Årsmelding 2001 for Luster mållag

Godkjend på årsmøtet 10.3.2002.

1. Skiping 2000
Luster mållag vart skipa 13. desember 2000 i Gaupne. Eit interimstyre på fem vart valt: Odd Bukve, Kjellfrid Alme, Stein Næss, Steinar Bruheim og Eli Bjørhusdal. Interimstyret hadde eitt møte før årsmøtet.

2. Årsmøtet 2001
Årsmøtet vart halde 16. februar på Solvang kafé i Jostedalen med 18 frammøtte. Etterpå var det kulturkveld med kåsør og folkeopplysar Lars Stølen. Han spanderte òg rømmegraut og spekemat på dei vel 30 frammøtte.
3. Verv og representasjon
Styre i laget har vore:
Leiar: Eli Bjørhusdal
Kasserar: Stein Næss
Skrivar: Steinar Bruheim
Styremedlemer: Kjellfrid Alme og Odd Bukve
Varafolk: Hans Fossøy og Leon Lunde
Styret har hatt seks møte i perioden, alle på biblioteket i Gaupne.
Ettersynskvinne har vore Venke Bakken.
Valnemnd har vore Peder Kjærvik og Kåre Øvregard.
På landsmøtet til Noregs Mållag på Bryne i juli var laget representert av Eli Bjørhusdal.
Laget var ikkje representert på årsmøtet i Sogn og Fjordane mållag.
4. Medlemstal
Målet i arbeidsplanen var 50 medlemer i 2001. Ved utgangen av året hadde Luster mållag 56 medlemer.

Tiltak i 2001:
·         Opptrykking av vervegiroar spesielt for Luster mållag.
·         Utdeling av giroar på dei fleste skulane i kommunen.
·         Utdeling av giroar på alle kontor på Rådhuset.
·         Brev med vervegiro til alle verksemder i kommunen.
·         Verveaksjon i samband med kommunestyremøte i desember 2000.
·         Vervestand på Lustramarknaden.

Styret har sendt ut to medlemsbrev i perioden, eitt i sommar og eitt seinhaustes.

5. Arbeid med skule og barnehage
Måla i arbeidsplanen var
a) å setje fokus på barnehagen som kanskje viktigaste staden for språk- og kulturinnlæring ved å til dømes gje bokgåver til barnehagane i kommunen og å skipe til ‘kulturbarnehagekurs’ for førskuletilsette. 
b) å setje fokus på den skrantande læremiddelsituasjonen i grunnskulen, særleg når det gjeld data. Få kommunen til å engasjere seg i læremiddelsaka eller engasjere elevane sjølve. Nemnt var òg stiltevling (med mål om elevantologi) eller dialektprosjektopplegg i ungdomsskulen.

Tiltak i 2001:
·         Møte med barnehagestyrarane i kommunen i mai. Alle barnehagane fekk bøker. Her vart òg ideen om ‘kulturbarnehagekurs’ i regi av Noregs Mållag sentralt drøfta.
·         Kulturbarnehagekurs for alle barnehagetilsette i kommunen på Hafslo i oktober. Kurset vart organisert av Luster mållag og finansiert av Luster kommune. Ingeborg Mjør, Stavanger, og Judit Vestreim, Kaupanger, var kurshaldarar.
·         Brosjyrar om Nynorsk barnebokklubb har vore delt ut på tilskipingane til Luster mållag.
·         Oppslag i Sogn Avis saman med Elevorganisasjonen og Sogndal mållag om vantande datalæremiddel.
·         Lesarbrev i Sogn Avis der kommunane vert bedne om å ta ansvar for at elevane får læremiddel på eige mål.

6. Reiseliv og anna næringsliv
Måla i arbeidsplanen var
a) å setje fokus på nynorsk som salsfremjande identitetsmerke for Luster som reisemål, ved å verve reiselivsbedriftene i kommunen til mållaget og å gje ei utmerking til dei verksemdene som nyttar nynorsk.
b) fylgje opp målbruken til næringslivet i Luster, ved å varsle verksemdene om eksistensen vår og å gje dei høve til å få språkhjelp frå mållaget.

Tiltak i 2001:
·         Alle verksemdene i Luster fekk  brev frå mållaget med argumentasjon for kvifor det er viktig å nytte nynorsk, med råd om gode språkverkty og med tilbod om gratis språkhjelp frå mållaget. Det har ikkje akkurat vore stor pågang frå bedrifter som vil ha hjelp og råd, men me fekk 9 verksemdsmedlemer.
·         Brevet vart òg sendt som lesarbrev til Sogn Avis.
·         Det er ikkje gjort noko særskilt med reiselivsverksemdene, men mange av bedriftsmedlemene er frå denne bransjen.

7. Ålment kulturarbeid
Målet i arbeidsplanen var å halde minst ein kulturkveld eller eit ope møte i samband med 150-årsjubileumet til Arne Garborg, gjerne i samarbeid med andre friviljuge eller offentlege instansar.
Tiltak i 2001:
·         I samarbeid med Luster folkebibliotek skipa mållaget Garborg-kveld på Pyramiden senterkafé i Gaupne sist i oktober. Siri Garborg Talle fortalde om grandonkelen sin Arne Garborg og syskena hans. Johs B. Thue kåserte om den samfunnsaktuelle Garborg. Det var enkel servering. Over 80 møtte fram, så det vart svært trongt om plassen.
8. Blest
Sidan laget er heilt nytt, var det å markere seg i media eit klårt mål i arbeidsplanen.
Tiltak i 2001:
·         To lesarbrev i Sogn Avis, om datalæremiddel og om nynorsk i næringslivet.
·         To pressemeldingar i SA, om årsmøtet 2001 og om Garborg-kvelden.
·         Tre store redaksjonelle oppslag i SA, om barnehagesatsinga, om datalæremiddel og om det konkrete kulturbarnehagekurset på Hafslo.
·         Intervju på NRK Sogn og Fjordane om kulturbarnehagekurset.
9. Samla vurdering av arbeidsåret
Luster mållag har fått ein god start på arbeidet. Det kanskje mest positive er medlemstalsutviklinga. Folk har meldt seg inn jamt og trutt, og mange signaliserer at mållaget er eit naudsynt tilskot til organisasjonsfloraen i Luster. I årsmeldinga til Noregs Mållag for 2001-2002 vert Luster mållag drege fram som laget med størst medlemsauke.

Den mest vellukka tilskipinga var nok Garborg-kvelden i oktober. Det er tydeleg at mange saknar denne typen kulturarrangement i Gaupne. Luster mållag dekkjer eit stort område med mange bygder og grender, men styret har kome til at det er rett å leggje dei største tilskipingane til kommunesenteret.

Styret har fungert godt og har lagt opp til ein jamn aktivitet med småe og litt større tiltak spreidde over heile arbeidsåret. Men den fyrste tida til laget vil nok bere preg av ei viss utprøving i arbeidsmåtar og saker. I tillegg set òg økonomien grenser for arbeidet.

0 kommentar til “Årsmelding 2001 for Luster mållag”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar