Leiar for Norskopplæringa, Elisabeth Norman, tok imot prisen under Lustramarknaden saman med seks av kursdeltakarane frå Luster. Grunngjeving frå styret i Luster mållag:
Dette er opplæringstenesta som driv norskopplæring for vaksne innvandrarar i Luster. Det vanlege i mange nynorskkommunar har vore at dei vaksne har lært bokmål sjølv om borna deira har lært nynorsk i skulen. Dei siste åra har eit stort nasjonalt arbeid med Noregs Mållag i spissen fått mange titals nynorskkommunar til å leggja om til nynorsk. Det er rett og rimeleg og ikkje verdt ein målpris i seg sjølv, men somme kommunar har vore viktigare enn andre i denne omlegginga.
For nokre år sidan vedtok Luster kommune å leggja om til nynorsk, og den felles norskopplæringstenesta for Sogndal og Luster heiv seg rundt. På kort tid gjorde dei den store jobben som ei slik omlegging er for eit stort opplæringssenter, og det har dei gjort på ein måte som har vekt nasjonal merksemd. For eit par veker sidan vart det nye læreverket NorskPluss B2 presentert nettopp i Sogndal. Det er eit læreverk i norsk for framandspråklege på det aller høgaste nivået som lenge har mangla på nynorsk. Norskopplæringstenesta vår har vore heilt sentral i utarbeidinga av verket.
Norskopplæringstenesta har òg stilt opp for å argumentera for at vaksne innvandrarar i nynorskområdet bør få opplæring på nynorsk – eit syn som faktisk er omstridd i ein del nynorskkommunar. – Dei flytter jo sikkert til ein bokmålsby i alle høve, seier somme. Det har ikkje vore utgangspunktet for norskopplæringstenesta vår. Dei som kjem hit, skal ynskjast velkomen og lærast opp i språket som dominerer her. Fyrst og fremst er det snakk om vanleg folkeskikk, men innvandringa er òg viktig for folketalsutviklinga i heile Distrikts-Noreg som me høyrer til. Nynorsk er skriftmålet som samsvarar med den dialekten dei høyrer dagleg, og ikkje minst: Det er språket borna deira lærer på skulen og gjer leksene sine på heime, og det er det språket alle meldingar frå skule, kommune og andre offentlege etatar er skrive på.
Prisen er som før eit foto frå fjellheimen vår, teke av Frank Smedegård.
Til lukke med Målprisen 2016!
Gaupne, 11. juni 2016
Styret i Luster mållag
Oddmund L. Hoel
leiar
Stein Bugge Næss Ann Kristin Sperle Ragnhild Ås Eldbjørg H. Fossøy
0 kommentar til “Målprisen 2016 til Norskopplæringa i Sogndal”