{"id":133,"date":"2007-05-07T21:45:22","date_gmt":"2007-05-07T19:45:22","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=133"},"modified":"2007-05-07T21:45:22","modified_gmt":"2007-05-07T19:45:22","slug":"leiartale-2002","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/leiartale-2002\/","title":{"rendered":"Leiartale 2002"},"content":{"rendered":"<p><strong>Landsm\u00f8tet i Noregs M\u00e5llag, Oslo 26.\u201328. april 2002<\/strong><\/p>\n<p>Av Oddmund L\u00f8kensgard Hoel<\/p>\n<p>Kj\u00e6re landsm\u00f8te!<\/p>\n<p>Me er i nynorskhovudstaden, og godt er det. Noregs M\u00e5llag har ein lang og god tradisjon med \u00e5 leggja landsm\u00f8tet rundt i landet, og dette er berre fjerde gongen me samlast i Oslo etter krigen. No er det 11 \u00e5r sidan sist. D\u00e5 er det p\u00e5 tide \u2013 det er \u00f2g viktig for oss \u00e5 markera at Oslo er nynorskbrukarane og m\u00e5lfolket sin hovudstad. Me sit i ein tradisjonsrik sal med mykje spr\u00e5khistorie i veggene. Meir skal det bli i l\u00f8pet av denne helga, sj\u00f8lv om det neppe vil g\u00e5 like varmt f\u00f8re seg som d\u00e5 Det Norske Teatret opna her i 1913 med Kong Haakon og regjeringa til stades, piping i salen og slagsm\u00e5l i gatene.<\/p>\n<p>Slagsm\u00e5l er det mindre av for tida, men det interesserer oss framleis kva regjeringa steller med. Dei som var p\u00e5 landsm\u00f8tet i fjor hugsar uroa for kva dei m\u00e5lpolitiske fylgjene av stortingsvalet og eit eventuelt regjeringsskifte ville bli. Det er for tidleg \u00e5 fella ein endeleg dom, men etter eit drygt halv\u00e5r er iallfall fredingstida forlengst over. Ei viktig pr\u00f8ve kom med m\u00e5llovsmeldinga i desember og f\u00f8rehavinga i Stortinget som vart avslutta for to og ei halv veke sidan. Regjeringa skal som kjent leggja fram ei stortingsmelding kvart fjerde \u00e5r der det vert gjort opp status for m\u00e5lbruken i staten, og meldingane har utvikla seg til \u00e5 bli dei viktigaste generelle spr\u00e5kpolitiske dokumenta fr\u00e5 regjeringa.<\/p>\n<p>Det var all grunn til \u00e5 gje regjeringa mykje ros for meldinga, b\u00e5de for den m\u00e5ten grunnlaget for norsk spr\u00e5kpolitikk var formulert p\u00e5, og s\u00e6rleg for eit tungt satsingsprosjekt med m\u00e5l om \u00e5 oppfylla m\u00e5llova i alle departement og statsorgan i l\u00f8pet av tre \u00e5r. Det er s\u00e6rleg verdt \u00e5 merka seg at H\u00f8gre i stortingsordskiftet, heilhjarta og utan atterhald, streka under at \u201ddet \u00f8nskelig med en styrking av bruken av nynorsk\u201d i staten og p\u00e5 det grunnlaget gav full st\u00f8tte til dei mange gode framlegga. Det er dermed eit breiare politisk grunnlag bak m\u00e5llovsarbeidet i dag enn for fire \u00e5r sidan \u2013 det er viktig, og det har me grunn til \u00e5 gle oss over.<\/p>\n<p>Den store pr\u00f8va kjem likevel n\u00e5r regjeringa og Stortinget i v\u00e5r skal ta stilling til om Posten og NSB skal fylgja m\u00e5llova ogs\u00e5 etter at dei blir aksjeselskap. Saka er like rundt hj\u00f8rna, og utfallet er viktig i seg sj\u00f8lv: det er snakk om den framtidige nynorskbruken i to vitale samfunnsinstitusjonar med ei vidgreint verksemd og sv\u00e6rt mykje publikumskontakt. Men like viktig er det at avgjerda i denne konkrete saka legg sterke f\u00f8ringa for om det seinare vil bli slege prinsipielt fast at m\u00e5llova ogs\u00e5 skal gjelda for utskilde og fristilte statsf\u00f8retak. Det sentrale motargumentet er at det er urimeleg om statsf\u00f8retak skal ha andre vilk\u00e5r og plikter enn dei private selskapa dei skal tevla med p\u00e5 ein fri marknad i ei liberalisert framtid. No er det rett nok ikkje me som har bede om at breva og toga v\u00e5re skal bli utsette for fri tevling, men skal det fyrst skje, er det ingen problem med \u00e5 bruka konsesjonar og statlege kontraktar om tenestekj\u00f8p til \u00e5 stilla n\u00f8yaktig dei same m\u00e5lkrava til private som til statlege bedrifter. Det einaste som krevst er kulturpolitisk vilje.<\/p>\n<p>Det ein verkeleg kan undra seg over er at det s\u00e5 langt har teke ti \u00e5r \u00e5 finna ut om m\u00e5llova framleis skal gjelda for statsf\u00f8retak som ho tidlegare galdt for, medan det er gjort p\u00e5 eit halv\u00e5r \u00e5 omdanna Posten og NSB til aksjeselskap!<\/p>\n<p>Strykkarakteren m\u00e5 diverre takast i bruk n\u00e5r me kjem til den totale mangelen p\u00e5 tiltak for styrkja nynorsk som IT-spr\u00e5k. Ikkje berre har regjeringa s\u00e5 langt late vera \u00e5 gjera noko som helst \u2013 ho har \u00f2g sett ein stoppar for framdrifta i fleire viktige prosjekt som Stoltenberg-regjeringa fekk i stand dei siste m\u00e5nadene ho sat. Det gjeld sp\u00f8rsm\u00e5let om staten skal krevja b\u00e5de nynorsk- og bokm\u00e5lsversjonar n\u00e5r dei kj\u00f8per inn dataprogram, det gjeld sp\u00f8rsm\u00e5let om \u00e5 la parallellutg\u00e5vekravet gjelda for vanlege dataprogram slik at nynorskelevar f\u00e5r dei p\u00e5 nynorsk, og det gjeld arbeidet for \u00e5 sikra nynorsk ein plass i dei nasjonale kunnskapsbasane p\u00e5 nettet. Etter ti m\u00e5nader har L\u00e6ringssenteret framleis ikkje f\u00e5tt svar p\u00e5 tilr\u00e5dinga si fr\u00e5 i juni i fjor om stilla krav om nynorskversjonar av program i skulen, og Utdanningsdepartementet fjerna formuleringar om dette d\u00e5 dei nyleg laga den nye \u00e5rsplanen for IKT i norsk utdanning. Dette grensar mot sabotasje!<\/p>\n<p>Ute \u00e5 k\u00f8yra er \u00f2g parallellutg\u00e5veordninga for l\u00e6reb\u00f8ker som i 30 \u00e5r har vore heilt avgjerande for \u00e5 gje ungdom fr\u00e5 nynorskomr\u00e5da ein r\u00f8ynleg sjanse til \u00e5 ta med seg spr\u00e5ket sitt seinare i livet. Omkampane om ordninga tek visst aldri slutt, og me er midt inne i ein ny. I samband med Reform 94 delte staten ut meir pengar i l\u00e6reboktilskot enn han hadde, hovudsakleg til b\u00f8ker for sm\u00e5 fag og ikkje til nynorske parallellutg\u00e5ver, og alle pengane dei siste \u00e5ra har g\u00e5tt til \u00e5 betala gamal gjeld utan at regjeringa og Stortinget har lyfta ein finger for \u00e5 gjera noko med problemet. Resultatet er at det ikkje er lyst ut midlar til nye parallellutg\u00e5ver sidan hausten 1999, og det er lett \u00e5 skj\u00f8na at forlaga er oppgjevne over at staten p\u00e5 denne m\u00e5ten har skrive fr\u00e5 seg alt ansvar for at det kjem parallellutg\u00e5ver. Stoda er no at me fryktar totalhavari i heile ordninga dersom ikkje det \u00f8konomiske problemet vert l\u00f8yst i \u00e5r. Det m\u00e5 gjerast n\u00e5r regjeringa legg fram revidert budsjett i mai. Torsdag aksjonerer me i von om at nokre pip n\u00e5r fram til kontoret til Clemet, mellom anna med eit opprop fr\u00e5 rektorar i den vidareg\u00e5ande skulen.