Årsmelding for Luster mållag 2008–09

Godkjend på årsmøtet 21.4.2009.

1. Årsmøtet 2008
Vart halde 15. juni på rådhuset, Gaupne. Det var eit kort møte med vanlege årsmøtesaker.

2. Verv og representasjon
Styre i laget 2008-09 var:
Leiar: Oddmund L. Hoel
Kasserar: Stein Næss
Skrivar: Marit Aakre Tennø
Styremedlemer: Eldbjørg H. Fossøy og Ann Kristin Sperle
Varafolk: Finn Roald Skare, Karin Gjerde og Anna Brendstuen
Ettersynskvinne har vore Venke Bakken.
Valnemnd har vore Peder Kjærvik, Kåre Øvregard og Magnhild Skjerdal.
Årsmøtet i Sogn og Fjordane mållag 21. mars 2009: Luster mållag var representert ved Oddmund Hoel, som òg sit i valnemnda i fylkesmållaget. Marit Tennø var til stades som avtroppande skrivar i fylkesstyret.

3. Medlemstal
Målet har vore å stabilisere medlemstalet på 50-60. Ved utgangen av 2008 hadde Luster mållag 52 betalande medlemer, mot 54 i 2007 og 52 i 2006.

4. Målprisen
Utdelinga av målprisen 2008 (7. juni) til Yngvar Andersen fall innanfor førre årsmeldingsperiode. Yngvar kunne ikkje vera til stades på Lustramarknaden og ta imot prisen, så leiaren overrekte akvarellen av Arvid Elvekrok til vinnaren 16. juli. Sogn Avis var til stades og laga eit flott tosiders oppslag om hendinga og prisvinnaren.

5. ”Identitetsutvalet” i Luster kommune
Eit mellombels politikarutval i kommunen la fram rapporten ”Lustraidentitet” 28.1.2009. Det har vore uformell kontakt med utvalsleiaren under arbeidet. Det vart ikkje formulert noko framlegg til rapporten frå Luster mållag si side, men det som stod i den endelege rapporten var bra. Utvalet slår fast: 

“Språk  er  eit  viktig  verktøy  for  å  skape  lokal  identitet.  I  Luster  står  nynorsken  sterkt.  Det  er  ikkje berre  tale  om  eit  skriftspråk,  men  òg  om  ei  tilnærming,  ei  felles  forståing  av  røynsler  og  kvardagsliv som  kjenneteiknar  dei  som  nyttar  dette  språket.  Nynorsk  er  kjempa  fram  som  ein  mot?kultur,  som ein  opposisjon  til  sentralmakt  og  som  eit  forsvar  for  rett  til  lokalt  sjølvstyre.   Denne  motkulturen  har òg  hatt  avholdsrørsle  og  kristne  rørsler  som  sentrale  element.  Spora  etter  denne  motkulturen  kan  ein finne  att  i  Luster  kommune  si  historie.”

Det blir gjort framlegg om å styrkje formidlinga av lokalhistorisk litteratur i skulen, mellom anna av omsyn til nynorsken. Kommunestyret vedtok rapporten 5.2.09 og bad om at dei einskilde tiltaka i rapporten blir innarbeidde ”i det ordinære plan- og budsjettarbeidet”. Mållaget bør halde eit auge på dette.

6. Internettsider
Laget har vore på verdsveven sidan mars 2007, på http://www.krundalen.no/lustermaallag. Her finn ein oppdatert informasjon om aktiviteten i laget, alle årsmeldingar, litt om nynorsk og dialektar i Luster, og stoff om historia til målreisinga i Luster.

0 kommentar til “Årsmelding for Luster mållag 2008–09”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar