{"id":123,"date":"2007-05-07T20:29:03","date_gmt":"2007-05-07T18:29:03","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=123"},"modified":"2007-05-07T20:35:45","modified_gmt":"2007-05-07T18:35:45","slug":"usikker-framtid-nt-22001","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/usikker-framtid-nt-22001\/","title":{"rendered":"Usikker framtid (NT 2\/2001)"},"content":{"rendered":"<p>[Leiar i <em>Norsk Tidend<\/em>, nr. 2, 2001.]<\/p>\n<p>Landsm\u00f8tet i juli skal vedta eit nytt tre\u00e5rs arbeidsprogram for Noregs M\u00e5llag. Det vert eit s\u00e6rs viktig vedtak der ei gjennomgripande opprusting av m\u00e5lreisinga og m\u00e5lr\u00f8rsla m\u00e5 st\u00e5 sentralt.<\/p>\n<p>Sett fr\u00e5 \u00e9in synsvinkel er ikkje stoda i dag s\u00e5 ille, og nynorsken har greidd seg bra gjennom 1990-\u00e5ra. Me kan oppsummera eit viktig gjennombrot for nynorsk som oppl\u00e6ringsm\u00e5l i dei st\u00f8rste byane, nynorsk er styrkt som bruksm\u00e5l i dei tjukkaste nynorskomr\u00e5da, s\u00e6rleg ved at n\u00e6ringslivet har vorte flinkare til \u00e5 bruka m\u00e5let, nynorsken har eit langt betre utgangspunkt for ein frammarsj p\u00e5 IT-feltet enn for nokre \u00e5r sidan, og den opne nynorskmotstanden har iallfall ikkje vorte st\u00f8rre. Ser me p\u00e5 samskipnaden, har b\u00e5de medlemstal og aktivitet vore stabil, ulikt mange andre liknande organisasjonar.<\/p>\n<p>Alt dette er likevel ei mager tr\u00f8yst n\u00e5r ein ser p\u00e5 dei store utfordringane nynorsken og m\u00e5lr\u00f8rsla st\u00e5r andsynes i tida som kjem. Me veit b\u00e5de at presset mot sidem\u00e5lsordninga vil halda fram, at IT-revolusjonen kan bli lagnadstung for alle mindretalsspr\u00e5k om marknadskreftene skal f\u00e5 r\u00e5 utemja, at folkeauken i dag er mykje st\u00f8rre i bokm\u00e5ls- enn i nynorskomr\u00e5da, og at alt for mange, \u00f2g nynorskfolk, stiller seg likes\u00e6le til m\u00e5lsp\u00f8rsm\u00e5let. Dette fell saman med at presset fr\u00e5 engelsk mot heile det norske spr\u00e5komr\u00e5det aukar kraftig. D\u00e5 er det ikkje triveleg at m\u00e5lsp\u00f8rsm\u00e5let framleis er vist til utkanten av \u00e5lmenta og rikspolitikken, og at det ikkje er mogleg \u00e5 f\u00e5 auga p\u00e5 tonegjevande politikarar som b\u00e5de i ord og handling vil atterreisa framtida for nynorsken og norsk spr\u00e5k i det heile som eit nasjonalt kulturpolitisk tema.<\/p>\n<p>Dette er det einast m\u00e5lr\u00f8rsla som kan gjera noko med. D\u00e5 Telenor nyleg vedtok \u00e5 g\u00e5 over til engelsk som konsernspr\u00e5k, sat bokm\u00e5lsfolket stille og s\u00e5g p\u00e5. For oss ligg det likevel s\u00e6rs mykje inspirasjon \u00e5 henta i det gryande oppr\u00f8ret mot dei negative utslaga av globaliseringa og det aukande arbeidet i mange land for \u00e5 ta vare p\u00e5 det spr\u00e5klege og kulturelle mangfaldet. Styret i Noregs M\u00e5llag helsa i v\u00e5r ei norsk avdeling av antiglobaliseringsorganisasjonen Attac velkomen, og det vellukka vinterseminaret i Bergen vart eit startskot p\u00e5 det sterkare internasjonale engasjementet og perspektivet som m\u00e5 prega norsk m\u00e5lreising i tida som kjem.<\/p>\n<p>Gledeleg er det \u00f2g at me kan sj\u00e5 omrisset av ein ny distriktskamp. Her ligg det viktige alliansar for m\u00e5lr\u00f8rsla, og her har me mykje \u00e5 tilby. Ei hovudline i norsk m\u00e5lreising gjennom 150 \u00e5r har nettopp vore \u00e5 f\u00e5 fram at det ikkje er det spr\u00e5klege og kulturelle grunnlaget i hovudstaden som einsidig b\u00f8r liggja til grunn for den nasjonale spr\u00e5k- og kulturutviklinga, men det grunnlaget som er skapt av folk i bygd og by gjennom hundre\u00e5ra. At motsetnaden er like levande i dag som p\u00e5 Bj\u00f8rnson og Garborg si tid, demonstrerer Kjetil Rolness i Dagbladet 20. januar: \u201dI stedet for vokabular har vi dialekter. Her finnes ingen grenser for nyanser, heller ikke for m\u00e5ter \u00e5 uttale ordet \u2019sn\u00f8\u2019.\u201d<\/p>\n<p>Att\u00e5t \u00e5 halda fram med \u00e5 prioritera den spr\u00e5klege oppveksten til born i skular og barnehagar, er det avgjerande at me \u00f2g greier \u00e5 styrkja nynorsken utanfor desse institusjonane. Auka nynorskbruk i media og IT er s\u00e6rleg viktig for at dei oppveksande generasjonane skal m\u00f8ta nynorsk i kvardagen og sj\u00e5 at det er eit spr\u00e5k for framtida, ikkje berre for fortida. Avgjerande er det \u00f2g at me greier \u00e5 lyfta spr\u00e5k og spr\u00e5kpolitikk langt h\u00f8gare opp p\u00e5 den rikspolitiske saklista slik det faktisk har skjedd i grannelanda v\u00e5re enn hj\u00e5 oss.<\/p>\n<p>Skal m\u00e5lr\u00f8rsla greia b\u00e5de denne utfordringa, vinna m\u00e5lstridene i lokalsamfunna og \u00e5 f\u00e5 eit spr\u00e5kleg engasjement ut til breiare krinsar, treng me framfor alt ein sterkare og meir attraktiv organisasjon \u00e5 vera aktiv i. Det kjem ikkje av seg sj\u00f8lv \u2013 det krev meir arbeid, meir folk og ikkje minst meir pengar, mellom anna medlemspengar.<\/p>\n<p>Det er all grunn til \u00e5 vera uroleg for framtida til nynorsken n\u00e5r me no formar ut strategien for dei neste \u00e5ra. Men det er \u00f2g all grunn til \u00e5 ta med seg at m\u00e5lr\u00f8rsla fr\u00e5 Garborg til i dag har oppn\u00e5dd store resultat, og at det fyrst og fremst er opp til oss og ikkje til \u201dutviklinga\u201d korleis dette skal g\u00e5.<\/p>\n<p>Oddmund L\u00f8kensgard Hoel<\/p>\n<p>leiar<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>[Leiar i Norsk Tidend, nr. 2, 2001.] Landsm\u00f8tet i juli skal vedta eit nytt tre\u00e5rs arbeidsprogram for Noregs M\u00e5llag. Det vert eit s\u00e6rs viktig vedtak der ei gjennomgripande opprusting av m\u00e5lreisinga og m\u00e5lr\u00f8rsla m\u00e5 st\u00e5 sentralt. Sett fr\u00e5 \u00e9in synsvinkel &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/usikker-framtid-nt-22001\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":126,"menu_order":5,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-123","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/123"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=123"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/123\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=123"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}