Av Anders A. Lothe
Kristofer Alme var fødd på Alme i Hafslo 20. november 1871, son til bonde Ole Kristoferson og Melk Hermandsdotter Alme. På Alme er han uppvaksen, og der livde han som bonde all sin dag. Han hadde ikkje onnor skuleutdaning etter han slapp for presten enn ein vinter på Sogndals folkehøgskule. Men på private vegar samla han seg ovmykje kunnskap likevel. Trurøke og med plan sanka han seg kunnskapar i teologi og jus, – ikkje med tanke på embete, men for vokstren av sin eigen personlegdom.
”Embættsmann var for ufritt. Eg likar ikkje departementale og andre bikkjor i hælane på meg. Eg vil ”spytte på gulvet hvor jeg vil,” skriv han.
I Hafslo herad hadde han alle tillitsyrke so nær som ordførar. Men mest arbeidde han i Hafslo ungdomslag. Der var han formann i 30 år, heldt 300 foredrag og styrde eit songkor.
Hugmåli hans var alle dagar norskdom og kristendom. Han var eldhuga målmann, var ein av dei fyrste målmenn i Hafslo og var ei av dei berande kreftene for målreisingi der, – både i ungdomslaget og elles.
Kristofer Alme var og diktar. Hari skreiv i bundi form alle dagar. Mesteparten er uprenta. Sumt har då kome i bladi, og tvo bøker gav han ut. I 1930 gav han ut ein kantate til Olavsjubilæet, ”Truskifte”, og i 1947 gav han ut diktsamlingi ”Blanda kor”. Han var og sterkt religiøs, og sers musikalsk var han og. Soleis sette han tone til Sognesongen sin.
Kristofer Alme var målmeistaren. Um det skriv sokneprest Åsmund Farestveit i fyreordet til ”Blanda kor”:
”Alme er ein målmeister med framifrå god norsk ordleggjing, bygt på det beste i nynorsk målbruk og i heimedialekten. Heile den store ordrikdomen hans har ein tydeleg norsk dåm. Han finn uttrykk for dei finaste avbrigde i tankar og kjenslor, med råkande friske og levande, heimlege ord. Den poetiske iklædnad vitnar om verkeleg diktargivnad. Han maktar å støypa emnet sitt i ei vakker, grannsam og fast form, so det prentar seg av sterkt og djupt hjå lesaren.”
[Her er nokre døme på dikta hans tekne ut.]
So dikta han denne Sognesongen og, som fyrr nemnt, sette tone til for blanda kor:
Sjå bygd i bygd og dal i dal
frå Solund inn til Skjoldar
og bekkjer små i tusund-tal
og lid og lund og vollar.
Og so den store fagre fjord,
dei Sunn’ og Nordfjords gamle bror,
som tøygjer seg langt framum deim
heilt inn til Jotunheim.
Ja, det er Sogn! Ja, det er Sogn!
Her sygner hev sin heim.Her ligg kong Beles fagre strand
med sogegull i barmen,
her lagde Fridtjov ut frå land
med Ing’bjørgs ring um armen.
Den ringen hev den dag i dag
hjå sognegutar same lag.
Vår Ingebjørg av unge menn
gjer frøkne karar enn.
Ja, det er Sogn! Ja, det er Sogn!
Her sygner hev sin heim.I vesle, tronge Nordfjord,
so segjer klårt vår soga,
der stod ein strid so hard og stor
med kastespjot og bogar.
Den striden hev eit fyndord sett
på vegen åt den norske ætt:
Her stormannsveldet fekk si grav
og folkevokster gav.
Ja, det er Sogn! Ja, det er Sogn!
Her sygner hev sin heim.Her ris vel fjelli ikkje so
med høge tårn og tindar
men koll i koll her stig av sjo
med småe bratte rindar.
Jau stundom vert die høge lell
i Frøysvik og dei Aurlandsfjell
ja kjem du inn i Nærøyfjord,
du vert i beit for ord.
Ja, det er Sogn! Ja, det er Sogn!
Her sygner hev sin heim.Her er vel fager vidd og vang,
når hegg og raun dei blømer
og staren kjem med vår i fang
og snø og kulde rømer;
når hage skog i bløming stend
frå Lavik og til Fortuns grend
og alt er lyft til lov og pris
som i eit paradis.
Ja, det er Sogn! Ja, det er Sogn!
Her sygner hev sin heim.Ja, Sogn det er vår eigi bygd,
som ætt på ætt skal byggja,
og Norig me med dug og dygt
gjev same elsk og tryggja.
Ja, blæs ein lur til strid oss ut,
so møter me kvar sognegut,
og vert det strid som røyner på
skal Norig sygner sjå.
Ja, det er Sogn! Ja, det er Sogn!
Her sygner hev sin heim.
Ivar Tveit skreiv i ”Sogn og Fjordane”:
”Kristofer Alme er 75 år. Han er bonde i Hafslo. Den lange livsd$agen har ikkje vore vegen på roser, men likevel vart livet hans så rikt. Han vann den livsvisdom som skrive står at ein først skal finna ånden og dens liv, og så skal ein få alt anna i tilgift. Han var åndsmann all sin dag, las og lærde, tenkte og grov, leita etter sanning og klårleik. Han er sikkert ein av dei lærdaste bønder i landet, ikkje eingong det lærde målet, latinen, er framand for han.
Men først og sist er han diktar, det veit ein frå den fagre Sognesongen. Han har dikta all sin dag, og det siste diktet hans vert sikkert det beste. Og målet hans er so reint og rikt.”
Kristofer Alme gav ut:
Truskifte, kantate til Olavsjubilæet 1930.
Lundes forlag, Bergen.
Blanda kor. Bokreidar: O. J. Skjeldestad, Sogndal. 1947.
Han døydde brått 5. oktober 1947, nær 76 år gamal.
[Frå Anders A. Lothe, Målreisingssoga i Sogn og Fjordane, Stryn 1950, s. 635-638.]
Siste kommentarar