<\/p>\n<p>Det meste av arbeidet Noregs M\u00e5llag driv med er reine spr\u00e5kpolitiske saker, oftast knytte til spr\u00e5klege rettar. Samstundes ser me at nokre av dei aller viktigaste sakene me arbeider med, ikkje kan kallast direkte spr\u00e5kpolitiske saker. Av alle enkeltvedtak i Stortinget det siste \u00e5ret, har truleg det viktigaste for framtida til nynorsk skriftkultur vore at pressest\u00f8tta til dei sm\u00e5 lokalavisene skal aukast. Pressest\u00f8tta er ei ordning som aldri har vore spr\u00e5kpolitisk motivert, sj\u00f8lv om fleirtalet i Stortinget no i april la vekt p\u00e5 at \u201dDe sm\u00e5 lokalavisene har i tillegg en viktig funksjon i forhold til ivaretagelse av nynorsk og nyansene i norsk spr\u00e5k generelt.\u201d Sameleis har me stilt oss i fremste rekkje i kampen for den desentraliserte strukturen i NRK, fyrst og fremst fordi distriktskontora er avgjerande for nynorsk som radio- og fjernsynsspr\u00e5k.<\/p>\n<p>Det generelle biletet av rolla v\u00e5r i norsk m\u00e5lstrid i dag er at me vinn dei aller fleste m\u00e5lpolitiske sakene me brukar kreftene p\u00e5. Me f\u00e5r kanskje ikkje fullt gjennomslag, og det tek gjerne mykje lengre tid enn tolmodet v\u00e5rt rekk, men me n\u00e5r fram. Derimot tapar me jamt og trutt dei store sakene, dei som skapar rammevilk\u00e5ra for spr\u00e5kbruk og spr\u00e5kpolitikk og p\u00e5 sikt er langt meir avgjerande enn enkeltsakene me vinn. Det er ingen grunn til \u00e5 tru at det vil endra seg. Framover vil me nok heller sj\u00e5 meir, ikkje mindre kommersialisering, nyliberalisme, individualisme, sentralisering og redusert offentleg styring. Marknadsretorikken har f\u00e5tt eit kraftig nakketak p\u00e5 det politiske spr\u00e5ket og dermed ogs\u00e5 p\u00e5 den politiske tenkinga, langt inn i venstresida og kulturlivet. Dette tener ikkje eit mindretalsfenomen som nynorsken, som nettopp har kunna vakse seg sterkt fordi offentlege reguleringar og vern har gjeve m\u00e5let eit rom for spr\u00e5kskaping og private initiativ som dei frie marknadskreftene aldri hadde kome til \u00e5 gjeve det. Det er berre \u00e5 samanlikna dei private bokm\u00e5lsmonopola i Akersgata med den jobben NRK som statseigd fyrt\u00e5rn har gjort for \u00e5 br\u00f8yta veg for nynorsken i etermedia.<\/p>\n<p>Noregs M\u00e5llag har dei siste \u00e5ra utvida perspektivet p\u00e5 m\u00e5larbeidet og brydd seg meir rammevilk\u00e5ra for nynorsken. Eit godt d\u00f8me er satsinga p\u00e5 Pirion og kulturbarnehagen. Eg trur det er sv\u00e6rt mykje \u00e5 henta for samskipnaden i \u00e5 g\u00e5 vidare i den retninga. Den typen samfunnsendringar som mest direkte r\u00e5kar oss, er dei sentraliserande prosessane \u2013 det ser me heilt direkte p\u00e5 skulem\u00e5lsprosenten. Me let oss slett ikkje vippa av pinnen av nokre promille, men det kan ikkje vera mykje tvil om at ein ny stor runde med kommunesamansl\u00e5ingar snart vil koma opp, framtvinga av \u00f8konomisk sveltef\u00f4ring av sm\u00e5kommunane. \u201dRegionalisering\u201d er eit samlande, og misvisande, stikkord for mykje av det som skjer, misvisande fordi det i dei fleste tilfella ikkje er snakk om styrking av regionar ved at dei f\u00e5r overf\u00f8rt makt fr\u00e5 hovudstaden, men at makt og ressursar vert sentraliserte.<\/p>\n<p>Noregs M\u00e5llag b\u00f8r ikkje ta til \u00e5 meina mindre om spr\u00e5k og meir om heilt andre ting, tvert om: Det er snakk om \u00e5 ha tru p\u00e5 at saka v\u00e5r er s\u00e5 viktig at ho i st\u00f8rre grad enn i dag kan vera med p\u00e5 \u00e5 prega utfallet av st\u00f8rre saker. Omsynet til nynorsken er eit viktig argument for \u00e5 halda oppe ein desentralisert struktur i NRK, det er eit viktig og sj\u00f8lvstendig argument for heile pressest\u00f8tteordninga, og det er eit argument for \u00e5 flytta statlege arbeidsplassar fr\u00e5 Oslo til nynorskkommunar. Omsynet til \u00e5 kunna f\u00f8ra ein aktiv m\u00e5ljamstellingspolitikk talar \u00f2g imot \u00e5 privatisera offentlege verksemder, og ein nynorskkommune b\u00f8r ikkje sl\u00e5 seg ilag med ein bokm\u00e5lskommune dersom det set nynorsken i fare.<\/p>\n<p>Me lir nok framleis under \u00e5 ha vore p\u00e5 v\u00e5r eigen filologiske banehalvdel for lenge der spr\u00e5k er viktig nok i seg sj\u00f8lv og me ikkje har lagt oss veldig i selen for \u00e5 grunngje verdien av nynorsken og spr\u00e5k i det heile i ein vidare samfunnssamanheng. Det er difor sv\u00e6rt interessant at Dag J\u00f8rund L\u00f8nning kunne fortelja oss i Norsk Tidend at dei regionane som har den sterkaste kulturelle identiteten, ogs\u00e5 greier seg best \u00f8konomisk. Det var ikkje nokon han hadde dikta opp, men ein fellesnemnar i mange europeiske forskingsrapportar. Nettopp det same var H\u00e5vard Teigen innom i artikkelen sin i \u201dKampen for spr\u00e5ket\u201d som han skreiv som regionalforskar, ikkje som styremedlem. Der har han funne ut at folketalsutviklinga over lang tid har vore betre i nynorskkommunar enn i bokm\u00e5lskommunar dei kan samanliknast med. Attp\u00e5til kjenner folk i nynorskkommunane seg meir knytte til heimstaden enn folk i bokm\u00e5lskommunar. Her blir det snakka eit spr\u00e5k f\u00e5r fram kor viktig spr\u00e5k er, ogs\u00e5 for politikarar, n\u00e6ringssjefar og andre som prim\u00e6rt har interessert seg for dei \u201dharde\u201d realitetane som me ofte tapar for.<\/p>\n<p>Den store utfordringa for m\u00e5lr\u00f8rsla framover vil ikkje vera \u00e5 m\u00f8ta neste m\u00e5llovsmelding, neste sidem\u00e5lsstrid eller neste skulem\u00e5lsr\u00f8ysting. Den store utfordringa er \u00e5 ta meir del i forminga av dei lange linene, i rammevilk\u00e5ra for nynorsken. Noregs M\u00e5llag er i dag ein mektig organisasjon p\u00e5 v\u00e5rt felt. Carl I. Hagen har i dag oppmuntra landsm\u00f8tet i Framstegspartiet med at dei har 15.000 medlemer, og med det er dei for tida det st\u00f8rste partiet i norsk politikk. Me har 13.000 medlemer og er den sterkaste krafta i norsk spr\u00e5kpolitikk, s\u00e6rleg n\u00e5r me sl\u00e5r oss i lag med dei andre organisasjonane og institusjonane i m\u00e5lr\u00f8rsla som me har eit utmerka og effektivt samarbeid med. Men det som gjer oss til ein mektig organisasjon, er ikkje nokre handgrep i Oslo, men at me har ei lang historie som brei medlemsorganisasjon og mange og aktive medlemer og lag utover landet. Dette er ei kraft me betre kunne brukt f\u00e5 gjennomslag i meir overordna saker dersom me oftare allierte oss med organisasjonar utanfor m\u00e5lr\u00f8rsla.