Årsmelding 2007-08 for Luster mållag

Godkjend på årsmøtet 15. juni 2008.

1. Årsmøtet 2007
Vart halde 19. april på Pyramiden senterkafé, Gaupne. Etter eit kort formelt årsmøte med vanlege årsmøtesaker, heldt Ove Eide eit føredrag om Jakob Sande, som han gav ut biografi om i 2006. Arve Bjørn Røneid underheldt deretter med torader og ’minispel’ og spela trekkspel til Jakob Sande-allsong. Møtet fekk eit fint oppslag i Sogn Avis.

2. Verv og representasjon
Styre i laget 2007-08 var:
   Leiar: Oddmund L. Hoel
   Kasserar: Stein Næss
   Skrivar: Marit Aakre Tennø
   Styremedlemer: Kjellfrid Alme og Eldbjørg H. Fossøy
   Varafolk: Ann Kristin Sperle, Karin Gjerde og Anna Brendstuen
Styret har hatt tre møte i perioden.
Ettersynskvinne har vore Venke Bakken.
Valnemnd har vore Peder Kjærvik, Kåre Øvregard og Magnhild Skjerdal.
Landsmøtet i Noregs Mållag april 2007: Luster mållag var ikkje representert med nokon utsending, men Marit Tennø var til stades på møtet og arbeidde for skrivarstova.
Landsmøtet i Noregs Mållag 25.-27. april 2008 (Stavanger): Luster mållag var representert ved Eli Bjørhusdal. Marit Tennø var utsending for Sogn og Fjordane mållag.
Årsmøtet i Sogn og Fjordane mållag 8. mars 2008: Luster mållag var representert ved Eli Bjørhusdal. Marit Tennø var til stades som skrivar i fylkesstyret.

3. Medlemstal
Målet har vore å stabilisere medlemstalet på 50-60. Ved utgangen av 2007 hadde Luster mållag 54 betalande medlemer, mot 52 i 2006 og 57 i 2005.

4. Målprisen
Målprisen har vorte eit innarbeidd kulturtiltak i Luster og er det mest synlege mållaget gjer. Utdelinga skjer på Lustramarknaden tidleg i juni. To målprisutdelingar har falle innanfor arbeidsåret, og prisen har båe år vore ein akvarell av Arvid Elvekrok:
• 2007, 9. juni: Kåre Øvregard fekk prisen for eit stort arbeid for målsaka gjennom fleire tiår. Alt i 1953 var han med på å skipa opp att Jostedal mållag, og som stortingsrepresentant 1977-89 var han ei fast støtte for målrørsla og nynorsken. Utslagsgjevande for pristildelinga var likevel forfattarskapen hans dei siste 15 åra der han både har skrive om målsoga til Luster og ikkje minst skrive på eit godt og dialektfarga nynorsk, til glede for breie lokale lesargrupper.
• 2008, 7. juni: Yngvar Andersen (32) frå Fortun fekk prisen for profilering av lustramålet og nynorsken på eit utradisjonelt felt og i eit utprega bokmålsområde. Ved tildelinga vart det særleg lagt vekt på kva det har å seia for ungdom frå nynorskområde å ha slike gode førebilete. Andersen er utdanna trenar og står bak treningsstudioet Mykjemeir AS på Lysaker brygge i Oslo der han er personleg trenar. Vineren og våren 2007 vart han landskjend som trenar på Puls, NRK1. Her nytta han eit friskt lustramål, og Mykjemeir har nytta nynorsk i marknadsføringa.

5. Sjur Fuhr – bokutgjeving og 90-årsfest
Luster mållag hjelpte vinteren 2008 til med utgjevinga av boka Siste dag på kontoret av Sjur H. Fuhr – rimsmed og kronisk snøyrefant. Dette er ei samling med dei lune, gjennomtenkte og humoristiske dikta som Sjur gjennom fleire tiår har gledd mange med i skriftlege og munnlege samanhengar. Sonedottera Martha med gode hjelparar skreiv inn stoffet på data. Stein Næss redigerte boka og ordna med produksjonen, og skreiv eit etterord om mennesket og diktaren Sjur H. Fuhr. Luster sparebank, Luster kommune og Luster energiverk støtta utgjevinga økonomisk gjennom å førehandstinga ein del eksemplar. Boka vart prenta i 700 eksemplar, og økonomisk har Luster mållag alt gått i balanse på prosjektet. Sjur feira 90-årsdagen sin 19. mars med ope hus på Løa til Stein og fekk mange varme helsingar. I staden for gåver bad han om at folk gav ein sum til Luster mållag. Me er svært takksame både for dette og at Sjur let oss få den gleda det har vore å gje ut denne boka.

6. Lars Stølen er død
Lars Stølen, gjekk bort 17. mai 2008, 84 år gamal. Det var han som frå Oslo hausten 1999 tok initiativet til Luster mållag og la grunnlaget for lagsskipinga hausten 2000. Han deltok på fleire møte i laget og har gjeve oss fleire gåver – den finaste er eit utskore trog som er utstilt på Luster bibliotek. Leiaren skreiv eit minneord på vegner av laget som stod i Aftenposten og Sogn Avis 31. mai.

7. Dialektforskar i Gaupne
Dialektforskaren Øystein Alexander Vangsnes i Tromsø (frå Leikanger) er leiar for eit stort nordisk forskingsprosjekt om dialektsyntaks. Eitt av mange ’målepunkt’ er Gaupne, og Luster mållag hjelpte han med å finna dei fire informantane han trong. Feltarbeidet (spørjeskjema, lyd- og videoopptak) vart gjort 19. desember 2007. Øystein fekk store medieoppslag både i Sogn Avis og NRK Sogn og Fjordane, og dette utløyste ein frisk avisdebatt om dialektendringar. Han har lova å koma til Luster mållag for å presentera resultata.

8. Internettsider
Laget har vore på verdsveven sidan mars 2007, på http://www.krundalen.no/lustermaallag. Her finn ein oppdatert informasjon om aktiviteten i laget, alle årsmeldingar, litt om nynorsk og dialektar i Luster, og stoff om historia til målreisinga i Luster.

0 kommentar til “Årsmelding 2007-08 for Luster mållag”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar