Luster mållag er ein kulturorganisasjon som arbeider for å stø opp om bruk av det nynorske skriftmålet og dialektane i Luster. Laget er med i Sogn og Fjordane mållag og Noregs Mållag.
Laget må seiast å ha ein moderat aktivitet. I årsmeldingane kan du lesa kva laget har gjort i åra etter skipinga. Eit av dei viktigaste tiltaka til laget er utdelinga av målprisen i samband med Lustramarknaden i juni. Ut over dette har laget ein del opne møte med føredrag og kulturinnslag.
Luster er ein av dei sterkaste nynorskkommunane i verda. Nynorsk dominerer på alle felt, både i skular, kyrkjer og offentleg verksemd, næringsliv, organisasjonsliv, media og privat språkbruk. Det er nok ein viktig grunn til at ingen fann på å skipa eit mållag her før i 2000.
I landssamanheng veit me likevel at nynorsk er brukt av eit mindretal og heile tida må kjempa for å halda stand og for å koma i bruk på nye område. Bokmålspresset merkar me òg i Luster, gjennom aviser, tidsskrift, bøker, radio, fjernsyn, Internett, reklame frå riksdekkjande kjeder, informasjon frå riksdekkjande organisasjonar m.m. Skal språket vårt haldast i hevd og styrkja seg, må òg folk i Luster ta eit tak. Særleg viktig for nynorsken er det at ungdom som flytter ut for å ta utdanning eller finna seg arbeid, held på skriftmålet.
Siste kommentarar