{"id":121,"date":"2007-05-07T18:18:50","date_gmt":"2007-05-07T16:18:50","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=121"},"modified":"2007-05-07T20:35:21","modified_gmt":"2007-05-07T18:35:21","slug":"malarbeidsregjeringa","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/malarbeidsregjeringa\/","title":{"rendered":"M\u00e5larbeidsregjeringa? (NT 4\/2001)"},"content":{"rendered":"<p>[Leiar i <em>Norsk Tidend, <\/em>nr. 4, 2001.]<\/p>\n<p>Stortingsvalet er over, og Samarbeidsregjeringa er p\u00e5 plass. End\u00e5 ein gong har me f\u00e5tt stadfesta at det ikkje er m\u00e5lsp\u00f8rsm\u00e5let, eller kultur i det heile, som skapar store overskrifter, er tema p\u00e5 fjernsynsdebattar eller deler veljarane i politiske leirar. Heiderleg innsats fr\u00e5 m\u00e5lr\u00f8rsla gjorde m\u00e5lsak til tema i ein del samanhengar, og s\u00e6rleg viktig var mobiliseringa i \u00c5lesund 29. august d\u00e5 Norsk M\u00e5lungdom samla 800 elevar til demonstrasjon for nynorske dataprogram framfor NRKs \u201dfolkem\u00f8te\u201d om utdanningspolitikk. Aksjonen gav utdanningsminister Trond Giske eit einest\u00e5ande h\u00f8ve til \u00e5 lova \u00e5 stilla krav til nynorskversjonar av dei vanlegaste dataprogramma, rett nok utan at det heldt til \u00e5 berga valet for Ap.<\/p>\n<p>Sidem\u00e5lsmotstandarane h\u00f8yrde me derimot mindre til enn p\u00e5 lenge. Rapportar fr\u00e5 skulevalkampen tyder p\u00e5 at nei til sidem\u00e5l ikkje var ei like god sak som tidlegare, og Oslo H\u00f8yre let for fyrste gong p\u00e5 mange valkampar vera \u00e5 koma med det rituelle sidem\u00e5lsutspelet sitt. Sidem\u00e5lsmotstand ser ut til \u00e5 ha vorte ei d\u00e5rleg valkampsak, og det var i det heile ikkje mykje drahjelp \u00e5 f\u00e5 fr\u00e5 sidem\u00e5lsmotstandarane i \u00e5 gjera spr\u00e5k til valkamptema. Det skal me vera glade for!<\/p>\n<p>Mange har oppsummert stortingsvalet som eit politisk jordskjelv, men for nynorsken er det ingen grunn til \u00e5 venta seg store endringar. Det er framleis eit massivt fleirtal for obligatorisk oppl\u00e6ring i b\u00e5e spr\u00e5k p\u00e5 tinget, og partia som har g\u00e5tt lengst i nynorskvenleg retning (sentrum\/SV) gjekk samla fram. Profilerte nynorskfolk og m\u00e5llagsmedlemer som Rita Tveiten, Lars Gunnar Lie, Astrid Marie Nistad, John Dale og Anne Enger Lahnstein gjekk ut, men dei fleste har g\u00e5tt p\u00e5 ein ny periode, og nye har kome til, som tidlegare utdanningsminister Reidar Sandal, Magne Aar\u00f8en og Heidi Grande R\u00f8ys. Ny leiar i L\u00f8vebakken M\u00e5llag etter Rita Tveiten vert gledeleg nok Sigvald Oppeb\u00f8en Hansen (Ap, Telemark) som var hovudpersonen bak stortingsvedtaket om \u00e5lmenn r\u00f8ysterett i skulem\u00e5lsr\u00f8ystingar v\u00e5ren 2000.<\/p>\n<p>Regjeringa Stoltenberg gjekk p\u00e5 med h\u00f8g caf\u00e9 latte-faktor og ein einsleg nynorskbrukar (Akselsen) i mars 2000, og ho vart m\u00f8tt med ikkje s\u00e5 reint lite skepsis i m\u00e5lr\u00f8rsla. I dag kan me sl\u00e5 fast at det vart ei god regjering for nynorsken. Ellen Horn viste seg som ein velviljug statsr\u00e5d, kanskje ikkje med nokon stor m\u00e5lpolitisk sprut, men ho vil bli hugsa for at ho fekk p\u00e5 plass ei storsatsing p\u00e5 \u201dNorsk Ordbok 2014\u201d i det siste statsbudsjettet ho la fram. Mest skryt g\u00e5r likevel til Trond Giske og medarbeidarane hans. Det siste \u00e5ret har dei f\u00e5tt nynorsken med i satsinga p\u00e5 digitale l\u00e6remiddel og programvare, b\u00e5de i dei digitale l\u00e6remidla som er utvikla, i planverket i departementet, vanlege dataprogram og sist ved \u00e5 st\u00f8tta \u00f8konomisk dei viktige prosjekta Skulelinux og \u201dNynorsk inn i IKT-oppl\u00e6ringa\u201d (H\u00f8le skule m.fl.). Giske sa \u00f2g eit kontant nei til bakhalds\u00e5taka p\u00e5 sidem\u00e5lsoppl\u00e6ringa fr\u00e5 Oslo og Vestfold.<\/p>\n<p>Det me framleis ventar p\u00e5, er den kultur- eller utdanningsministeren som har nynorsken som personleg hjartesak og vil gjera ein kraftinnsats for \u00e5 f\u00e5 m\u00e5lpolitikken fram fr\u00e5 det rikspolitiske bakrommet. Det er talande for den m\u00e5lpolitiske situasjonen meir enn den sitjande statsr\u00e5den at mediemeldinga til regjeringa som kom i september, ikkje inneheld eit ord om at det finst to spr\u00e5k her i landet. Sannsynlegvis er det sameleis vantande m\u00e5lpolitisk fokus, ikkje m\u00e5lpolitisk illvilje, som gjer at Dag og Tid vart kutta med 150 000 kr i framlegget til statsbudsjett, samstundes som pressest\u00f8tta totalt sett vart auka.<\/p>\n<p>Valgerd Svarstad Haugland er den kulturministeren som kan gje m\u00e5lpolitikken den naudsynte oppgraderinga. Ho er m\u00e5lkvinne, ho er ein politisk tungvektar og ho overtek Kulturdepartementet p\u00e5 ei tid der fleire og fleire, b\u00e5de i Noreg og andre land, ser at det m\u00e5 f\u00f8rast ein langt meir offensiv spr\u00e5k- og kulturpolitikk for \u00e5 st\u00e5 imot den etniske reinsinga som fylgjer med den \u00f8konomiske globaliseringa. Me ventar oss mykje, Valgerd!<\/p>\n<p>Kristin Clemet skal me \u00f2g ta godt imot. Ho har ingen utprega nynorskbakgrunn, men dersom ho kan f\u00e5 gjort noko for \u00e5 heva kvaliteten i l\u00e6rarutdanninga og styrkja lese- og skriveoppl\u00e6ringa, slik regjeringsplattforma legg stor vekt p\u00e5, er det grunnlag for eit godt samarbeid med m\u00e5lr\u00f8rsla.<\/p>\n<p>Midt oppi stortings- og regjeringskabalar vert me stadig minna om at det viktigaste m\u00e5larbeidet skjer p\u00e5 bakken: elevaksjonen i \u00c5lesund fekk arbeidet for nynorske dataprogram eit hakk vidare, og verving til Bl\u00e5mann Barnebokklubb, kulturbarnehagekurs, dataprosjekta til H\u00f8le skule og Skulelinux og alle andre sm\u00e5 og store m\u00e5ltiltak rundt omkring er p\u00e5 sikt viktigare for nynorsken enn kven som sit i regjering. Den st\u00f8rste utfordringa v\u00e5r etter valkampen er ikkje samansetjinga av det nye Stortinget og regjeringsskiftet, men at berre om lag 20 lokallag dreiv aktivt pressearbeid i valkampen. Det er berre gjennom \u00e5 halda vedlike og byggja ut det store grunnfjellet v\u00e5rt og gjera det meir synleg at me \u00f2g kan f\u00e5 politikarane til \u00e5 strekkja seg eit hovud lenger.<\/p>\n<p>Oddmund L\u00f8kensgard Hoel<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>[Leiar i Norsk Tidend, nr. 4, 2001.] Stortingsvalet er over, og Samarbeidsregjeringa er p\u00e5 plass. End\u00e5 ein gong har me f\u00e5tt stadfesta at det ikkje er m\u00e5lsp\u00f8rsm\u00e5let, eller kultur i det heile, som skapar store overskrifter, er tema p\u00e5 fjernsynsdebattar &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/malarbeidsregjeringa\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":126,"menu_order":3,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-121","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/121"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=121"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/121\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=121"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}