Referat frå skipingsmøtet 13. desember 2000

Møtet var på biblioteket på Pyramiden i Gaupne klokka 1900.

Til stades var: Peder Kjærvik, Hans Fossøy, Oddmund Hoel, Stein Næss, Kjellfrid Alme, Odd Bukve, Steinar Bruheim og Eli Bjørhusdal. Dei fem siste hadde på førehand sagt seg viljuge til å sitje i eit interimstyre.

1.  Skiping av Luster Mållag. Lover.

Luster Mållag vart skipa med utgangspunkt i standardlovene til Noregs Mållag (vedlagde). Eventuelle endringar i desse vedtektene kan førebuast fram til årsmøtet og vedtakast der.

2.  Kva skal Luster Mållag gjere?

Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, heldt ei stutt innleiing om stoda for nynorsken og kva oppgåver mållag i nynorske kjerneområde ofte konsentrerer seg om. Det vart deretter eit lausleg ordskifte om emne og saker som Luster Mållag kan ta tak i.

Bank og handelsnæring: Kjedemakta rår. Dermed er mange forretningar og verksemder i Luster oslostyrte, òg språkleg. Reklamemateriell og bankdatatenestene er soleis i stor grad på bokmål. Konkrete idear:

·         I samarbeid med andre mållag i Sogn: Få det lokale næringslivet Luster til å leggje press på kjedene sine for å få meir standardmateriell på nynorsk.

Reiseliv: Reiselivsnæringa i Luster driv mest unnatakslaust på nynorsk. Konkrete idear:

·         Få alle reiselivsverksemdene i kommunen til å melde seg inn i Luster Mållag for at dei skal forplikte seg til å nytte nynorsk.

Skule og barnehage: Det er viktig å engasjere dei yngste og å skape medvit og haldningar hjå skuleelevar. Læremiddelsituasjonen i skulane er framleis ikkje optimal. Serleg vart problemet med skikkelege ordbøker nemnt. I barnehagane vert det nytta mykje bøker og songar på bokmål. Dialektarbeid er òg viktig mellom born og ungdom. Konkrete idear:

·         Gje bøker til alle barnehagane i Luster, til dømes 10 bøker – eller få banken eller bedrifter til å gjere det.

·         Barnebokkronerulling mellom bedriftene.

·         Få næringslivet til å gje medlemsskap i Nynorsk barnebokklubb til alle ungane i kommunen.

·         Stiltevling for skuleelevar som kan munne ut i ein antologi med tekstar av born og unge.

·         Få kommunen til å leggje press på departement og Læringssenteret for å betre læremiddelsituasjonen

Kyrkje: Kyrkjelydsbladet Kyrkje og heimbygd har ein del stoff på bokmål, truleg av di det er saksa frå andre kyrkjelydsblad eller henta frå sentralt hald. Konkrete idear:

·         Ta saka opp med kyrkja i Luster

Ålmenne mål- og kulturspørsmål: Det er mykje dårleg språk ute og går. Luster Mållag bør presentere seg som språkleg krisesenter for dei som treng hjelp til skriving, formulering, korrektur og omsetjing. Det vart hevda at Sogn Avis er ein nærliggjande klient, sameleis NRK. Konkrete idear:

·         Marknadsføre Luster Mållag som kompetansesentral til næringslivet i kommunen.

Årsmøtet: Tidspunktet kan kanskje vere 16. februar. Det er ingenting i vegen for å ha det utanfor sentrum (Gaupne), det vil seie i Høyheimsviki eller i Jostedalen. Me må vurdere å be inn andre mållag i Sogn. Det var semje om at årsmøtet òg bør vere ei kulturell hending. Konkrete idear:

·         Lars Stølen er sjølvsagd

·         Kulturkrefter frå Sogn som Billa&the Kid, Odd Njøs…

·         Herborg Kråkevik (!!!)

·         Born og unge (skuleelevar) som tilskotsytarar, både for å engasjere dei og for å dra slekta deira. Aktuelt er musikk, diktlesing…

Verving: I fyrste omgang vervar me der me er, i grenda/bygda vår og på arbeidsplassen. Det vart halde fram at det er litt vanskeleg å verve når me ikkje endå har gjort noko serleg. Etterkvart må vervinga verte noko meir målretta, der me spør: Kven bør absolutt melde seg inn i Luster Mållag? I tillegg freistar Eli å verve på kommunestyremøtet som skal haldast i Jostedalen før jul. Dette må òg utnyttast til å få blest i Sogn Avis.

3.  Val av interimstyre

Me sette ned eit interimstyre som skal fungere fram til årsmøtet. Eli Bjørhusdal er leiar, Stein Næss økonomiansvarleg og Steinar Bruheim skrivar. Andre styremedlemer er Odd Bukve og Kjellfrid Alme.

Neste styremøte: onsdag 17. januar, same tid, same stad.

Møtet var ferdig om lag klokka 21.15.

referent: Eli Bjørhusdal

0 kommentar til “Referat frå skipingsmøtet 13. desember 2000”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar