Målprisen 2019 til Jostedal Hotell

Jostedal Hotell er tildelt Målprisen for 2018. Det vart kunngjort under Lustramarknaden 15. juni, og prisen vart overrekt til Laila Gjerde på Jostedal hotell 28. juni.

Jostedal Hotell, og Solvang Kafé og Pensjonat som namnet var før, kunne ha fått ein målpris kvar dag det har vore drift der, men det skulle gå 68 år før det skjedde. I 1976 tok Laila Gjerde over, utvida i fleire omgangar og oppgraderte til hotellstandard for snart 20 år sidan, men den språklege standarden har alltid lege fast. Gjester frå alle delar av Noreg, Norden og andre verdshjørne møter ein stødig og konsekvent bruk av nynorsk og eit like stødig jostedalsmål bak disken. Det kan knapt tenkjast ein betre ambassadør for nynorsk og dialekt enn den lystige og venlege Laila.

Jostedal Hotell og Laila har både vorte Årets bedrift og fått Bygdeutviklingsprisen til fylket, som speglar to viktige ting: Det er både eit solid forretningstiltak og ein særs viktig institusjon for bygda, som held heilårsope og er bygdefolket sin faste møteplass. Me kan lett rekne det som sjølvsagt at eit familieeigd bygdehotell nyttar nynorsk, men då undervurderer me kva det har å seie. Verksemder som brukar nynorsk som noko heilt sjølvsagt, utan å gjere noko nummer av det, viser både gjestane og ikkje minst alle som bur og veks opp her at det er det samfunnsberande språket. Det er gull verdt for eit språk som dominerer lokalt, men som nasjonalt må kjempe for status og livsrom.

Prisen er som før eit foto frå fjellheimen vår, teke av Frank Smedegård.

Til lukke med Målprisen 2019!

Gaupne, 15. juni 2019

Styret i Luster mållag

Oddmund L. Hoel, leiar

Stein Bugge Næss   Ann Kristin Sperle    Ragnhild Ås    Eldbjørg H. Fossøy

0 kommentar til “Målprisen 2019 til Jostedal Hotell”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar