Minst to hannbjørnar har kryssa Gudbrandsdalslågen og er observert på vandring vestover. Mogens Lorentzen i Statens naturoppsyn i Oppland ser ikkje vekk i frå at det kan vere fleire.
Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane 5. juni
Filed under: Generell av Oddmund
No Comments »
Det står no kr 11 650 på aksjonskontoen. Målet var i fyrste omgang å samle inn kr 10 000. Dei aller fleste som har gjeve, er jostedøler. Mange takk til alle så langt!
Det er slett ikkje for seint å gje! Sjølv om me no har fått inn nok til å betale bota til Ove Baggetun, held me fram innsamlinga. Pengane vil gå til tiltak for å få bukt med rovdyrplaga.
Filed under: Generell av Oddmund
No Comments »
Kronerulling mot rovdyrplaga
Rovdyrplaga har vorte eit stort trugsmål mot sauenæringa i Jostedalen og mange andre bygder i fylket. Det verste så langt var då bjørnen herja i saueflokkane i fjor sommar.
Særleg råka vart Ove Baggetun. Attåt sauetapa kom han i ein naudverjesituasjon som han no har fått kr 10 000 i bot for (manglande bereløyve).
For å støtte han, set me no i gang ei kronerulling som i fyrste omgang tek sikte på å hjelpe til med å betale bota.
Blir det pengar att, vil dei gå til den vidare kampen mot rovdyr. Me presiserer at me ikkje støttar ulovleg jakt.
Me oppmodar alle om å gje 100 kr, men tek sjølvsagt imot både meir og mindre.
Pengane kan setjast inn på aksjonskonto 3785.12.55150.
Det er fint om du hjelper til med å gjere andre merksame på denne kronerullinga.
Arne Bjørk
Einar Blikra
Odd Arne Myklemyr
Oddmund L. Hoel
Filed under: Generell av Oddmund
No Comments »