{"id":122,"date":"2007-05-07T18:21:00","date_gmt":"2007-05-07T16:21:00","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=122"},"modified":"2007-05-07T20:35:34","modified_gmt":"2007-05-07T18:35:34","slug":"r%c3%b8yst-nynorsk","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/r%c3%b8yst-nynorsk\/","title":{"rendered":"R\u00f8yst nynorsk! (NT 3\/2001)"},"content":{"rendered":"<p>[Leiar i <em>Norsk Tidend<\/em>, nr. 3, 2001.]<\/p>\n<p>\u201dTenk nynorsk p\u00e5 valdagen \u00f2g!\u201d Denne oppmodinga g\u00e5r fr\u00e5 landsm\u00f8tet i Noregs M\u00e5llag til veljarane framfor stortingsvalet 10. september. Fylkeslag, lokallag, medlemer og m\u00e5lfolk elles vert samstundes oppmoda om \u00e5 kasta seg inn i valkampen for at det viktigaste av alle kultursp\u00f8rsm\u00e5l, m\u00e5lsp\u00f8rsm\u00e5let, \u00f2g vert noko som politikarar og veljarar tek stilling til fram mot valdagen.<\/p>\n<p>Det trengst! For valkampen s\u00e5 langt har vist det same som tidlegare: Spr\u00e5k er ei ikkje-sak, og det er eit stort paradoks n\u00e5r me veit kor stort eldhugen kan vera i konkrete og lokale m\u00e5lsaker. Fr\u00e5 v\u00e5r synsstad ser det ut som om den spr\u00e5klege likes\u00e6la er jamt fordelt mellom partia. N\u00e5r lokale partirepresentantar br\u00e5tt m\u00e5 ta stilling til ei spr\u00e5kpolitisk sak, anten det er strid om parallellklassar, skulem\u00e5lsr\u00f8ystingar, administrasjonsm\u00e5let i kommunen eller dataprogram i skulen, er det bortimot bingolotto kven som meiner kva.<\/p>\n<p>P\u00e5 riksplan er heller ikkje det spr\u00e5klege og spr\u00e5kpolitiske medvitet imponerande, men biletet er likevel noko skarpare. Alle parti har meir eller mindre kl\u00e5re spr\u00e5kpolitiske vedtak, og dei har sentrale representantar som har interesse for og innsikt i slike saker. Til ein viss grad vert s\u00e5leis valet eit sp\u00f8rsm\u00e5l om personar: Uavhengig av parti ynskjer me \u00e5 f\u00e5 inn flest mogleg nynorskbrukarar og nynorsksympatis\u00f8rar p\u00e5 Stortinget som vil tala m\u00e5lsaka internt i partia \u2013 i stortingsgruppene og i partiorgana. Det er dei som gjer jobben for nynorsken.<\/p>\n<p>Samstundes er det ikkje til \u00e5 koma forbi at det \u00f2g er eit val mellom ulike parti. Ingen stortingsrepresentantar har brote med partia sine dei m\u00e5lpolitiske sakene som har vore oppe i Stortinget i den siste perioden, og gjennomgangen v\u00e5r av programma for den neste perioden og praksisen i dei fire \u00e5ra som har g\u00e5tt, vitnar om eit skarpare skilje mellom partia enn tidlegare.<\/p>\n<p>Sterkast kl\u00f8yving i det partipolitiske landskapet dei siste fire \u00e5ra har sidem\u00e5lssaka skapt. P\u00e5 den rikspolitiske arenaen er det dei tre sentrumspartia som jamt over har peika seg ut som dei mest sidem\u00e5ls- og nynorskvenlege. Det same har Sosialistisk Venstreparti, og RV som ikkje er representert p\u00e5 Stortinget. Ein gjennomg\u00e5ande tendens i Stortinget har vore at sentrum eller SV har teke initiativ som Arbeidarpartiet oftast har vorte med p\u00e5 og sikra fleirtalet for.<\/p>\n<p>Som eg tidlegare har vore inne p\u00e5 i denne spalta, har arbeidarpartiet vist betre takter i det siste. For 3-4 \u00e5r sidan stod me overfor heilt reelle trugsm\u00e5l, m.a. fr\u00e5 Ap i regjering, om at skulem\u00e5lsr\u00f8ystingane ville bli heilt borte, at parallellklasseretten ville bli svekka og at retten til parallellutg\u00e5ver av l\u00e6remiddel ville bli avgrensa til \u00e5 gjelda tradisjonelle l\u00e6reb\u00f8ker. I dag st\u00e5r alt dette tryggare enn p\u00e5 lenge, og temaet v\u00e5rt er no ei utviding av l\u00e6remiddelrettane til \u00e5 gjelda vanlege dataprogram, ei utviding av m\u00e5llova og ein auka innsats for nynorske dataprogram. Landsm\u00f8tet i Ap vedtok dessutan ein sterkare m\u00e5lpost enn p\u00e5 mange \u00e5r der partiet kl\u00e5rt og tydeleg seier ja til sidem\u00e5l.