Ove Eide om Jakob Sande på årsmøtet 19. april

- Det meste av det eg har skrive er alvorlege ting, sa Jakob Sande mot slutten av livet. Sande-biografen Ove Eide tok føre seg den alvorlege Sande i eit føredrag som gong etter gong kalla fram latteren i den lydhøyre møtelyden.

[mygal=2007_aarsmote]

Eide meinte Sande opp gjennom åra var sett i altfor tronge rammer, som ’sunnfjorddiktar’, ’humorist’ og ’visediktar’. Den folkekjære diktaren har såleis ikkje vore heilt stoverein i den litterære eliten. Eide var i føredraget oppteken av å plassere Sande i dei mindre kjende rammene, og særleg la han vekt på Sande som opprørsdiktar. Eide siterte Olav H. Hauge, som har sagt at Sande psykologiserer og moraliserer ikkje, men syner fram uretten og let lesaren tenkje sjølv. Ikkje minst i 1930-åra stod dette i skarp kontrast til moralismen som ofte prega den politiske radikalismen. – Sande ber og bannar samstundes. Mange vil ha han på formel, men han er samansett, sa Eide. Radikalismen i diktinga sette Eide i samanheng med eit radikalt politisk miljø i Fjaler heilt frå 1860-/70-åra.

Eide la òg vekt på at Sande stod for ein sunnfjordsk og vestlandsk forteljekunst som ofte vart mistydd i hovudstadskrinsar. – Ein sein nattetime i eit lystig lag i Fredrikstad fortalde Sande at han var vestlandsmeister i boksing. Opplysninga verserer stadig i artiklar om Sande, men er sjølvsagt berre tull, sa Eide. – Overdrivingane og røvarhistoriene som Sande serverte om seg sjølv, har av mange vorte tolka som eit personleg karaktertrekk. Men dei er mest av alt uttrykk for den forteljetradisjonen Sande voks opp i, og som han ikkje minst lærte av tenestjenta Olina Kittang frå Florø og taterfamilien i Dale, sa Eide.

På spørsmål sa Eide likevel at synet på Sande er i ferd med å endre seg. Som døme nemnde han ”Den store lyrikkboken” av Ivar Havnevik, ei bok svært mange norskstudentar har vore borti. I siste utgåva er Sande teken inn i varmen. Eide jamførte Sande med Alf Prøysen, som òg lenge gjekk under den nedlatande nemningar som ’visediktar’.

Sande-biografien til Ove Eide kom til 100-årsjubileet for Sande i fjor og vart den mestseljande norske biografien i 2006.

Etter føredraget til Ove Eide stilte Arve Bjørn Røneid med eit større utval instrument. Møtelyden song Sande-visene “Kleppe-Maret” og “Morgon på Kobbeskjeret” til trekkspelkomp, og Arve spela ein slått på toradaren og ein på “minispelet” sitt.

0 kommentar til “Ove Eide om Jakob Sande på årsmøtet 19. april”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar