{"id":130,"date":"2007-05-07T21:31:01","date_gmt":"2007-05-07T19:31:01","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=130"},"modified":"2007-05-07T21:31:01","modified_gmt":"2007-05-07T19:31:01","slug":"nynorsk-som-it-sprak-nt-12000","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/nynorsk-som-it-sprak-nt-12000\/","title":{"rendered":"Nynorsk som IT-spr\u00e5k (NT 1\/2000)"},"content":{"rendered":"<p>[Leiar i <em>Norsk Tidend<\/em>, nr. 1, 2000.]<\/p>\n<p>Nynorskfolk finn seg i det meste. Dagleg godtek me \u00e5 lesa riksaviser effektivt reinsa for nynorsk, f\u00e5 postkassa full av glorete reklame p\u00e5 bokm\u00e5l, sitja med ungane framfor nynorsk- og dialektfritt barnefjernsyn og f\u00e5 eksamensoppg\u00e5ver, brev og skjema fr\u00e5 det offentlege p\u00e5 bokm\u00e5l sj\u00f8lv om ein gong etter gong har kryssa for nynorsk. Desse tinga er ikkje s\u00e5 viktige kvar for seg, tenkjer me, men samstundes veit me inderleg godt kva for eit massivt bokm\u00e5lspress alt dette skapar til saman. Og dersom me ein hende gong reagerer, f\u00e5r me med ein gong stempel som fanatikarar og kverulantar, og kvir oss for \u00e5 gjera det neste gong.<\/p>\n<p>D\u00e5 er det annleis med dei verkelege fanatikarane og kverulantane i m\u00e5lstriden \u2013 bokm\u00e5lsfolk som ikkje toler \u00e5 sj\u00e5 nynorsk i uventa situasjonar. Det er dei som lagar \u201dtelefonstormar\u201d, det vil seia fem hissige telefonar i l\u00f8pet av ein dag, og skriv utskjellingsbrev til offentlege etatar som har vore s\u00e5 frekke \u00e5 senda ut spr\u00e5kkl\u00f8yvde informasjonsskriv. Resultatet er at det har fest seg ei sterk haldning som seier at ein skal unng\u00e5 \u00e5 provosera bokm\u00e5lsbrukarane, s\u00e6rleg i dei meir marknads- og kundeorienterte delane av samfunnslivet som det offentlege meir og meir vert ein del av. Og nynorskkundane h\u00f8yrer ein jo ikkje noko til, med mindre ein har kome i skade for \u00e5 senda ut noko p\u00e5 d\u00e5rleg nynorsk.<\/p>\n<p>Informasjonsteknologien er eit felt der nynorskbrukarar alt for lenge har funne seg i alt for mykje. Berre i 1999 kj\u00f8pte truleg nynorskbrukarar og nynorskbrukande institusjonar program fr\u00e5 Microsoft for mange millionar kroner meir enn det ville kosta \u00e5 utvikla nynorskversjonar av dei same programma. Og alle veit eigenleg at det er viktig \u2013 det ser me til d\u00f8mes n\u00e5r ungdom med nynorskbakgrunn byrjar \u00e5 laga nettsidene sine p\u00e5 bokm\u00e5l fordi dei malane og vegvisarane som gjer det enkelt \u00e5 laga nettsider er p\u00e5 bokm\u00e5l. Likevel fortalde Conrad Hansen i datafirmaet Acos til Norsk Tidend 3\/99 at han har levert dataprogram til kommunane sidan 1983, men aldri m\u00f8tt eit einaste krav om programvare p\u00e5 nynorsk.<\/p>\n<p>Nynorskorganisasjonane har no sett i gang ein aksjon for nynorsk programvare der b\u00e5de Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsk kultursentrum, Norsk M\u00e5lungdom og Noregs M\u00e5llag vil ta eit tak. N\u00e5r dette vert lese har Noregs M\u00e5llag alt hatt m\u00f8te med kulturministeren og statssekret\u00e6ren i N\u00e6rings- og handelsdepartementet, og sosialministeren, helseministeren og utdanningsministeren st\u00e5r for tur i nest omgang. Bodskapen til alle desse er at det offentlege m\u00e5 ta eit krafttak for utviklinga av nynorskspr\u00e5kleg programvare slik ein ser staten har gjort i ei rad andre land (til d\u00f8mes p\u00e5 Island). N\u00f8kkelen er at staten brukar innkj\u00f8psmakta som ligg i dei statlege milliardane som i \u00e5ra framover skal g\u00e5 til innkj\u00f8p av programvare og spr\u00e5kteknologi til \u00e5 stimulera nynorsk programvareproduksjon.