Lars Stølen (1923-2008)

Av Oddmund L. Hoel

Minneord i Aftenposten og Sogn Avis, 31.5.2008.

Pedagogen og kulturarbeidaren Lars Stølen (84) døydde i Oslo 17. mai, svekka etter eit hjerneslag for to år sidan, men likevel brått.

Han voks opp på eit småbruk i Jostedalen. Etter realskule og gymnas i Sogndal tok han eksamen ved Oslo lærarskule og filologisk embetseksamen med norsk, historie og hovudfag i engelsk ved Universitetet. På Eikeli gymnas i Bærum utstyrte den unge engelsklektoren elevane med store Tandberg bandopptakarar slik at dei både fekk høyre korrekt uttale av engelsk og si eiga uttale. ”Språklaben” og det pedagogiske nybrotsarbeidet følgde han opp i Forsøksrådet i Kyrkje- og undervisningsdepartementet, ved Informasjonskontoret for språkundervisning som han vart leiar for. Han skreiv òg den fyrste læreplanen i norskopplæring for framandspråklege.

Medan innovasjon og nytenking går som ein raud tråd gjennom den pedagogiske verksemda hans, var det arbeidet for tradisjonskulturen som prega kulturarbeidet. I heimen på Ullern skapte han sitt eige Jostedalen i Oslo. Frå byen fekk han som 26-åring i gang Jostedal historielag, og nokre år seinare Jostedal spelemannslag. Han står òg bak Luster mållag (2000) og var sentral i skipinga av Bærum spelemannslag.

Som pensjonist fekk han god tid til å dyrke trearbeidet som hadde følgt han heilt frå barndomen, og frå verkstaden heime kom det eine arbeidet finare enn det andre – frå massive kubbestolar til framifrå hardingfeler, til saman ni i talet. Gjennom åra skreiv språkkunstnaren òg mange dikt og songar som han tonesette fleire av sjølv, i 2005 samla i boka Glør i grua. Han heldt  forteljartradisjonen ved like med ei eineståande evne til å fengsle ei forsamling, både med eigne soger og godt innøvde Vossa-stubbar av Per Sivle.

Dødsbodskapen vart motteken med sorg i heimbygda han aldri gløymde. Det er med stor glede han vert minna, som eit raust medmenneske, som ein ambassadør for bygdekulturen i byen og som ein av dei som har gjort mest for å gje nye generasjonar høve til å ta del i jostedals- og sognakulturen.