Torodd Joranger er tildelt Målprisen for 2018. Det vart kunngjort under Lustramarknaden 9. juni. Prisvinnaren var sjølv på familietur i Oslo fekk overrekt prisen 12. juni av leiar Oddmund Hoel. Grunngjeving frå styret i Luster mållag:
Torodd Joranger har vore ein meir skrivande kar enn dei fleste heile livet. Alt i barneskuletida var han ein flittig og premiert innsendar til barnesidene i Aftenposten og Nationen. Røynsla som lokalavisjournalist tok Torodd med seg både inn i arbeidet i Luster kommune og i alt lagsarbeid han har engasjert seg i. Mange tenkjer nok særleg på arbeidet med Bjønnaposten der Torodd var den sentrale alt frå tidleg i 1970-åra, noko han fekk kommunen sin kulturpris for i 2007. Han har skrive sjølv, redigert stoff frå andre og teke seg av den grafiske utforminga. Han har også ofte vore å sjå med kameraet. I kommunen har Torodd lagt ned eit stort arbeid med informasjonsbladet Lustranytt, og som pensjonist han er framleis med på å lage Lustranytt. Han har også vore med i fleire boknemnder, og no arbeider han med ei jubileumsbok om Joranger kyrkje.
Me vil også framheve sterkt ei mindre synleg rolle Torodd Joranger har hatt. Lag og organisasjonar som har hatt bruk for hjelp til utforming av tekstar av alle slag, både språkleg og grafisk, har gjerne vendt seg til Torodd, og han seier alltid ja. Røynsla hans i å skrive og presentere stoff av mange slag har vore til glede for svært mange. Han ordlegg seg lett, på ein god og stødig nynorsk. Torodd har vore og er framleis ein svært viktig bakmann for godt språk og god nynorsk i Luster, og denne lite synlege innsatsen, oftast på dugnad, fortener han stor heider for.
Prisen er som før eit foto frå fjellheimen vår, teke av Frank Smedegård.
Til lukke med Målprisen 2018!
Gaupne, 9. juni 2018
Styret i Luster mållag
Oddmund L. Hoel, leiar
Stein Bugge Næss Ann Kristin Sperle Ragnhild Ås Eldbjørg H. Fossøy
0 kommentar til “Målprisen 2018 til Torodd Joranger”