<\/p>\n<p>Noregs M\u00e5llag har framleis mykje \u00e5 henta p\u00e5 \u00e5 bli skarpare og tydelegare i det generelle kulturpolitiske ordskiftet. Det finst knapt ein meir sentralistisk sektor i Noreg enn kultursektoren \u2013 iallfall den tyngste og mest synlege delane av han. Ideologi blir skapt og haldningar forma av ein kulturelite i hovudstaden der sume er meir frittalande enn andre, td. Hans Fredrik Dahl, som skreiv i Dagbladet i desember under overskrifta \u201dFarvel til distriktene\u201d: \u201dDet er trivelig med lokalnytt og plateprat p\u00e5 egen dialekt, selvf\u00f8lgelig. Men i dag, n\u00e5r det gjelder \u00e5 styrke det offentlig finansierte kanaltilbudet i en beinhard, kommersiell konkurranse, kan ikke 70-tallets spesielle dr\u00f8m om sendinger til alle p\u00e5 eget tungem\u00e5l, st\u00e5 i sentrum. I dag er offentlig kringkasting et livsviktig kulturgode, ikke en trivselsfaktor for utkantene. Dialekter appellerer dessuten mest til eldre folk, for v\u00e5re nye landsmenn er de til forvirring.\u201d<\/p>\n<p>Det er sjeldan ein ser slikt p\u00e5 prent, bortsett fr\u00e5 i Morgenbladet, s\u00e6rleg etter at det vart p\u00e5 moten \u00e5 vera for kulturelt mangfald. Men Dahl uttrykker nok her noko som mange kan nikka smilande til rundt raudvinsglasa, og truleg fleire og fleire di sterkare det kulturideologiske grepet til hovudstaden blir. Me skal ta godt vare p\u00e5 den tolerante velviljen som kjem meir banalt til uttrykk i at nynorsk er fint i dikt s\u00e5 lenge me held oss p\u00e5 den n\u00f8ye tilm\u00e5lte plassen v\u00e5r \u2013 det har skapt viktige opningar for oss og m\u00e5 framleis gjera det. Men me m\u00e5 \u00f2g i st\u00f8rre grad ta opp kampen mot det grunnfjellet av motvilje som alltid har st\u00e5tt og framleis st\u00e5r som ein ideologisk mur mot nynorsk, dialektbruk og andre kulturelle ovringar som g\u00e5r motstraums i dagens kulturelle og politiske klima der den viktigaste termen er \u201dharry\u201d.<\/p>\n<p>Det trengst ei kulturell motstandsr\u00f8rsle mot dette, ei breiare ei. Lyttartala til distriktskontora, lisensaksjonane fr\u00e5 dei mange som ikkje f\u00e5r inn NRK2, publikumstala p\u00e5 \u201dHeftig og begeistret\u201d, oppslutnaden om kulturaktivitetar landet rundt og eit utal med lokale spel og festivalar viser oss at det ikkje er folkemeininga det st\u00e5r p\u00e5. Problemet er at dei organiserte kreftene som arbeider mot den kulturelle sentraliseringa \u2013 b\u00e5de den ideologiske, fysiske og \u00f8konomiske, er for veike og for d\u00e5rleg samordna. Noregs M\u00e5llag stiller sterkt dersom me kunne tenkja oss ein breiare kulturfront for distriktskultur og norsk kulturelt mangfald. P\u00e5 den m\u00e5ten kan me \u00f2g kanskje i st\u00f8rre grad p\u00e5verka nokre generelle utviklingsdrag som i dag utarmar det materielle og kulturelle grunnlaget for nynorsken.<\/p>\n<p>Noregs M\u00e5llag er ikkje berre ein interesseorganisasjon som skal sikra dei 6-700.000 nynorskbrukarane i dag eit godt liv, men er ogs\u00e5 ein m\u00e5lreisingsorganisasjon som skal skaffa nynorsken fleire brukarar. Det krev at me heile tida formulerer posisjonen v\u00e5r p\u00e5 nytt og skriv oss inn i tida me lever i, behovet er i dag st\u00f8rre enn nokon gong. Eit steg i denne prosessen var boka \u201dKampen for spr\u00e5ket\u201d som kom i november og var utgangspunkt for haustseminaret. Dette er ein prosess eg verkeleg vonar vil halda fram, for det var ikkje slik at grunnlaget for m\u00e5lreisinga og langt mindre strategien framover vart lagt ein gong for alle, anten ein no ser attover til Ivar Aasen eller M\u00e5lreising 1967.