<\/p>\n<p>Eg skulle ynskt at me kunne seia det same om H\u00f8gre, men der stadfeste diverre landsm\u00f8tet i mai at partiet vil avskaffa den obligatoriske skriftlege sidem\u00e5lsoppl\u00e6ringa, og nynorskopposisjonen med utspring i Sogn og Fjordane n\u00e5dde ikkje fram. Ogs\u00e5 i fleire andre saker har H\u00f8gre saman Framstegspartiet teke mindre nynorskvenlege standpunkt enn dei andre partia. H\u00f8gre var det einaste partiet p\u00e5 Stortinget som i 1998 ville snevra inn parallellut\u00e5veordninga til tradisjonelle l\u00e6reb\u00f8ker, og saman med Frp gjekk partiet imot l\u00f8yvingar til nynorsk barnebokklubb i statsbudsjettet sist haust.<\/p>\n<p>Det er ikkje triveleg \u00e5 m\u00e5tta dra fram dette. Det finst ei rad gode m\u00e5lfolk i H\u00f8gre, \u00f2g mellom stortingskandidatane, som gjer ein god jobb for nynorsken og som kjem i ei vanskeleg klemme. Men Noregs M\u00e5llag hadde svikta rolla si som interesseorganisasjon for nynorskbrukarane om me ikkje hadde peika p\u00e5 dette framfor eit stortingsval.<\/p>\n<p>For det er uheldig at det spr\u00e5kpolitiske skiljet i aukande grad g\u00e5r mellom sentrum-\/venstre-partia p\u00e5 den eine sida og h\u00f8grepartia p\u00e5 hi. Nynorsken og m\u00e5lreisinga er og skal vera for alle, slik me i aukande grad ser i nynorskomr\u00e5da der solide h\u00f8grefolk syter for at bedriftene sine brukar meir og meir nynorsk.<\/p>\n<p>H\u00f8gre har s\u00e5 langt ikkje nytta h\u00f8vet til \u00e5 fortelja kva partiet vil gjera for nynorsken dei neste fire \u00e5ra ut over \u00e5 gjera han valfri for bokm\u00e5lselevar i den vidareg\u00e5ande skulen. Partiet har nokre dagar og veker att p\u00e5 \u00e5 overtyda oss og b\u00f8r bruka tida godt.<\/p>\n<p>Den same utfordringa g\u00e5r til dei andre partia. Landsm\u00f8tet i juli har sagt kva som er dei fem viktigaste sakene for nynorsken \u00e5 f\u00e5 gjennomf\u00f8rt i neste stortingsperiode:<\/p>\n<p>1. Ta eit krafttak for nynorsk som IT-spr\u00e5k og nynorske l\u00e6remiddel!<br \/>\n2. Styrk norskoppl\u00e6ringa (medrekna sidem\u00e5lsoppl\u00e6ringa)!<br \/>\n3. Styrk m\u00e5ljamstellinga i staten!<br \/>\n4. Prioriter Norsk Ordbok og eit nynorsk leksikon!<br \/>\n5. Lag ei spr\u00e5kleg maktutgreiing!\u00a0<\/p>\n<p>Eg vonar alle fylkeslag, lokallag, medlemer og alle andre vert med p\u00e5 \u00e5 setja eit nynorsk preg p\u00e5 det som er att av valkampen. Ynsket v\u00e5rt er at flest mogleg tek med seg omsynet til nynorsken inn i valkampen og gjev r\u00f8ysta si til det partiet og dei kandidatane som dei meiner kan gjera mest for spr\u00e5ket v\u00e5rt dei neste fire \u00e5ra. R\u00f8yst nynorsk!<\/p>\n<p>Oddmund L\u00f8kensgard Hoel<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>[Leiar i Norsk Tidend, nr. 3, 2001.] \u201dTenk nynorsk p\u00e5 valdagen \u00f2g!\u201d Denne oppmodinga g\u00e5r fr\u00e5 landsm\u00f8tet i Noregs M\u00e5llag til veljarane framfor stortingsvalet 10. september. Fylkeslag, lokallag, medlemer og m\u00e5lfolk elles vert samstundes oppmoda om \u00e5 kasta seg inn &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/r%c3%b8yst-nynorsk\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":126,"menu_order":4,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-122","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/122"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=122"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/122\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=122"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}