{"id":127,"date":"2007-05-07T21:25:44","date_gmt":"2007-05-07T19:25:44","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=127"},"modified":"2007-05-07T21:25:44","modified_gmt":"2007-05-07T19:25:44","slug":"forsvar-nynorskoppl%c3%a6ring-for-alle-nt-42000","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/forsvar-nynorskoppl%c3%a6ring-for-alle-nt-42000\/","title":{"rendered":"Forsvar nynorskoppl\u00e6ring for alle! (NT 4\/2000)"},"content":{"rendered":"<p>[Leiar i <em>Norsk Tidend<\/em>, nr. 4, 2000.]<\/p>\n<p>Ein spr\u00e5kpolitisk allianse mellom H\u00f8gre og Arbeidarpartiet i hovudstaden st\u00e5r bak det mest alvorlege \u00e5taket p\u00e5 lenge p\u00e5 prinsippet om at alle nordmenn skal l\u00e6ra b\u00e5de bokm\u00e5l og nynorsk. Dei to partia vil at elevar p\u00e5 inntil 12 vidareg\u00e5ande skular i byen skal kunna velja seg bort fr\u00e5 undervisning og eksamen i nynorsk og dermed fr\u00e5 halve norskfaget. H\u00f8gre ville i utgangspunktet gjennomf\u00f8ra dette \u201dfors\u00f8ket\u201d p\u00e5 alle skular, SV ville ha det p\u00e5 fem.<\/p>\n<p>Ein skal ikkje undra seg over at H\u00f8gre g\u00e5r inn for dette. Partiet vil i programmet for stortingsperioden 1997-2001 \u201dgjere den skriftlege sidem\u00e5lsundervisninga valfri\u201d og pr\u00f8ver seg no i hovudstaden etter at Oslo H\u00f8gre har brukt saka som veljar\u00e5te i to valkampar, og etter at H\u00f8gre vart st\u00e5ande \u00e5leine saman Framstegspartiet d\u00e5 partiet tok opp saka i Stortinget i fjor.<\/p>\n<p>Arbeidarpartiet og SV kan ein undra seg noko meir over. P\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 Oslo M\u00e5llag i valkampen i fjor svarte b\u00e5e partia at dei ville g\u00e5 imot framlegget fr\u00e5 H\u00f8gre. Men i august sprang dei fr\u00e5 b\u00e5de vallovnader og partiprogram, Ap fordi \u201d\u2013 Jeg synes ikke nynorsk er spesielt viktig i \u00e5r 2000. Du finner ikke mye nynorsk p\u00e5 en PC\u201d (Jorun Bekkby i Aftenposten 16\/8). Lyspunktet i Bystyret har vore Venstre, Krf og RV med komiteleiar Trine Skei Grande (Venstre) i spissen som har f\u00f8rt eit godt og aktivt forsvar for at Oslo framleis b\u00f8r vera hovudstaden for nynorskbrukarane \u00f2g. Me kan sameleis gle oss mykje over at ein brei allianse av aviser p\u00e5 leiarplass, politikarar, kulturfolk og andre har engasjert seg kraftfullt i saka. Nynorsken har mange vener som vil ta eit tak n\u00e5r det r\u00f8yner p\u00e5.<\/p>\n<p>Alt p\u00e5 Vinterseminaret i januar i \u00e5r tok Noregs M\u00e5llag opp sidem\u00e5lssp\u00f8rsm\u00e5let til grunnleggjande ordskifte, og hendingane i Oslo dei siste vekene stadfester at arbeidet v\u00e5rt m\u00e5 intensiverast enno meir, b\u00e5de innanfor skuleverket og i dei politiske milj\u00f8a.\u00a0<\/p>\n<p>Det har det kome tydeleg fram kor d\u00e5rleg skriveoppl\u00e6ringa i nynorsk jamt over er, og kor lite det er av henne. Byr\u00e5det har aktivt spreidd r\u00f8varhistorier med Finn-Erik Vinje som opphav om at 30-50% av norsktimane g\u00e5r med til terping av nynorsk grammatikk. Ein 19-\u00e5rig sidem\u00e5lsmotstandar i tredje klasse p\u00e5 Oslo Katedralskole fekk fram det alle veit i Aftenposten Aften 25\/9 d\u00e5 han klaga over at \u201ddet er et vesentlig poeng som ikke har kommet frem i debatten: Vi f\u00e5r faktisk ikke undervisning i nynorsk i den videreg\u00e5ende skolen.\u201d<\/p>\n<p>At det g\u00e5r f\u00f8re seg ein del vonlaus terping av nynorsk grammatikk, er det derimot sant. B\u00e5de i fagplanane, eksamensordninga og skrivepedagogikken som vert dosert p\u00e5 l\u00e6rarutdanningane, ligg det mykje godt som kunne gjort nynorskoppl\u00e6ringa langt betre og meir motiverande, men har prella av p\u00e5 litt for mange l\u00e6rarar. N\u00e5r elevane stiller p\u00e5 skulen med negative haldningar til nynorsk alt f\u00f8r den fyrste nynorsktimen, seier det seg sj\u00f8lv at l\u00e6rarane spelar ei heilt avgjerande rolle i \u00e5 skapa forst\u00e5ing for spr\u00e5ket. Den viktigaste ressursen me har, er dei vellukka norskl\u00e6rarane som gjer eit framifr\u00e5 arbeid og sender fr\u00e5 seg bokm\u00e5lselevar som b\u00e5de er gode i nynorsk og har eit avslappa og jamvel positivt tilh\u00f8ve til spr\u00e5ket. Det er Utdanningsdepartementet og det nye statlege L\u00e6ringssenteret sitt ansvar \u00e5 f\u00e5 i gang eit reelt utviklingsarbeid som kan f\u00e5 fleire til \u00e5 lukkast som norskl\u00e6rarar \u2013 det fortener b\u00e5de elevane og l\u00e6rarane. Noregs M\u00e5llag dr\u00f8fta dette med departementet fleire gonger i v\u00e5r og vil fylgja opp saka tett utover hausten no som Oslo-politikarane ironisk nok har skapt ei opning for \u00e5 f\u00e5 gjort noko bra p\u00e5 feltet.<\/p>\n<p>Me har \u00f2g f\u00e5tt stadfesta at m\u00e5lsp\u00f8rsm\u00e5let og s\u00e6rleg sp\u00f8rsm\u00e5let om obligatorisk oppl\u00e6ring i b\u00e5e spr\u00e5k m\u00e5 reisast med st\u00f8rre kraft i alle parti. Dei er alle saman kl\u00f8yvde geografisk og kulturelt og p\u00e5 tvers av andre skiljeliner i denne saka, og mange kulturelt medvitne H\u00f8gre-politikarar likar seg d\u00e5rleg om dagen. I utkastet til nytt valprogram har partiet like godt feid sidem\u00e5lssp\u00f8rsm\u00e5let under teppet, og korkje programframlegga til Ap eller Krf nemner m\u00e5lsp\u00f8rsm\u00e5let i det heile. M\u00e5lr\u00f8rsla har ei s\u00e6rs viktig oppg\u00e5ve fram mot partilandsm\u00f8ta i \u00e5 kjempa for at alle parti, medrekna H\u00f8gre og Framstegspartiet, g\u00e5r til val p\u00e5 ein god spr\u00e5kpolitikk.<\/p>\n<p>Det hastar, for det mest alvorlege med Oslo-saka er at me er i ferd med \u00e5 f\u00e5 ein politikargenerasjon som gjer den spr\u00e5klege fjortispolitikken stoverein. I Oslo Ap er det AUF-arane som har st\u00e5tt p\u00e5 barrikadane mot sidem\u00e5l i haust, og Oslo Unge H\u00f8gre, som i v\u00e5r markerte seg med vervekampanjen \u201dLa dem raute nynorsk, bare vi slipper\u201d, skriv no p\u00e5 nettsidene sine: \u201dDet er godt \u00e5 vite at en s\u00e5pass ung mann som [B\u00e5rd] Folke Fredriksen, som var leder i Oslo Unge H\u00f8yre for bare 9 \u00e5r siden, i dag er den som har mest \u00e5 si i Oslo-skolen.\u201d<\/p>\n<p>Me f\u00f8reset at Trond Giske g\u00e5r mot sitt eige Oslo-parti avviser s\u00f8knaden fr\u00e5 Oslo kommune. Deretter har ein halv million nynorskveljarar krav p\u00e5 ei spr\u00e5kpolitisk avklaring fr\u00e5 alle parti fram til stortingsvalet.<\/p>\n<p>Oddmund L\u00f8kensgard Hoel<\/p>\n<p>leiar<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>[Leiar i Norsk Tidend, nr. 4, 2000.] Ein spr\u00e5kpolitisk allianse mellom H\u00f8gre og Arbeidarpartiet i hovudstaden st\u00e5r bak det mest alvorlege \u00e5taket p\u00e5 lenge p\u00e5 prinsippet om at alle nordmenn skal l\u00e6ra b\u00e5de bokm\u00e5l og nynorsk. Dei to partia vil &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/forsvar-nynorskoppl%c3%a6ring-for-alle-nt-42000\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":126,"menu_order":8,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-127","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/127"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=127"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/127\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=127"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}