Målprisen 2008 til Yngvar Andersen

Les òg: Yngvar Andersen fekk overlevert målprisen

Grunngjeving frå styret:

Yngvar Andersen (foto: www.mykjemeir.no)Yngvar Andersen er med sine 32 år den yngste målprisvinnaren så langt. Han er oppvaksen i Fortun og bur og arbeider no i Oslo. Mange hugsar nok Yngvar som eit av dei mest lovande friidrettstalenta som Luster har fostra. Det er også treninga han har gjort til levebrød etter trenarutdanninga på Noregs idrettshøgskole. Dei siste månadene har mange vorte kjende med Yngvar som trenar på programmet Puls på NRK1 der han har fått nasjonen med på friske treningsøkter på eit like friskt lustramål.

Utslagsgjevande for at Yngvar får prisen er likevel treningsfirmaet han skipa hausten 2005 og er medeigar i. Treningsstudioet ligg på Lysaker brygge, og her arbeider Yngvar som personleg trenar. Firmanamnet er verdt ein pris i seg sjølv – det heiter Mykjemeir AS, og på beste vest profilerer dei seg på god nynorsk. Det einaste me i farten fann berre på bokmål på nettsida var prisane, og det gler Luster mållag stort at folk i Oslo og Bærum her er med på å finansiera både eit godt måltiltak og ei særs vellukka bedrift. Det vekte òg stor sympati hjå oss at me hjå Mykjemeir endeleg fann ein nettstad der førehandsvalet var nynorsk og ein aktivt måtte å klikka seg inn på bokmålsversjonen om ein heller ville ha det. Her har alle tospråklege offentlege nettstader noko å læra!

Det er ei stor utfordring for det nynorske skriftmålet at dei som har nynorskbakgrunn går over til bokmål når dei slår seg ned i bokmålskommunar, særleg i næringslivet. Då er det utruleg viktig at me har gode føredøme som Yngvar, som viser at det ikkje berre er fullt mogleg, men òg kan gje god og positiv profilering å halda på nynorsken. At han dessutan gjer det på eit så ’trendy’ og utradisjonelt felt, er endå betre. Mange tenkjer nok på nynorsken som sidrumpa. Det er ikkje eit syn Luster mållag deler, men me konstaterer likevel med glede at Yngvar og Mykjemeir står for det stikk motsette.

Målprisen er som vanleg ein akvarell av Arvid Elvekrok.

Til lukke med Målprisen 2008!

Gaupne, 7. juni 2008

Styret i Luster Mållag

Oddmund L. Hoel
leiar

Stein Næss, Kjellfrid Alme, Marit Aakre Tennø, Eldbjørg H. Fossøy

*************

Yngvar Andersen gifter seg i Oslo i dag og kunne såleis ikkje vera til stades under prisutdelinga. Han vil få prisen overrekt ved eit seinare høve.

0 kommentar til “Målprisen 2008 til Yngvar Andersen”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar