{"id":129,"date":"2007-05-07T21:29:34","date_gmt":"2007-05-07T19:29:34","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=129"},"modified":"2007-05-07T21:29:34","modified_gmt":"2007-05-07T19:29:34","slug":"regjeringsskifte-og-kulturstrid-nt-22000","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/regjeringsskifte-og-kulturstrid-nt-22000\/","title":{"rendered":"Regjeringsskifte og kulturstrid (NT 2\/2000)"},"content":{"rendered":"<p>[Leiar i <em>Norsk Tidend<\/em>, nr. 2, 2000.]<\/p>\n<p>Kommentarane kring regjeringsskiftet i midten av mars gav oss eit sl\u00e5ande innblikk dei kulturelle frontlinene i Noreg. Dagbladet :p\u00e5 nettet gjekk til trendsynsarane for \u00e5 f\u00e5 det dei ville ha: \u201d- Bondevik-regjeringen traff du p\u00e5 Bondeheimen. Denne Regjeringen kan du risikere \u00e5 m\u00f8te p\u00e5 caf\u00e9. Caf\u00e9 latte-faktoren er nok h\u00f8y, n\u00e6rmest jubler Tone Sk\u00e5rdal Tobiasson, sjefredakt\u00f8r i motebladet Tique.\u201d<\/p>\n<p>Bergens Tidende slo \u00f2g fast at det hadde vore kulturskifte i regjeringskontora, men hadde sympatien p\u00e5 hi sida: \u201dFor somme har desse to og eit halvt \u00e5ra knapt vore til \u00e5 halda ut, for Bondeviks mannskap representerte d\u00e5 vitterleg ein kultur som Oslo-folk trudde dei hadde gjort seg ferdig med. Salmesong og dialekt og b\u00f8nder og nynorsk og kontantst\u00f8tte, kven kan seia kva som er verst?\u201d<\/p>\n<p>Dagens N\u00e6ringsliv kunne minna oss om at dette like mykje er ein kulturkonflikt internt i partia som mellom dei. Avisa slo fast at \u201dDet kunne v\u00e6rt verre. Vi kunne f\u00e5tt Tove Karoline Knutsen som kulturminister \u2013 festspilldirekt\u00f8ren som vil sende all norsk byungdom til et plikt\u00e5r i grisgrendte str\u00f8k.\u201d<\/p>\n<p>Det interessante med dette er ikkje dei konkrete fylgjene regjeringsskiftet vil f\u00e5 for nynorsken. Eg trur ikkje vi vil sj\u00e5 dei store skilnadene. Rett nok hadde Noregs M\u00e5llag eit godt tilh\u00f8ve til sentrumsregjeringa, ikkje minst etter at kulturminister \u00c5slaug Haga viste lovande nynorsk-takter p\u00e5 ny\u00e5ret. Likevel har vi ingen grunnar til \u00e5 tvila p\u00e5 at Ellen Horn og Trond Giske kan bli gode ministrar for nynorsken. Vi hugsar \u00c5se Kleveland, og vi skal gje Stoltenberg-regjeringa alle sjansar til \u00e5 ta tak i dei mange felta den f\u00f8rre regjeringa fekk gjort for lite med, som nynorsk programvare.<\/p>\n<p>Viktigare er det at regjeringsskiftet har gjort kulturstriden i det norske samfunnet synleg. Og der st\u00e5r det ikkje mellom Bondevik og Stoltenberg, men om kva syn p\u00e5 spr\u00e5k, kultur og identitet som skal f\u00e5 r\u00e5. For hovudstadseliten som har mediemakt til \u00e5 definera seg sj\u00f8lv som landets h\u00f8gvyrde kulturelle midtpunkt og alt anna som \u2019harry\u2019, finst det knapt noko verre enn potensielle kulturministrar som meiner byungdom burde sj\u00e5 meir av landet sitt. Alt i alt har lite endra seg bak skodda av mangfalds- og toleranseretorikk, og sjeldan vert det meir vulg\u00e6rt enn n\u00e5r Oslo Unge H\u00f8gre lagar flygeblad. \u201dLa dem raute nynorsk, bare vi slipper\u201d var teksten p\u00e5 det siste, som var illustrert med ei ku.<\/p>\n<p>Vi har end\u00e5 ein gong vorte minna p\u00e5 at kampen for den folkelege kulturskapinga m\u00e5 halda fram. Ikkje ved \u00e5 forsvara alt som vert kalla folkeleg n\u00e5r platt er rette ordet, men ved \u00e5 f\u00e5 fram at det som vert prestert p\u00e5 kulturfronten av vanlege folk med r\u00f8ter i lokale tradisjonar ofte b\u00e5de har ein kvalitet og eit internasjonalt utsyn som overg\u00e5r det som til vanleg vert rekna som \u201dh\u00f8g\u201d kultur.<\/p>\n<p>Dette er ikkje ein strid for eller mot det \u201durbane\u201d. I byane er det tvert om snakk om \u00e5 skapa ein avslappa norsk urbanitet med normale europeiske drag som ikkje tvingar ein til \u00e5 klamra seg til caf\u00e9 latte og bokm\u00e5l, men som byggjer p\u00e5 eit ope syn p\u00e5 heile landet og s\u00e5leis inkluderer b\u00e5de Bondeheimen, Armani-dressar og nynorsk \u2013 spr\u00e5ket som tek heile landet i bruk.<\/p>\n<p>Oddmund L\u00f8kensgard Hoel<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>[Leiar i Norsk Tidend, nr. 2, 2000.] Kommentarane kring regjeringsskiftet i midten av mars gav oss eit sl\u00e5ande innblikk dei kulturelle frontlinene i Noreg. Dagbladet :p\u00e5 nettet gjekk til trendsynsarane for \u00e5 f\u00e5 det dei ville ha: \u201d- Bondevik-regjeringen traff &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/regjeringsskifte-og-kulturstrid-nt-22000\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":126,"menu_order":10,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-129","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/129"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=129"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/129\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=129"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}