<\/p>\n<p>Tungsinn og pessimisme er det mykje av i m\u00e5lflokken og det er gode eigenskapar: d\u00e5 er ein sikker p\u00e5 ikkje \u00e5 bli vonbroten. Men det er ikkje sikkert at det er grunnlag for tungsinnet. Eg ser iallfall tre felt der den nynorske m\u00e5lreisinga har mykje \u00e5 yta og mykje \u00e5 henta den komande tida.<\/p>\n<p>1. Den fyrste har eg alt tala nok om; det er \u00e5 ta p\u00e5 seg eit utvida ansvar for at norsk distriktspolitikk har eit tungt kulturelt innslag og at kulturpolitikken f\u00e5r eit sterkare distriktsperspektiv.<\/p>\n<p>2. Den andre er kampen for ein norsk urbanitet. \u201dNynorsk er bynorsk\u201d er slagordet for dette landsm\u00f8tet. \u201dGjer nynorsk til bynorsk!\u201d, var slagordet Noregs M\u00e5llag fekk fr\u00e5 Studentm\u00e5llaget i Oslo i 60-\u00e5ra. Det er framleis snakk om \u00e5 f\u00e5 skipa klassar med nynorsk oppl\u00e6ringsm\u00e5l i byane, og neste \u00e5r er det ti \u00e5r sidan den fyrste klassen i Oslo. Men det er \u00f2g snakk om meir enn det: det gjeld kampen for ein bykultur og ein urbanitet som ikkje vender ryggen til omlandet sitt og resten av Noreg, men tvert om byggjer kulturelle og spr\u00e5klege bruer mellom by og bygd. Byane er ikkje eit naudsynt vonde, men ein sj\u00f8lvsagt del av det norske landskapet og norsk kultur. Det er heldigvis eit aukande medvit om det verdfulle med \u00e5 ha eit kulturelt og spr\u00e5kleg mangfald i byane, men det er eit stort paradoks at toleransen andsynes innvandrarar er aukande og framandfrykta minkande p\u00e5 same tid som motviljen mot bygdefolk, bygdeliv og til ein viss grad nynorsk og dialektar heller ser ut til \u00e5 auka i dei same milj\u00f8a. H\u00f8gre-ordf\u00f8rar Per Ditlev-Simonsen har skj\u00f8na dette \u2013 han har i ei \u00e5rrekkje lagt stor og engasjert vekt p\u00e5 Oslo som innflyttarby og ein stad der ogs\u00e5 dialekt og nynorsk skal ha ein plass. Me treng fleire som han. Men framleis blir nynorskklassane i Oslo m\u00f8tt med brunskvetting og insinuasjonar om at hovudmotivet er \u00e5 sleppa innvandrarar i klassane, sj\u00f8lv om det er innvandrarar i klassane. Dette er ogs\u00e5 byen der aviser som kallar seg riksaviser framleis driv ein hardhendt spr\u00e5ksensur og nektar nynorsk \u00e5 sleppa til nynorsk i redaksjonelt stoff.<\/p>\n<p>3. Det er likevel p\u00e5 det tredje feltet mest vil endra seg: den spr\u00e5klege globaliseringa. &#8211; Noreg vert utsett for ei rask og omfemnande spr\u00e5kleg og kulturell kolonisering, og eit sterkt norsk kompradorborgarskap verkar med, sa maktutgreiar \u00d8yvind \u00d8sterud p\u00e5 haustseminaret v\u00e5rt i november. Me er i ferd med \u00e5 koma i ein situasjon der b\u00e5de bokm\u00e5l og nynorsk kjem i forsvarsposisjon mot ei global spr\u00e5kleg supermakt. Spr\u00e5k d\u00f8yr i rekordfart, og sj\u00f8lv i store spr\u00e5ksamfunn med ein lang og sterk skriftkultur spreier uroa seg raskt. Frankrike har lenge vore eit godt d\u00f8me p\u00e5 dette, og tidleg i april kom ogs\u00e5 den parlamentariske svenske spr\u00e5kkommisjonen med rapporten sin \u2013 ein murstein p\u00e5 700 sider med eit omfattande handlingsprogram for \u00e5 styrkja svensk spr\u00e5k, mellom anna som akademisk spr\u00e5k. P\u00e5 same tid kjem Bondevik-regjeringa med eit framlegg om \u00e5 styrka paragrafen i universitets- og h\u00f8gskulelova som seier at \u201dundervisningsspr\u00e5ket er til vanlig norsk\u201d. Det utrulege har skjedd: Noreg er slegen av Sverige p\u00e5 spr\u00e5kpolitikk!