<\/p>\n<p>Her er det ein lang veg \u00e5 g\u00e5. Utdanningsminister Jon Lilletun la i januar fram ein IKT-plan for norsk utdanning for dei neste fire \u00e5ra som ikkje inneheldt eit ord om nynorsk og m\u00e5ljamstelling, end\u00e5 den f\u00f8rre fire\u00e5rsplanen tok opp dette p\u00e5 fleire punkt. Fleire aktuelle saker fr\u00e5 KUF berre dei siste to m\u00e5nadene syner at kampen g\u00e5r for fullt i det sentrale politiske og byr\u00e5kratiske apparatet mellom dei som vil styrkja nynorsken, og dei som tykkjer sp\u00f8rsm\u00e5let er uviktig og at det hadde vore enklare om alle fann seg i bokm\u00e5let. Ei regjering med mange nynorskbrukande og nynorskvenlege folk \u2013 som attp\u00e5til sit p\u00e5 oppseiing \u2013 er ingen garanti for m\u00e5lr\u00f8rsla.<\/p>\n<p>Kontakten v\u00e5r med politikarane i Oslo vert berre slag i lause lufta dersom nynorskbrukarar p\u00e5 skular, i statlege etatar, kommunar, bedrifter, organisasjonar og p\u00e5 heimekontoret framleis skal sitja p\u00e5 baken framfor PD-en og godta at det som kjem fram p\u00e5 skjermen er p\u00e5 bokm\u00e5l og engelsk. Det ynsket som faktisk finst omkring i landet om nynorske dataprogram m\u00e5 bli synleg \u2013 for styresmaktene, programvareprodusentane, dataforhandlarane og media. Dette ansvaret kviler i fyrste rekkje p\u00e5 dei lokale m\u00e5llaga som m\u00e5 syta for at dei sj\u00f8lve og medlemer som sit i posisjon til det syter for at det vert formulert og gjort kjent kvifor dette er viktig, og at program og produkt som faktisk finst p\u00e5 nynorsk i dag vert kj\u00f8pte inn.<\/p>\n<p>Dette er eit arbeid som b\u00f8r engasjera nynorskfolk i bokm\u00e5lsomr\u00e5da i like stor grad som nynorskomr\u00e5da. For ein kan aldri tru at framtidas ungdom nokon gong skal f\u00e5 eit normalt tilh\u00f8ve til nynorsk gjennom sidem\u00e5lsundervisninga dersom dei aldri har sett nynorsk p\u00e5 ein dataskjerm. IT-bransjen har alt vist at det er fullt mogleg \u2013 til d\u00f8mes Opera som har laga nettlesar i nynorskversjon, Telescan i Moss som leverer mobiltelefonar med nynorske menyar og Telenor som har utvikla grunnteknologi for kunstig tale og talegjenkjenning p\u00e5 b\u00e5de bokm\u00e5l og nynorsk.<\/p>\n<p>No har me ein einest\u00e5ande sjanse til \u00e5 skapa eit gjennombrot for nynorsk som IT-m\u00e5l, men d\u00e5 m\u00e5 me ikkje end\u00e5 ein gong tenkja at \u2019det er ikkje s\u00e5 farleg\u2019 n\u00e5r hjelpeteksten dukkar opp p\u00e5 bokm\u00e5l neste gong.<\/p>\n<p>Oddmund L\u00f8kensgard Hoel<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>[Leiar i Norsk Tidend, nr. 1, 2000.] Nynorskfolk finn seg i det meste. Dagleg godtek me \u00e5 lesa riksaviser effektivt reinsa for nynorsk, f\u00e5 postkassa full av glorete reklame p\u00e5 bokm\u00e5l, sitja med ungane framfor nynorsk- og dialektfritt barnefjernsyn og &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/nynorsk-som-it-sprak-nt-12000\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":126,"menu_order":11,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-130","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/130"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=130"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/130\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=130"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}