Årsmelding 2003 for Luster mållag

Godkjend på årsmøtet 24.2.2004.

1. Årsmøtet 2003
Årsmøtet vart halde 2. februar i Jostedal samfunnshus med ca 40 frammøtte. Etter eit kort formelt årsmøte med vanlege årsmøtesaker, var det kulturprogram om ”Naturen er kulturens heim” i høve det internasjonale fjellåret. Stein Næss viste ljosbilete frå fjellturar i Luster, Johan Solheim las dikt, Steinar Bruheim kåserte om fjellsport på norsk, og felesmåjentene frå Jostedalen spela.

2. Verv og representasjon
Styre i laget 2003-2004 har vore:
Leiar: Oddmund L. Hoel
Kasserar: Stein Næss
Skrivar: Kjellfrid Alme
Styremedlemer: Hans Fossøy og Ivar Buskaker
Varafolk: Eldbjørg Hunshammar Fosøy, Eli Johanne Ormberg og Oddlaug Molland
Styret har hatt fire møte i perioden.
Ettersynskvinne har vore Venke Bakken.
Valnemnd har vore Peder Kjærvik, Kåre Øvregard og Magnhild Skjerdal.
På landsmøtet til Noregs Mållag i Grimstad i april var laget representert av Oddmund L. Hoel.
På årsmøtet til Sogn og Fjordane Mållag i mars var laget representert av Oddmund L. Hoel og Oddlaug Molland.

3. Medlemstal
Målet har vore å stabilisere medlemstalet på 50-60. Ved utgangen av 2003 hadde Luster mållag 57 betalande medlemer, mot 52 i 2002 og 56 i 2001.

Tiltak i 2003: 
* Verveframstøyt spesielt retta mot det nye kommunestyret. 14 representantar er no medlemer, så me manglar berre éin på å ha reint fleirtal.
* Laget fekk nokre nye medlemer på tilstellingane, særleg Sivle-kvelden.

4. Målprisen
Laget delte ut Målprisen for andre gong under Lustramarknaden i juni. Denne gongen gjekk prisen til Fjordglas AS ved dagleg leiar Robert Veum for god og konsekvent nynorsk målbruk i marknadsføringa. Som året før var prisen ein akvarell av jostedalskunstnaren Arvid Elvekrok. Målprisen er ein fin og positiv måte for laget å markere målsaka på.

5. Arbeid med skule og barnehage
Leiaren hadde møte med rektorane for alle skulane i kommunen 27. mars. Frå mållaget vart det særleg informert om arbeidet til Noregs Mållag, medan rektorane gav ei orientering om stoda i skulane med særleg vekt på problema. På ein del felt er det framleis mangel på nynorske læremiddel, særleg digitale, og dårleg språk i lærebøker og aviser vart teke opp som eit problem. Alt i alt må ein seie det står bra til med nynorsken i lustraskulane, men ein kan vurdere å få i stand eit nynorskkurs for lærarar som er ustøe.

6. Sivle-kveld
Den 30. april heldt laget Sivle-kveld i banksalen. Jens Brekke fortalde om Sivle og Sivle-laget, Lars Stølen framførte vossastubbar og Fraas-systrene song. Kvelden vart ein stor suksess med godt program og oppunder 90 frammøtte.

7. Hans Vigdal-jubileum
På Sagavollen (Vigdalsstølen) vart det sundag 31. august markert at det var hundre år sidan Hans Vigdal døydde. Det var kåseri om Vigdal ved Kåre Øvregard, omvising ved Hans Fossøy, song ved Asbjørg Ormber, allsong og rømmegraut og spekemat. Luster Turlag var hovudarrangør og tok seg av det meste. Luster mållag og Sogn Folkemuseum var medarrangørar. Kring 100 møtte fram, og det var kjekt å få vere med på denne tilstellinga.

8. Nynorske dataprogram
I november kom den nye versjonen av Office-programma til Microsoft på nynorsk for fyrste gong. Tidlegare på året hadde ein gratiskonkurrent til Microsoft sine program, OpenOffice, vorte tilgjengeleg på nynorsk. Luster mållag skreiv brev til kommunen i november med oppmoding om å ta i bruk nynorske dataprogram i skular, administrasjon m.m. Ungdomsskulen på Hafslo har alt ei stund nytta nynorskprogram.

9. Lars Stølen 80 år
Initiativtakaren til laget, Lars Stølen, var 80 år i november. På Sivle-kvelden overrekte han eit flott, utskore trog til laget som har vore stilt ut på biblioteket i Gaupne sidan november.

10. Samla vurdering av arbeidsåret
Aktiviteten har vore om lag som i 2002, men me har vore noko mindre synlege i media. Me har satsa på få og skikkelege arrangement og trur dette er ein fin måte å markere laget og saka på. Oppmøtet er me godt nøgde med.

Luster er ein solid nynorskkommune, og dei fleste bedriftene nyttar òg nynorsk. Eit av dei viktigaste føremåla med laget blir såleis å halde medvitet om god nynorsk- og dialektbruk oppe i lokalsamfunnet vårt og ikkje minst å verve medlemer som kan vere med å stø opp om det særs viktige arbeidet Noregs Mållag gjer på nasjonalt plan. For der trengst det ei aktiv og sterk målrørsle meir enn på lenge.

0 kommentar til “Årsmelding 2003 for Luster mållag”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar