{"id":124,"date":"2007-05-07T20:32:00","date_gmt":"2007-05-07T18:32:00","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=124"},"modified":"2007-05-07T20:35:56","modified_gmt":"2007-05-07T18:35:56","slug":"h%c3%b8gre-%e2%80%93-eit-riksmalsparti-nt-12001","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/h%c3%b8gre-%e2%80%93-eit-riksmalsparti-nt-12001\/","title":{"rendered":"H\u00f8gre \u2013 eit riksm\u00e5lsparti? (NT 1\/2001)"},"content":{"rendered":"<p>[Leiar i <em>Norsk Tidend<\/em>, nr.\u00a01, 2001.]<\/p>\n<p>Etter sidem\u00e5lsstriden i fjor haust er det meir interessant enn p\u00e5 lenge for m\u00e5lfolk kva program partia g\u00e5r til val p\u00e5 i september. \u2013 Ein halv million nynorskveljarar har krav p\u00e5 ei spr\u00e5kpolitisk avklaring fr\u00e5 alle parti fram til stortingsvalet, skreiv eg i denne spalta i fjor haust med s\u00e6rleg adresse til Arbeidarpartiet og SV etter at partia gjekk saman med H\u00f8gre mot obligatorisk sidem\u00e5lsoppl\u00e6ring i Oslo.<\/p>\n<p>Arbeidarpartiet gjorde unna landsm\u00f8tet sitt i november, og den spr\u00e5kpolitiske avklaringa kom etter godt arbeid fr\u00e5 nynorskfolk i partiet. Landsm\u00f8tet tok inn ein m\u00e5lpost i programmet for neste stortingsperiode som var sterkare enn p\u00e5 lenge, og som sl\u00e5r klart fast at partiet vil forsvara den obligatoriske oppl\u00e6ringa i b\u00e5e spr\u00e5k.<\/p>\n<p>St\u00f8rst spaning knyter det seg no til H\u00f8gre, som den siste stortingsperioden ikkje berre har hatt eit program som seier nei til sidem\u00e5l, men \u00f2g har gjort sidem\u00e5lsmotstanden til ei viktig skulepolitisk kampsak. Saman med Framstegspartiet gjorde H\u00f8gre i oktober 1999 framlegg i Stortinget om \u00e5 fjerna den obligatoriske skriftlege sidem\u00e5lsundervisninga i den vidareg\u00e5ande skulen, og etter at dette framlegget fall mot r\u00f8ystene til sentrum, Ap og SV, freista H\u00f8gre-byr\u00e5det i Oslo i august 2000 \u00e5 f\u00e5 gjennomf\u00f8rt programposten lokalt i Oslo. Det sentrale argumentet fr\u00e5 dei som ikkje st\u00e5r fram som opne nynorskfiendar, har vore at sidem\u00e5let stel mykje tid fr\u00e5 hovudm\u00e5lsundervisninga, alts\u00e5 ein bl\u00e5kopi av den argumentasjonen H\u00f8gre nytta mot sidem\u00e5lsordninga i 1907. Og attp\u00e5til skuldar dei m\u00e5lr\u00f8rsla for ikkje \u00e5 tenkja nytt i sidem\u00e5lssp\u00f8rsm\u00e5let.<\/p>\n<p>Unge H\u00f8gre har i lang tid freista \u00e5 skaffa seg r\u00f8yster og medlemer mellom bokm\u00e5lsungdom gjennom sidem\u00e5lsmotstand og nynorskhets, sist med kampanjen \u201dLa dem raute nynorsk bare vi slipper\u201d. Det er heller ikkje nytt at lokale H\u00f8gre-folk g\u00e5r ut mot sidem\u00e5lsundervisninga. Det nye i 90-\u00e5ra var at sidem\u00e5lsmotstandarane fekk eit knapt landsm\u00f8tefleirtal i mai 1997 med p\u00e5 \u00e5 programfesta eit nei til skriftleg sidem\u00e5lsundervisning og dermed gjera dette til offisiell H\u00f8gre-politikk. Programkomiteen med leiar Jan Petersen og nestleiar Oddvar Nilsen i spissen g\u00e5r no inn for \u00e5 f\u00f8ra denne lina vidare. I programframlegget som kom fyrste veka i februar, st\u00e5r det at \u201dH\u00f8yre vil gj\u00f8re den skriftlige sidem\u00e5lsundervisningen valgfri\u201d (i den vidareg\u00e5ande skulen).