

Norsk målungdom hadde sommarleiren sin i Sogndal i juli 2012. Marit laga eit opplegg for dei i Jostedalen 14. juli der Marit og Oddmund heldt føredrag.

3. Medlemstal pr 31.12.:
• 2007: 54
• 2008: 52
• 2009: 51
• 2010: 52
• 2011: 47
• 2012: 58

Det var såleis ein solid medlemsauke i 2012. Dette kjem på ingen måte av aktivitet i laget, men kan nok særleg tilskrivast vervekampanja til Oddny Miljeteig i Bergen, som på eiga hand verva over 800 (!) medlemer til Noregs Mållag som ein reaksjon på framlegget frå utdanningsministeren om å svekkje sidemålsordninga i januar/februar 2012.

4. Målprisen
Målprisen 2009: Sylfest Lomheim fekk målprisen, som vart kunngjort på Lustramarknaden 13. juni. Sylfest hadde ikkje høve til å vere til stades, så han fekk overrekt prisen på ei tilstelling på Tørvis hotell 30. juli. Pristen var ein akvarell av Arvid Elvekrok.
Målprisen 2010: Luster sparebank fekk målprisen, som vart overrekt til banksjef Oddstein Haugen på Lustramarknaden 12. juni. Prisen var som før ein akvarell av Arvid Elvekrok.
Målprisen 2011: Reisemål Sogndal Luster AS fekk målprisen, som vart overrekt til dagleg leiar Iren Vatne på Lustramarknaden 11. juni. Prisen var denne gongen eit foto av Nigardsbreen, teke av Frank Smedegård.

Målprisen vart ikkje utdelt i 2012 på grunn av at aktiviteten i laget hadde lege nede og at leiaren vart vekkreist under Lustramarknaden i juni.

Målprisutdelingane i 2009, 2010 og 2011 gav som vanleg fine oppslag i Sogn Avis og var eit flott innslag på Lustramarknaden som mange la merke til.

5. Møte med Luster sparebank
Morten Søberg, statssekretær i Finansdepartementet, var i Luster og Sogndal 10. mai 2012. Han hadde møte med leiinga i Luster sparebank, dels om finanspolitiske spørsmål, men òg om nynorsk. Søberg utfordra sparebanken til å lage ei stiltevling med nynorsk/Ivar Aasen som tema, ei utfordring banksjefen tok på strak arm. Seinare på dagen var Søberg hovudinnleiar på eit seminar om nynorsk i finansnæringa på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Luster mållag var ikkje formelt medverkande på desse tilstellingane, men det vart ei markering av laget gjennom at Oddmund var arrangør.

6. Internettsider
Laget har vore på verdsveven sidan mars 2007, på http://www.krundalen.no/lustermaallag. Her finn ein oppdatert informasjon om aktiviteten i laget, alle årsmeldingar, litt om nynorsk og dialektar i Luster, og stoff om historia til målreisinga i Luster.

 

0 kommentar til “Årsmelding for Luster mållag 2009–2013”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar