Peder Kjærvik tok imot prisen på vegne av Breheimsenteret under Lustramarknaden 14. juni. Grunngjeving frå styret i Luster mållag:
Breheimsenteret AS får målprisen for den gode og konsekvente bruken av nynorsk sidan senteret opna dørene i Jostedalen i 1993. Med «konsekvent» meiner me ikkje at Breheimsenteret berre brukar nynorsk. På ein vanleg sommardag er eit større tal tungemål i omlaup på Breheimsenteret. Turistar frå alle verds- og landsdelar og sommararbeidarar i aktivitetsverksemdene frå like mange stader, syter for eit stort språkleg mangfald. Men tekstane som rettar seg mot dei ein kan forvente at skjønar norsk, altså alle frå Norden, inkludert det sentrale Austlandet, er på nynorsk. Breheimsenteret ser aldri ut til å ha brydd seg det minste om at denne delen av marknaden er meir vant til å få ting på bokmål.
Luster er tjukkaste nynorskland, men sjølv her er det særs viktig at me har institusjonar med ei brei kontaktflate utover som tek det for gjeve at alt skal vere på nynorsk. Slik har Breheimsenteret gjennom 21 år synt for alle som skjønar norsk at nynorsken er sjølvsagt i det området av Noreg som senteret er skipa for å informere om.
I tillegg ser me at det Breheimsenteret skriv, er på solid nynorsk. Det er ikkje sjølvsagt. Ein ting er utstillingstekstar og informasjonsmateriell i store opplag som går gjennom fleire rundar med kvalitetssikring – her kan ein vente seg høg språkleg standard. Men det er mykje som skal skrivast gjennom ei veke: oppslag, meldingar, annonsar og facebookmeldingar. Her kan sjølv den beste få lyst til å ta nokre språklege innersvingar i farten, men det har Breheimsenteret aldri hatt for vane.
Kvar einaste dag sidan opninga i 1993 har Breheimsenteret fortent ein målpris, og no får de han. Og den mannen som må framhevast for å ha lagt den språklege lista høgt, er dagleg leiar gjennom dei siste 20 åra, Peder Kjærvik.
Prisen er som før eit foto frå fjellheimen vår, teke av Frank Smedegård.
Gaupne, 14. juni 2014
Styret i Luster mållag
Oddmund L. Hoel
leiar
Stein Bugge Næss, Ragnhild Ås, Ann Kristin Sperle, Eldbjørg H. Fossøy
0 kommentar til “Målprisen 2014 til Breheimsenteret”