Årsmelding 2002 for Luster mållag

Godkjend på årsmøtet 2.2.2003.

1. Årsmøtet 2002
Årsmøtet vart halde 10. mars på Gaupne skule med 12 frammøtte. Det var vanlege årsmøtesaker og innleiing om den målpolitiske stoda ved Oddmund L. Hoel, leiar i Noregs Mållag. Etterpå var det kulturprogram om Elias Blix. Geir Paulsen, prest i Luster, kåserte og Kåre Alme og Samuel Lomheim gledde oss med Blix-songar.

2. Verv og representasjon
Styre i laget har vore:
Leiar: Eli Bjørhusdal
Kasserar: Stein Næss
Skrivar: Kjellfrid Alme
Styremedlemer: Steinar Bruheim og Hans Fossøy
Varafolk: Karin Vikane, Eli Johanne Ormberg og Oddlaug Molland
Styret har hatt tre møte i perioden.
Ettersynskvinne har vore Venke Bakken.
Valnemnd har vore Peder Kjærvik, Kåre Øvregard og Magnhild Skjerdal.
På landsmøtet til Noregs Mållag i Oslo i april var laget representert av Lars Stølen og Eli Bjørhusdal.
På årsmøtet til Sogn og Fjordane Mållag var laget representert av Eli Bjørhusdal.

3. Medlemstal
Målet i arbeidsplanen var å stabilisere medlemstalet på 50-60 medlemer. Ved utgangen av 2002 hadde Luster mållag 52 medlemer, mot 56 året før.

Tiltak i 2002: 
*  Opptrykking av vervegiroar spesielt for Luster mållag.
Vervestand på Lustramarknaden

Styret har sendt ut eitt medlemsbrev i perioden.

4. Arbeid med skule og barnehage
Målet i arbeidsplanen var å fokusere på skule og barnehage som viktigaste staden for språklæring. Her har me vore for slappe.

5. Arbeid med næringslivet
Målet i arbeidsplanen var å fylgje opp målbruken til næringslivet i Luster.

Tiltak i 2002:
Målprisen 2002 til ei verksemd – Pyramiden senterkafé. 
*  Lesarbrev i Sogn Avis om bokmålsbruken til Turtagrø. (No nyttar Turtagrø nynorsk, iallfall lokalt.)

6. Ålment kulturarbeid
Målet i arbeidsplanen var å syne fram mållaget som både eit målpolitisk og meir ålmennkulturelt lag.

Tiltak 2002:
Elias Blix-program etter årsmøtet
Utdeling av målprisen på Lustramarknaden
Sal av bøker for Nynorsk Antikvariat på Lustramarknaden

7. Blest
Målet i arbeidsplanen var å halde fram eit relativt godt blestarbeid frå 2001.

Tiltak i 2002:
Eit lesarbrev i Sogn Avis.
Ei pressemelding i SA, om årsmøtet 2002.
Eit redaksjonelt oppslag i SA, om målprisen.
Eit oppslag i Lustranytt, om målprisen.
Intervju på nærradioen om mållaget og målarbeid.

8. Samla vurdering av arbeidsåret
Aktiviteten har gått ned sidan 2001. Me har likevel hatt ein jamn aktivitet med eit par større hendingar. Kulturkvelden etter årsmøtet 2002 var vellukka innhaldsmessig – diverre kom det altfor lite folk. Men med målprisen fekk me verkeleg markert oss på Lustramarknaden og i lokalmedia etterpå. Blestarbeidet har likevel vore for slapt, noko som burde vere greitt å rette på.

Styret har fungert godt, men talet på møte har gått ned. Økonomien set framleis grenser for arbeidet, sjølv om det ikkje er pengeskort som har ført til mindre aktivitet i år. Me har elles arbeidd lite med verving dette året, så me får seie oss etter måten nøgde med medlemstalet. Me har ein del å gå på når det gjeld offensivt målarbeid, men alt i alt held Luster mållag hovudet over vatnet og vel så det.

0 kommentar til “Årsmelding 2002 for Luster mållag”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar