Storkommunen Luster vart danna i 1963 av dei gamle (nynorsk-)kommunane Luster, Hafslo og Jostedalen. Luster er omgjeven av nynorskkommunar på alle kantar og ligg midt i det nynorske ”kjerneområdet”.
Offentleg forvaltning: Luster kommune er ein av dei 115 kommunane i landet som har nynorsk som administrasjonsspråk. Kommunen er med i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I kommuneplanen for 2007-2018, vedteken i kommunestyret 22.2.2007, heiter det at Luster kommune skal ”ta vare på den språklege kulturarven (nynorsk, dialekt, stadnamn”. Dette har samrøystes og tverrpolitisk støtte frå SV til Frp.
Skular: Alle elevar på alle dei ni barneskulane og to ungdomsskulane i kommunen har nynorsk som hovudmål. Dei aller fleste har òg nynorsk til hovudmål på Luster vidaregåande skule (Hafslo).
Kyrkjer: Alle kyrkjene i Luster brukar nynorsk liturgi.Organisasjonar: Alle politiske parti og friviljuge lag og organisasjonar brukar i all hovudsak nynorsk i all lokal verksemd. Unntaket er oftast sentralt produsert tilfang i dei organisasjonane som er med i landssamskipnader.
Media: Nærradioen Radio Luster brukar lokal dialekt. Sogn Avis (Leikanger) er einerådande i Sogn, medrekna Luster, og brukar berre nynorsk. Dei siste åra har òg det sentralt produserte byråstoffet i avisa vore på nynorsk (bilsider, barnesider m.m.). NRK Sogn og Fjordane har stort sett berre medarbeidarar som brukar normert nynorsk og dialektar frå regionen. Den dominerande regionavisa, Bergens Tidende, brukar noko nynorsk, men altfor lite. Luster blir likevel som alle andre kommunar bombardert med bokmål gjennom riksmedia – radio/fjernsyn, dei store riksavisene, vekeblad, magasin, tidsskrift og bøker av alle slag.
Næringsliv: Bedriftene i Luster brukar i all hovudsak nynorsk så langt dei sjølve rår over språkbruken. Det gjeld reiselivsorganisasjonane og dei aller fleste turistbedrifter, noko som er svært viktig for profileringa av Luster. Handelsnæringa brukar nynorsk i det tilfanget dei produserer lokalt, men må finna seg i å bruka mykje bokmålstilfang som blir produsert sentralt i kjedene. Produksjonsbedriftene brukar òg i hovudsak nynorsk. Somme gjer det heilt konsekvent og har gjort det til ein medviten del av marknadsføringa og profileringa til bedrifta. Andre brukar nynorsk i lokalt retta tilfang (td. stillingslysingar) og bokmål i nasjonal marknadsføring eller som eit resultat av å høyra til større konsern med hovudkontor i bokmålsbyar. Nokre få bedrifter brukar i all hovudsak bokmål.Privat: Folk i Luster skriv i all hovudsak nynorsk etter det inntrykket me har. Dei som flytter til stader der bokmålet dominerer for å ta utdanning eller arbeid, vil i ein del tilfelle bli pressa til å gå bort frå nynorsken eller til å bli tospråklege. Dette ”målbytet”, særleg mellom ungdom, er ei av dei største utfordringane for nynorsk i landssamanheng. På hi sida har me det interessante fenomenet at mange frå bokmålsområda som slår seg ned for godt i kommunen, etter kvart går over til å skriva nynorsk.
Siste kommentarar