{"id":131,"date":"2007-05-07T21:32:09","date_gmt":"2007-05-07T19:32:09","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=131"},"modified":"2007-05-07T21:32:09","modified_gmt":"2007-05-07T19:32:09","slug":"tusen-ar-til-nt-41999","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/tusen-ar-til-nt-41999\/","title":{"rendered":"Tusen \u00e5r til (NT 4\/1999)"},"content":{"rendered":"<p>[Leiar i <em>Norsk Tidend<\/em>, nr. 4, 1999.]<\/p>\n<p>Med Ivar Mortensson Egnunds ord \u201dTusen \u00e5rs rot det hev i landet, tusen \u00e5r til s\u00e5 skal det stande\u201d har m\u00e5lfolket, med og utan ironi, sunge seg gjennom det hundre\u00e5ret me snart har lagt bak oss. Lange perspektiv har me aldri vore redde for, s\u00e5 m\u00e5lfolket burde kjenna seg heime n\u00e5r kloten no skal markera eit tusen\u00e5rsskifte.<\/p>\n<p>Dei h\u00f8ge hugm\u00e5la har gjeve oss p\u00e5gangsmot og arbeidslyst i dei 150 \u00e5ra sidan det byrja. Og midt oppe i det daglege m\u00e5lstrevet kan det av og til vera lett \u00e5 dr\u00f8yma seg 100 \u00e5r attende til ei tid d\u00e5 m\u00e5lreisinga var prega av uro og ein utruleg framgang, ikkje den stabile situasjonen i dag. Sume l\u00e5ner kanskje \u00f2g \u00f8yra til brautande riksm\u00e5lsfolk som oppsummerer sitt eige 100-\u00e5rsjubileum med at \u201ddet er riksm\u00e5let som har seiret i v\u00e5r hundre\u00e5rige norske spr\u00e5kstrid\u201d.<\/p>\n<p>Til det er det berre eitt \u00e5 seia: Takk for at m\u00e5lstoda i dag ikkje er som i 1899! \u201dAlt var mye bedre under krigen\u201d syng den tidlegare riksm\u00e5lsungdomen Ole Paus. Det har han all grunn til. Det som berre var ein draum for 100 \u00e5r sidan, er i dag r\u00f8yndom. Nynorsken er ikkje lenger eit spr\u00e5kleg og politisk eksperiment, men kvardagsspr\u00e5k og morsm\u00e5l for mange hundre tusen nordmenn. Det \u201dseirende\u201d riksm\u00e5let er skuvd ut av delar av landet i eit omfang som ville f\u00e5tt Bj\u00f8rnson til \u00e5 rotera i grava, og det har m\u00e5tta finna seg i \u00e5 dela plassen med nynorsken i resten av landet. Innanfor skj\u00f8nnlitteratur, faglitteratur, kulturinstitusjonar, offentleg forvaltning, skuleverk, forsking og etter kvart data og n\u00e6ringsliv og alle andre samfunnsomr\u00e5de har nynorsken vunne seg rom. Etter at politikarane i Os i haust vart samde \u2013 p\u00e5 nynorsk \u2013 om \u00e5 laga innvandrarrekneskap, er det heller ikkje lett \u00e5 hevda at nynorsken berre er spr\u00e5ket for dei politisk korrekte. S\u00e5 sj\u00f8lvsagd er nynorsken at mange heller ikkje ser noko poeng i \u00e5 arbeida aktivt, medvite og organisert for m\u00e5let sitt ut over \u00e5 bruka det. For m\u00e5lr\u00f8rsla er det eit problem, men for nynorsken er det ein styrke, og det ville vera utenkjeleg i 1899. Slik er stoda dramatisk endra p\u00e5 desse 100 \u00e5ra \u2013 til det betre: Nynorsken har aldri vore s\u00e5 rotfest i det norske samfunnet og i folkesjela som han er i dag.<\/p>\n<p>M\u00e5l\u00e5ret 2000 vil ikkje skilja seg mykje ut fr\u00e5 1999. Det vil framleis st\u00e5 om \u00e5 styrkja sidem\u00e5let, arbeida for parallellklassar, vinna skulem\u00e5lsr\u00f8ystingar, styrkja fotfestet innanfor IT og n\u00e6ringsliv, rusta opp organisasjonen, meisla ut strategiar og h\u00f8yra p\u00e5 alle dei som vil bruka tusen\u00e5rsskiftet til \u00e5 repetera at nynorsken syng p\u00e5 siste verset. Ein kan alltids tenkja h\u00f8gt om korleis det vil st\u00e5 til med nynorsken om hundre eller tusen \u00e5r. Men det me kan l\u00e6ra av tida me har bak oss, er at det til sjuande og sist er det daglege arbeidet og dei mange sm\u00e5 stega som tel, og at det kanskje er her den st\u00f8rste inspirasjonen \u00f2g ligg. S\u00e5 n\u00e5r me hevar blikket og glaset nytt\u00e5rsaftan, kan me roleg sl\u00e5 fast: Det nynorske tusen\u00e5rsriket er her alt, og det er opp til oss kva dei neste \u00e5ra skal gje.<\/p>\n<p>Oddmund L\u00f8kensgard Hoel<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>[Leiar i Norsk Tidend, nr. 4, 1999.] Med Ivar Mortensson Egnunds ord \u201dTusen \u00e5rs rot det hev i landet, tusen \u00e5r til s\u00e5 skal det stande\u201d har m\u00e5lfolket, med og utan ironi, sunge seg gjennom det hundre\u00e5ret me snart har &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/tusen-ar-til-nt-41999\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":126,"menu_order":12,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-131","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/131"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=131"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/131\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=131"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}