{"id":128,"date":"2007-05-07T21:27:52","date_gmt":"2007-05-07T19:27:52","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=128"},"modified":"2007-05-07T21:27:52","modified_gmt":"2007-05-07T19:27:52","slug":"almenn-r%c3%b8ysterett-fra-hausten-nt-32000","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/almenn-r%c3%b8ysterett-fra-hausten-nt-32000\/","title":{"rendered":"\u00c5lmenn r\u00f8ysterett fr\u00e5 hausten (NT 3\/2000)"},"content":{"rendered":"<p>[Leiar i <em>Norsk Tidend<\/em>, nr. 3, 2000.]<\/p>\n<p>P\u00e5 landsm\u00f8tet i 1998 vart me n\u00f8ydd til \u00e5 ta inn eit punkt i arbeidsprogrammet om at me skulle \u201darbeida for \u00e5 f\u00e5 tilbake den allmenne r\u00f8ysteretten ved r\u00e5dgjevande r\u00f8ysting om oppl\u00e6ringsm\u00e5let\u201d. D\u00e5 hadde Stortinget nettopp vedteke den nye oppl\u00e6ringslova, og der hadde eit fleirtal av Arbeidarpartiet og Framstegspartiet overraskande g\u00e5tt saman om \u00e5 avgrensa r\u00f8ysteretten til foreldre som har born p\u00e5 skulen r\u00f8ystinga gjeld, det vil seia ei end\u00e5 snevrare og meir urettvis ordning enn i \u00e5ra mellom 1971 og 1985. D\u00e5 hadde iallfall foreldra til born under skulepliktig alder r\u00f8ysterett. Likevel gjekk eit samr\u00f8ystes Storting attende til \u00e5lmenn r\u00f8ysterett i 1985 fordi ordninga fungerte d\u00e5rleg. Utdanningsminister Jon Lilletun bad m\u00e5lfolket bli med p\u00e5 omkamp alt hausten 1998, men optimismen v\u00e5r har likevel ikkje vore stor. Seinast i \u00e5rsmeldinga for 1998 oppsummerte styret at det er lite som tyder p\u00e5 at det er mogleg \u00e5 f\u00e5 gjort om lova i noverande stortingsperiode.<\/p>\n<p>Sjeldan er det ei s\u00e5 stor glede \u00e5 vedg\u00e5 at ein tok feil! I haust vart det kl\u00e5rt at regjeringa kom til \u00e5 be Stortinget gjera ymse endringar i oppl\u00e6ringslova, mellom anna om godkjenningsordninga for l\u00e6reb\u00f8ker som det br\u00e5tt vart viktig \u00e5 bli kvitt. Me tok d\u00e5 opp r\u00f8ysterettssp\u00f8rsm\u00e5let, fyrst med sentrumsregjeringa som s\u00e5 vidt hadde byrja \u00e5 greia ut saka d\u00e5 ho m\u00e5tte g\u00e5 i mars, og seinare med Ap-regjeringa som ikkje nemnde sp\u00f8rsm\u00e5let d\u00e5 proposisjonen kom 28. april. Men Stortinget har kome p\u00e5 andre tankar, og det er no kl\u00e5rt at eit fleirtal med iallfall Ap, sentrum og SV g\u00e5r inn for \u00e5lmenn r\u00f8ysterett i innstillinga fr\u00e5 Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen som kjem 7. juni. Det m\u00e5 d\u00e5 eit jordskjelv til for at Odelstinget skal gjera noko anna n\u00e5r saka kjem opp der 13. juni, s\u00e5 n\u00e5r neste skule\u00e5r byrjar, vil det eitt\u00e5rige eksperimentet med avgrensa r\u00f8ysterett vera over.<\/p>\n<p>KrF, Sp, Venstre og SV heile tida har st\u00e5tt trygt p\u00e5 \u00e5lmenn r\u00f8ysterett, og n\u00f8kkelen har s\u00e5leis vore Arbeidarpartiet. Oppmodingane har vore sterke b\u00e5de fr\u00e5 partilag, partimedlemer og m\u00e5lr\u00f8rsla, og alt d\u00e5 lova vart vedteken i 1998, sa Ap i Stortinget at \u201ddersom forslaget sl\u00e5r feil ut, m\u00e5 [me] kunne kome tilbake til dette og rette det opp\u201d. Det er det Ap no har gjort, og partiet og Sigvald Oppeb\u00f8en Hansen har s\u00e5leis halde lovnaden fr\u00e5 1998. Det st\u00e5r det respekt av, og det lovar sv\u00e6rt godt for det vidare samarbeidet v\u00e5rt med regjeringspartiet. Me m\u00e5 p\u00e5 v\u00e5r side ta noko av ansvaret for at vedtaket i 1998 ikkje vart stogga. Signala var neppe tydelege nok om at dette var s\u00e6rs viktig for oss, dels fordi saka kom overraskande heilt i siste runde, og dels fordi me undervurderte dei negative konsekvensane av endringa. Bokm\u00e5ls- og riksm\u00e5lsfolket tok rett og slett innersvingen p\u00e5 oss.