Nytt styre i mållaget

På årsmøtet 19. april gjekk to trauste målkarar ut av styret, Hans Fossøy og Ivar Buskaker. Hans hadde då seks år bak seg i styret, Ivar fire.

Inn for dei kom to unge og trauste målkvinner,  Marit Aakre Tennø (Gaupne) og Ann Kristin Sperle (Nes). Marit er sunnmøring og utdanna filmvitar, og har mellom anna arbeidd i Noregs Mållag og Kringkastingsringen. Ho flytte til Gaupne sommaren 2006. Ann Kristin er jostedøl og lærarstudent og arbeider med stadnamnprosjektet i Jostedalen.

Dei hine i styret som var på val, tok attval. Sjå heile styrelista her.

1 kommentarer til “Nytt styre i mållaget”


  • Hobbyfilolog.

    Kan du skrive “Dei hine i styret”? Eg er ikkje sikker på om du kan skrive “Hine i styret” heller. Skal tru om ikkje det rettaste rett og slett hadde vore: “Hine tok attval”.

    Eit lettvindt alternativ er sjølvsagt å skrive “Dei andre i styret”.

Skriv en kommentar