Hallvard Hesjevoll (1899-1972)

Av Anders A. Lothe

Hallvard Hesjevoll er fødd i Jostedal 13. desember 1899, son til bonde Ola H. Hesjevoll og Anna Sjursdotter Krokgilja. Han tok eksamen på Stord lærarskule i 1924. Frå same året har han vore lærar i Krondalen, til han i 1939 vart klokkar i Jostedal. Han har arbeidt i mållag, ungdomslag og idrottslag. Han har vore ei drivande kraft i målreisingsarbeidet i Jostedal, fyrste formann i Sogns mållag.

Hallvard Hesjevoll har måla kring tjuge landskapsbilæte og skrive nokre novellor som er prenta i ”Jolehefte”.

Tillegg:

Han var ordførar i Jostedal 1952-55 og gjorde i 1953 opptaket til å få skipa opp att Jostedal mållag som hadde lege nede sidan før krigen.

[Frå Anders A. Lothe, Målreisingssoga i Sogn og Fjordane, Stryn 1950, s. 686-687]

Andre omtaler: