Historie

Nynorsken blir av mange i Luster truleg teken som så sjølvsagt at ein trur han alltid har vore her. Det er slett ikkje tilfelle. Tidleg på 1900-talet skreiv mest ingen i Luster nynorsk, eller ’landsmål’ som det heitte den gongen. Dei skreiv dansk, som den gongen var einerådande som skriftmål i Noreg.

På denne sida vil me leggja ut ein del stoff om korleis det har gått til at nynorsken har vorte dominerande i Luster.

Flahammar i Luster var den fyrste skulekrinsen i Sogn og Fjordane som byrja med skriftleg opplæring i nynorsk. I 1892 fekk krinsen løyve frå skulestyret til å byrja med ein time nynorsk i veka. I folkeskulen skjedde den største overgangen til nynorsk i åra etter 1905. I Jostedalen gjekk den siste krinsen over til nynorsk mellom 1908 og 1910. I Luster gjekk alle krinsane heilt over til nynorsk i 1907 etter vedtak i skulestyret. På Hafslo hadde ti av tolv krinsar gått over til nynorsk i 1910. Solvorn (1919) og Kvam-Yndesdal (1925) vart dei to siste skulekrinsane.

Det fyrste mållaget i storkommunen Luster var Jostedalens maallag, skipa 10. november 1906. 100-årsjubileet vart feira på årsmøtet til Luster mållag i januar 2006. Laget har eksistert i periodar, men har sove det meste av etterkrigstida. Andre mållag i noverande Luster kommune har me ikkje handfaste opplysningar om.

Språkskiftet til nynorsk i Luster, Hafslo og Jostedalen kom altså berre i liten grad som resultat av arbeidet til mållaga. Derimot var ungdomslaga viktige i arbeidet i delar av kommunen, og fyrst og fremst var det sterke enkeltpersonar og uformelle miljø som arbeidde for saka. Særleg viktig var lærarane, som kring hundreårsskiftet hadde vorte dei nye bygdehovdingane etter prestane.

I storverket Skulen i Luster gjennom 250 år (1996) skriv Kåre Øvregard mykje om innføringa av nynorsk i skulen.

Anders Lothe har i Målreisingssoga i Sogn og Fjordane (1950) mange opplysningar om språkskiftet i Luster, Hafslo og Jostedalen, men ein må vera klår over at framstillinga har fleire hol og småfeil.

Eksterne peikarar

Jostedal mållag 100 år, Jostedal skule- og bygdeavis (2006), av Oddmund L. Hoel

Då nynorsken kom til Sogn – glimt frå Jostedalen og Lærdal, Årbok for Sogn (2006), av Jan Olav Fretland og Oddmund L. Hoel

Jostedal mållag (lokalhistoriewiki)

Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen (lokalhistoriewiki)