Årsmelding 2004 for Luster mållag

Godkjend på årsmøtet 13.2.2005.

1. Årsmøtet 2004
Vart halde 24. februar på Gaupne barneskule. Etter eit kort formelt årsmøte med vanlege årsmøtesaker, var det ope møte med den nye redaktøren i Sogn Avis, Rune Timberlid, som tala om nynorsk i media. Swing-Mix song.

2. Verv og representasjon
Styre i laget 2004-05 har vore det same som førre arbeidsår:
Leiar: Oddmund L. Hoel
Kasserar: Stein Næss
Skrivar: Kjellfrid Alme
Styremedlemer: Hans Fossøy og Ivar Buskaker
Varafolk: Eldbjørg Hunshammar Fossøy, Eli Johanne Ormberg og Oddlaug Molland
Styret har hatt tre møte i perioden.
Ettersynskvinne har vore Venke Bakken.
Valnemnd har vore Peder Kjærvik, Kåre Øvregard og Magnhild Skjerdal.
Laget var ikkje representert på landsmøtet i Noregs Mållag og årsmøtet i Sogn og Fjordane Mållag.

3. Medlemstal
Målet har vore å stabilisere medlemstalet på 50-60. Ved utgangen av 2004 hadde Luster mållag 60 betalande medlemer, mot 57 i 2003, 52 i 2002 og 56 i 2001. Me hadde ein liten verveaksjon på Lustramarknaden med magert resultat, elles har det ikkje vore gjort aktive framstøytar.

4. Målprisen
Laget delte ut Målprisen for tredje gong under Lustramarknaden i juni. Denne gongen gjekk prisen til Jostedalen Breførarlag ved dagleg leiar Steinar Bruheim for god og konsekvent nynorsk målbruk i marknadsføringa gjennom over 15 år. Som året før var prisen ein akvarell av jostedalskunstnaren Arvid Elvekrok. Målprisen er ein fin og positiv måte for laget å markere målsaka på, og han fekk god blest både i Sogn Avis og NRK Sogn og Fjordane.

5. Møte med Sylfest Lomheim
Den 25. september skipa me til ope møte med kommunens og Noregs største nynorske språkkjendis, Sylfest Lomheim, på Eikum på Hafslo. Han byrja i fjor som direktør i det nyskipa Språkrådet. Møtet var ei fellestilstelling med Sogndal Mållag, som sytte for det musikalske innslaget med Gro Bondevik, Jon Skjeldestad, Kristi Ylvisåker og Hans Mark Svedal. Trass i noko vanskeleg tidspunkt (laurdag ettermiddag) vart det ei svært vellukka tilstelling med 56 betalande frammøtte.

6. Ymse
Nynorsk sidemål: Det har vore mykje strid kring sidemålsordninga siste året, og i vår gjekk regjeringa inn for særs uheldige kutt i sidemålseksamen i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Stumpane vart heldigvis berga i Stortinget, og i den samanhengen fekk Luster mållag Lustra-ordførar Torodd Urnes til å ta direkte kontakt med Kristeleg Folkeparti si stortingsgruppe.Målrock i Årdal: Dette var stor suksess for andre år på rad, og Luster mållag takka tilskiparane gjennom eit lesarbrev i Sogn Avis.

7. Samla vurdering av arbeidsåret
Aktiviteten har vore noko lågare enn i 2003, mellom anna fordi leiaren oppheldt seg i Wales september-desember. Me har satsa på Målprisen og få, men skikkelege arrangement og trur dette er den beste måten å markere laget og saka på.

Luster er ein solid nynorskkommune, og dei fleste bedriftene nyttar òg nynorsk. Eit av dei viktigaste føremåla med laget blir såleis å halde medvitet om god nynorsk- og dialektbruk oppe i lokalsamfunnet vårt og ikkje minst å verve medlemer som kan vere med å stø opp om det særs viktige arbeidet Noregs Mållag gjer på nasjonalt plan. For der trengst det ei aktiv og sterk målrørsle meir enn på lenge.

0 kommentar til “Årsmelding 2004 for Luster mållag”


  • Ingen kommentarer

Skriv en kommentar