To dialektområde møtest i storkommunen Luster. I dei gamle kommunane Hafslo og Luster finn ein det typiske sognamålet, med a-infinitiv (å vera, å kasta), i-målet (bygdi, alle folki), dei typiske sogna-diftongane (ein baot, stao no pao) og konsonantsamband som /badl/ (’ball’) og /bjødn/ (’bjørn’).
I Jostedalen finn ein derimot ein dialekt som både har drag frå sognamålet og frå dialekten i Nordfjord. Her har ein i-mål som elles i Sogn, men e-infinitiv (å vere, å kaste), og ein har ikkje sogna-diftongane (det heiter båt, stå no på). Eitt viktig dialektskilje går midt gjennom bygda. Heimst (nedst) i Jostedalen heiter det /badl, bjødn/ som elles i Sogn, men fremst (øvst) seier dei /ball, bjønn/. Her skil Jostedalen seg òg frå Nordfjord og Sunnfjord der det heiter /ballj, bjønnj/ med såkalla palatalisering.
I Luster som alle andre stader kan ein høyra at dialekten endrar seg. Born og ungdom brukar ikkje like mange typiske dialektdrag som eldre. Likevel må dialektane i all hovudsak seiast å halda seg godt, og ein finn på ingen måte dei same dramatiske dialektendringane som pregar mange bygder på Austlandet, jamvel øvst i Hallingdal/Valdres, eller bygdene kring dei store byane på Vestlandet.
Med tida vil me leggje ut meir stoff om dialektane i Luster.
Siste kommentarar