<\/p>\n<p>Me fekk raskt oppleva at \u201dforslaget slo feil ut\u201d. R\u00f8ystingane byrja \u00e5 tikka inn, og n\u00e5r skule\u00e5ret er over, vil det totalt ha vore r\u00f8ystingar ved 16 skular. Ni av dei hadde neppe kome om det hadde vore \u00e5lmenn r\u00f8ysterett. Me m\u00e5 heilt attende til skule\u00e5ret 1977-78 og \u00e5ra kring 1970 for \u00e5 finna h\u00f8gare tal. Tretten har kome i nynorskkrinsar, og dei tre \u00e5taksr\u00f8ystingane i Steinkjer 5. juni kjem fordi skulane m\u00e5 ta imot elevar fr\u00e5 to nynorskskular som kommunen la ned. Utfallet var ikkje kl\u00e5rt i meir enn ti av krinsane d\u00e5 dette var skrive, men stillinga var d\u00e5 5-5, og me skal nok greia \u00e5 halda uavgjort i dei siste seks \u00f2g.<\/p>\n<p>Det burde sj\u00f8lvsagt vore 16-0 til nynorsken. Men r\u00f8ystingane har \u00f2g vist at sv\u00e6rt mange foreldre vil stri for nynorsken i dei blandings- og pressomr\u00e5da det her er tale om. Det har b\u00e5de vore ein imponerande kampvilje og mykje god organisering i foreldreflokken, og fleire stader er det skipa eller oppattskipa m\u00e5llag.<\/p>\n<p>Viktigast er det likevel den prinsipielle sida. Oppl\u00e6ringsm\u00e5let i skulen er ei viktig kultursak som f\u00e5r fylgjer for m\u00e5lbruken i heile lokalsamfunnet \u2013 det er ikkje og m\u00e5 aldri f\u00e5 bli eit reint skulesp\u00f8rsm\u00e5l og ei individuell sak for foreldra. Foreldreretten er alt sikra gjennom parallellklasseordninga som m\u00e5lr\u00f8rsla har vore den fremste forsvararen av i alle \u00e5r, og i dei sm\u00e5 krinsane er skulane s\u00e5 viktige kulturinstitusjonar at det b\u00e5de vil vera ei demokratisk, kulturpolitisk og skulepolitisk ulukke \u00e5 skjera over dei banda mellom skulen og bygda som den \u00e5lmenne r\u00f8ysteretten er.<\/p>\n<p>Den st\u00f8rste feilen me kan gjera no, er \u00e5 la den \u00e5lmenne r\u00f8ysteretten bli ei sovepute. P\u00e5 nynorskskulane Liland (Bergen) og Flisnes (\u00c5lesund) kom r\u00f8ystingane fordi talet p\u00e5 nynorskelevar fall til under dei ti som m\u00e5 vera att, og jamt over kjem r\u00f8ystingane der m\u00e5larbeidet og m\u00e5llaget ligg nede. Den elendige kommune\u00f8konomien gjer \u00f2g at me vil f\u00e5 fleire r\u00f8ystingar fordi kommunane legg ned skular. Sterke og aktive m\u00e5llag er framleis den beste medisinen mot bokm\u00e5l i skulen, og sterke m\u00e5llag trengst ikkje minst n\u00e5r me no m\u00e5 ta opp att arbeidet med \u00e5 vinna attende krinsane som gjekk mellombels over til bokm\u00e5l i 80- og 90-\u00e5ra.<\/p>\n<p>Oddmund L\u00f8kensgard Hoel<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>[Leiar i Norsk Tidend, nr. 3, 2000.] P\u00e5 landsm\u00f8tet i 1998 vart me n\u00f8ydd til \u00e5 ta inn eit punkt i arbeidsprogrammet om at me skulle \u201darbeida for \u00e5 f\u00e5 tilbake den allmenne r\u00f8ysteretten ved r\u00e5dgjevande r\u00f8ysting om oppl\u00e6ringsm\u00e5let\u201d. D\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/almenn-r%c3%b8ysterett-fra-hausten-nt-32000\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":126,"menu_order":9,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-128","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/128"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=128"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/128\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=128"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}