Det har vore landsmøte i Noregs Mållag på Hell ved Trondheim, denne gongen utan utsendingar frå Luster mållag. Men me var godt representerte bak kulissane – Marit var der og arbeidde for skrivarstova under landsmøtet.
NM har elles fått eit meir spanande styre enn på lange tider. Etter ein del ordskifte i media føreåt kom Frp-ordføraren i Austevoll, Helge-André Njaastad, inn i styret. Det gjorde òg Jon Todal, busett i Kautokeino og ekspert på samisk språk, og Reza Rezaee frå Oslo, tidlegare bystyrerepresentant og tidlegare internasjonal leiar i SV. Hege Myklebust held fram som leiar.
0 kommentar til “Landsmøte”