<\/p>\n<p>Det spr\u00e5kpolitiske hamskiftet i H\u00f8gre er likevel langt fr\u00e5 fullf\u00f8rt. Etter fire \u00e5rs programfesta sidem\u00e5lsmotstand er det ei gryande sannkjenning i nynorskomr\u00e5da av at sidem\u00e5lsaktivismen til H\u00f8gre er eit problem, noko som nyleg kom tydeleg til uttrykk i ein st\u00f8rre krangel p\u00e5 \u00e5rsm\u00f8tet til Sogn og Fjordane H\u00f8gre. Fleire kulturmedvitne bokm\u00e5lsfolk i partiet har \u00f2g gjeve uttrykk for at dei likar det nye (eller rettare: utgamle) sidem\u00e5lsstandpunktet d\u00e5rleg, mellom anna ordf\u00f8raren i Oslo som offentleg kritiserte sitt eige byr\u00e5d i sidem\u00e5lssaka i haust.<\/p>\n<p>N\u00e5r H\u00f8gre samlar seg til landsm\u00f8te 4.-6. mai m\u00e5 partiet ta det endelege valet mellom \u00e5 vera eit kulturmedvite tospr\u00e5ksparti, slik me har l\u00e6rt \u00e5 kjenna det i etterkrigstida, eller eit populistisk riksm\u00e5lsparti, slik Unge H\u00f8gre og Inge L\u00f8nning vil. Dette er ikkje eit lineval partiet tek gjennom allmenne formuleringar om \u00e5 ta vare p\u00e5 b\u00e5e spr\u00e5k, men ut fr\u00e5 eit ja eller nei til om det skal vera obligatorisk skriftleg oppl\u00e6ring i b\u00e5e spr\u00e5k b\u00e5de i grunnskulen og den vidareg\u00e5ande skulen.<\/p>\n<p>Dette er eit val m\u00e5lfolk, m\u00e5llag, fylkesm\u00e5llag og andre nynorskvener m\u00e5 hjelpa H\u00f8gre med \u00e5 ta i vekene som kjem. Og av alle argument mot sidem\u00e5l er det eitt me skal vera s\u00e6rleg p\u00e5 vakt mot: Det er den f\u00f8restellinga at ein b\u00f8r slutta med den obligatoriske sidem\u00e5lsoppl\u00e6ringa av omsyn til <em>nynorsken <\/em>fordi ho i dag gjer lite motiverte bokm\u00e5lselevar meir negative til m\u00e5let. Det er ein merkeleg p\u00e5stand p\u00e5 mange m\u00e5tar. Aldri har det vore meir sidem\u00e5lsundervisning enn i dag, og aldri har haldningane til nynorsk vore <em>mindre<\/em> negative. Dette er berre ei stadfesting av ei av hovudtesane til Europar\u00e5det og EU i \u201dDet europeiske spr\u00e5k\u00e5ret\u201d som me er inne i: Spr\u00e5koppl\u00e6ring og utvikling av positive spr\u00e5khaldningar g\u00e5r hand i hand.<\/p>\n<p>Fram mot valkampen vil Noregs M\u00e5llag g\u00e5 partia n\u00f8ye etter i saumane og gje veljarane klare vurderingar av spr\u00e5kpolitikken til partia. Eg har sagt at ein konklusjon kan bli \u00e5 be veljarane halda seg borte fr\u00e5 parti som seier nei til sidem\u00e5l. I det lengste vel eg \u00e5 tru at dette ikkje gjeld H\u00f8gre. Det er eit sterkt kulturkonservativt element i m\u00e5lreisinga og nynorsktradisjonen som tidlegare har hatt god atterklang i H\u00f8gre, og m\u00e5lr\u00f8rsla treng H\u00f8gre bak det breie kompromisset som har lege bak norsk spr\u00e5kpolitikk dei siste ti\u00e5ra. Men etter den siste stortingsperioden er det fyrst og fremst opp til H\u00f8gre \u00e5 visa at det er eit parti som nynorskvener kan finna seg til rette i og r\u00f8ysta p\u00e5.<\/p>\n<p>Oddmund L\u00f8kensgard Hoel<\/p>\n<p>leiar i Noregs M\u00e5llag<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>[Leiar i Norsk Tidend, nr.\u00a01, 2001.] Etter sidem\u00e5lsstriden i fjor haust er det meir interessant enn p\u00e5 lenge for m\u00e5lfolk kva program partia g\u00e5r til val p\u00e5 i september. \u2013 Ein halv million nynorskveljarar har krav p\u00e5 ei spr\u00e5kpolitisk avklaring &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/h%c3%b8gre-%e2%80%93-eit-riksmalsparti-nt-12001\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":126,"menu_order":6,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-124","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/124"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=124"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/124\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=124"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}