Målprisen 2009 til Sylfest Lomheim

Sylfest LomheimUnder Lustramarknaden 13. juni vart det kunngjort at Målprisen 2009 går til Sylfest Lomheim. Prisvinnaren hadde ikkje høve til å vere til stades, men med hjelp av Radio Luster vart ei takkehelsing spela av over høgtalaranlegget.

# Pristale og takketale (Radio Luster, 13.6.2009)
# Målprisen til Sylfest Lomheim (Luster kommune, 13.6.2009)
# Målpris frå heimkommunen (NRK Sogn og Fjordane, 14.6.2009)
# Målpris til språksjefen (Sogn Avis, 15.6.2009)
# Set pris på målprisen (Sogn Avis, 1.8.2009)

Sylfest Lomheim får Målprisen 2009. (Foto: Stein Næss)30. juli vart så Målprisen, ein akvarell av Arvid Elvekrok, overrekt til Sylfest på Kafé Marifjøra. Attåt leiar Oddmund Hoel møtte Stein Næss frå Luster mållag, bror (og mållagsmedlem) Per Birger Lomheim og Sogn Avis.

Grunngjeving frå styret

Sylfest Lomheim er ei markert og velkjend røyst i kultur-Noreg. Sidan 2003 har han hatt den viktigaste språkstillinga i landet, som direktør for det opprusta Språkrådet. Frå denne posisjonen har han vore med og lagt grunnen for ein offentleg språkpolitikk som i sterkare grad tek situasjonen til nynorsk på alvor.

Lenge før han vart språkdirektør var Lomheim eit velkjent namn i norsk ålmente. Han har gjennom fleire tiår vore ein av dei viktigaste popularisatorane og formidlarane av norsk språkvitskap. I Språkteigen på NRK radio har han vore sentral sidan 1991, og han medverka i den populære fjernsynsserien Typisk norsk på NRK. Den humoristiske og uhøgtidelege forma har òg gjort han til ein mykje brukt språkekspert og kommentator i alle typar media og ein omtykt føredragshaldar. Det skal heller ikkje gløymast at Lomheim skreiv seg inn i norsk språkhistorie ved å vera den fyrste som brukte nynorsk i Sportsrevyen, i 1969-70.

Trass i at det er meir enn 40 år sidan Lomheim forlet Hafslo og Sogn, har det aldri vore tvil om kvar han kjem ifrå. Attåt det store arbeidet for nynorsken, og for norsk språk i det heile, har språkkjendisen Lomheim òg vore ein framifrå ambassadør for sognamålet, for heimbygda og for Luster.

Til lukke med Målprisen 2009!

Gaupne, 13. juni 2009

Styret i Luster Mållag

Oddmund L. Hoel
leiar

Stein Næss, Kjellfrid Alme, Marit Aakre Tennø, Eldbjørg H. Fossøy

0 kommentar til “Målprisen 2009 til Sylfest Lomheim”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar