(Frå Jostedal skule- og bygdeavis (nr. 50), s. 88-89, 2006.)
I år er det 100 år sidan både Norigs maallag (5. februar) og Jostedalens maallag (10. november) vart skipa. Det skjedde midt i den store overgangen frå dansknorsk til landsmål (nynorsk). Den mest intensive perioden i Sogn og Fjordane var 1905–10. I skulesoga for Luster har Kåre Øvregard fortalt om innføringa av nynorsk i Jostedalen. Her skal me leggje til nokre opplysningar frå andre kjelder, ikkje minst møteboka for mållaget som ligg på Fylkesarkivet.
I 1892 opna Stortinget for at skulestyre som ville det, kunne byrje med lærebøker og skriftleg opplæring på nynorsk i folkeskulen. Dei fyrste hadde gått over alt i 1890, og i 1893 vart Flahamar i Luster den fyrste krinsen i fylket som gjekk i gang med nynorskopplæring (ein time lesing og ein time skriving i veka).
Jostedalen var såleis tidleg ute då skulestyret vinteren 1901 gjorde det fyrste målvedtaket: bibelsoga og abc-boka skulle frå no vere på nynorsk. ”Um me er no noko seine av oss, so hev me daa kravla oss fram, so me er komne i det tjugande hundradaar her i Justedalen og,” skreiv lærar Mons H. Takle i målavisa Den 17de Mai i mars 1901 då han fortalde om vedtaket.
I januar 1904 kom så spørsmålet opp om kva lesebok skulane skulle nytte. Etter at overtilsynet og dei fem skulekrinsane hadde uttala seg og skulestyret hadde hatt saka oppe tre gonger, vart det i juli vedteke at skulane skulle nytte Austlids nynorske lesebok og ikkje nynorskutgåva av Rolfsen. Men dei krinsane og klassane som hadde nok brukande eksemplar av Pauss og Lassens lesebok, skulle framleis få nytte desse og trong ikkje kjøpe nye. Slik får me illustrert kor viktig dei økonomiske sidene av målvalet var – å kjøpe nye lærebøker var ein stor kostnad både for foreldra og fattige herad. Ein grunn til vedtaket var nok òg at meiningane var delte i skulekrinsane.
Ikkje alle var like glade for vedtaket. Lars R. Faaberg nekta dottera si å bruke den nye leseboka, så lærar Laurits Kronen klaga til skulestyret. Saka vart ekstra pikant då Faaberg i mellomtida hadde vorte ordførar. Skulestyret vedtok (samrøystes) at han straks måtte skaffe leseboka – om ikkje vanka det straff etter § 17 i skulelova. Då bøygde òg ordføraren av.
Dei neste åra vart nynorskutgåvene av lærebøkene innførde ei for ei, og i 1916 fall siste riksmålsskanse. Etter at skuledirektøren hadde peika på det uheldige i at kristendomsbøkene var dei einaste på riksmål i skulen, vart det vedteke å ta i bruk nynorskutgåvene også her.
Skulestyret i Jostedalen gjorde aldri vedtak om at den skriftlege opplæringa skulle vere på nynorsk. Men lærarane byrja truleg så smått med nynorsk etter lærebokvedtaket i 1901. I 1907 veit me iallfall at fire av fem skulekrinsar hadde all opplæring på nynorsk, og den fyrste offisielle målstatistikken frå 1910 fortel at alle fem krinsar no nytta nynorsk.
Jostedal mållag hadde fint lite med dette målbytet å gjere, iallfall direkte. I april 1908 drøfte laget om ”maallaget no skulde gjera fortgang med aa faa heilnorsk skule i Jostedalen. Mange tala for og mange imot, og saki vart utsett”, og meir finn me ikkje om den saka i møteboka.
Då var nok mållaget viktigare når det galdt å få teke i bruk dei nynorske salmane til Elias Blix i kyrkja – det vart lov i 1892. I juli 1903 røysta kyrkjelyden over spørsmålet, og berre 12 ville ta i bruk Blix-salmane medan 56 var mot, altså eit solid tap for målfolka. Men i november 1906 vart mållaget skipa, og på det tredje møtet (i april 1907) drøfte dei ”korleis ein best skulde arbeida for aa faa Bliks-salmarne vedekne til kyrkjebruk. Det var semja um aa fara vârt og helst arbeida paa aa faa dei, ein visste røysta for salmarne, til aa møta fram til avrøystingi.” Her skulle ikkje lagast meir strid enn naudsynt, for dei visste nok at stemninga var på deira side. Den 12. mai kom så røystinga, og Blix-salmane vart innførte med dundrande fleirtal (51 mot 3).
I 1910 gjekk mållaget i dvale, og me høyrer ikkje meir frå det før det vart skipa opp att i 1927. Fram til Andre verdskrigen hadde så laget glansperioden sin med stor møteaktivitet og mange festar, framsyningar og handskrive blad som vart lese opp på møta (”Vårfuglen”). I desse åra fungerte mållaget på mange vis som eit ungdomslag. To forsøk på å få i gang laget att i 1953 og 1981 førte ikkje fram.
Då Jostedal mållag vart skipa, fanst det truleg berre 5–6 mållag frå før i heile Sogn, så laget var tidleg ute. Ein grunn kan vere at det ikkje var ungdomslag her – det kom fyrst i 1924. Før 1906 fanst det truleg kring 40 frilynde ungdomslag i Sogn, og dei fungerte gjerne òg som mållag.
Men aller viktigast var det nok at det kom lærarar til bygda som var oppglødde målfolk. Alle tre i det fyrste styret var lærarar. Formann var Magnus H. Takle (f. 1883, frå Brekke, lærar 1904–07), og med seg hadde han Anders Hjellum (1870–1950, frå Aurland, lærar 1897–1919) og Laurits Kronen (1880–1957, lærar her 1903–08 og 1911–19). Før dei hadde storebror til Magnus, Mons H. Takle (f. 1877) vore lærar i Jostedalen 1899–1901. Takle-brørne og Hjellum hadde gått på Stord lærarskule, som var eit viktig sentrum for målarbeidet på Vestlandet. Mons hadde hatt tillitsverv og Magnus jamvel vore formann i det store og viktige mållaget for elevane (Målvinarlaget). Han vart forresten gift med Metta Urdahl frå Luster som han sikkert hadde møtt på lærarskulen – ho hadde òg verv i mållaget der. I 1907 flytte dei til Årdal der Magnus var formann i Årdal mållag som han truleg òg skipa, og i 1915 drog dei så til Tasta i Rogaland der dei vart buande. Her tok Magnus initiativet til Rogaland mållag (1920) og var formann der i ei årrekkje – han var òg ein av drivkreftene bak skipinga av landsgymnaset på Bryne. Han var såleis ein slags omreisande i målsak som mange lærarar var.
Det var òg Laurits Kronen som var lærar i Oppdal (Sør-Trøndelag) 1908–11 og grannebygda Rennebu 1919–21. Ryktet seier at målengasjementet gjorde at han ein gong fekk juling av to menn utkledde som kjeringar.
Ein treng vel knapt nemne at desse lærarane òg var aktive fråhaldsfolk og Venstre-folk. Meir interessante er banda mellom mållagsmiljøet og det me kan kalle eit forretningsdrivande miljø i Jostedalen. Hjellum var styreformann i Jostedal sparebank 1901–04, og Laurits var son av landhandlar, turistvert og ”godseier” Tøger Kronen. To av varamennene i det fyrste mållagsstyret var dei to landhandlarane Melchior Yttri og Tøger R. Faaberg. Yttri var ordførar for forstandarskapen i sparebanken det meste av tida 1898–1926. Den tredje og yngste varamannen, Hermund Bruheim, var son av sparebankkasserar Nils H. og tok over både Vamberg og sparebankvervet etter faren. Det var elles då Hermund vart ordførar i 1923 at nynorsk fekk det endelege gjennombrotet i bygdestyringa i Jostedalen.
På større stader som Lærdal, Sogndal og Vik rasa målstriden i ei årrekkje med embets- og overklassen på riksmålssida og lærarane med støtte frå ein del bønder og mindre næringsdrivande på nynorsksida. Men nokon nynorskmotstand å snakke om kan det ikkje ha vore i Jostedalen sidan skriftleg nynorsk vart innført utan at det kom krav om folkerøysting eller vedtak i skulestyret. I desember 1905 kan me lese i Sogns Tidende at nynorsken ”hev havt god studnad av presten”, det vil seie Ragnvald Cornelius Knudsen som var prest her i dei avgjerande åra 1903–06. Nokre av prestane som kom etter, hadde lite sans for nynorsken, men dei kunne lite gjere, og så mange fleire var det ikkje her som kunne eller ville protestere. Jostedalen fekk aldri ei riksmålsforeining som kunne fått opp temperaturen.
Men det er ikkje for seint!
Jau forresten, det er nok det.
Oddmund L. Hoel
Meir stoff
Jostedal mållag (lokalhistoriewiki)
Fretland, Jan Olav, og Oddmund L. Hoel. (2006). Då nynorsken kom til Sogn – glimt frå Jostedalen og Lærdal. Årbok for Sogn, 48-56. (Digital utgåve)