<\/p>\n<p>Den nye situasjonen er at bokm\u00e5let kjem i forsvarsposisjon. \u201dFri sprogutvikling\u201d vert no eit program for \u00e5 la engelsk ta over motstandslaust meir enn eit program mot nynorsk. D\u00e5 vil det nok g\u00e5 b\u00e5de eitt og to lys opp for ein del bokm\u00e5lsfolk om kva spr\u00e5kkamp er for noko. Dette er ein interessant posisjon for nynorsken og m\u00e5lr\u00f8rsla. Dei som vil forsvara bokm\u00e5let vil no f\u00e5 bruk for det me har over 100 \u00e5rs \u00f8ving i, nemleg m\u00e5lreising, m\u00e5lorganisering og spr\u00e5kkamp. S\u00e5 er det d\u00e5 \u00f2g nynorskfolk som jamt over har st\u00e5tt i fremste rekkje for \u00e5 forsvara b\u00e5de bokm\u00e5l og nynorsk mot anglifiseringa i mange \u00e5r. Men like viktig er den ideologiske og kulturelle sida ved nynorsktradisjonen. Nynorsk st\u00e5r utan ein hemjande tradisjon som kolonim\u00e5l. M\u00e5let v\u00e5rt har ei historie knytt til nasjonsbygging, folkestyre og sosial og geografisk utjamning som vekkjer positive assosiasjonar hj\u00e5 sv\u00e6rt mange nordmenn, og som vil st\u00e5 heilt sentralt i den komande m\u00e5lreisinga mot anglifiseringa. Bokm\u00e5lstradisjonen har heile tida streta imot \u2013 det er spanande \u00e5 sj\u00e5 om han framleis vil gjera det. Det kjem jamleg utsegner om at det no er p\u00e5 tide \u00e5 gravleggja den gamle norske m\u00e5lstriden og heller st\u00e5 saman mot engelsk. Ja, gjerne det, men det er ikkje opp til oss. M\u00e5lstriden g\u00e5r i all hovudsak ut p\u00e5 at nynorskfolk m\u00e5 kjempa for dei grunnleggjande spr\u00e5klege rettane sine og forsvara seg mot \u00e5tak fr\u00e5 bokm\u00e5lsfleirtalet, og det vil me halda fram med.<\/p>\n<p>Spr\u00e5ksituasjonen kallar p\u00e5 eit grunnleggjande internasjonalt perspektiv p\u00e5 norsk spr\u00e5kstrid, og igjen er det ikkje oss det st\u00e5r p\u00e5. Det er bokm\u00e5lssida som i 150 \u00e5r har terpa p\u00e5 at den norske m\u00e5lstriden er eit \u201dindre anliggende\u201d og eit s\u00e6rnorsk fenomen, utan ei einaste relevant internasjonal jamf\u00f8ring. Det er nynorskfolk som sidan Aasen har sett norsk m\u00e5lstrid i ein vid internasjonal samanheng for forsvar av spr\u00e5klege rettar, s\u00e6rdrag og identitet, og Arne og Hulda Garborg, Olav Rytter, Kjartan Fl\u00f8gstad og Berge Furre er berre eit lite utval m\u00e5lfolk i denne tradisjonen. Den internasjonalistiske tradisjonen er noko av det mest verdfulle me har med oss inn i framtida. Internasjonalt samarbeid er avgjerande for alle nasjonar og kulturar som skal greia seg godt framover.<\/p>\n<p>Det siste tilskotet v\u00e5rt p\u00e5 dette feltet er studieheftet om globalisering og spr\u00e5kpolitikk som vart ferdig rett f\u00f8r landsm\u00f8tet, redigert av Trond S\u00e6b\u00f8 Skarpeteig. Her kjem den n\u00e6re samanhengen fram mellom dei \u00f8konomiske og politiske drivkreftene bak globaliseringa og dei kulturpolitiske sidene. Det blir no tinga om liberalisering av handelen med tenester i Verdshandelsorganisasjonen (WTO). Me f\u00e5r jamleg forsikringar om at dette ikkje r\u00f8rer ved moglegheitene til \u00e5 f\u00f8ra ein nasjonal kultur- og utdanningspolitikk. Men i studieheftet kan de no lesa korleis Kanada alt har tapt ei sak i WTO om \u00e5 f\u00e5 gje \u00f8konomisk st\u00f8tte til sine eigne tidsskrift i tevlinga med dei langt mektigare USA-nske. Denne veka kom det \u00f2g fram at norske styresmakter alt i 1993 (Ap) forplikta seg til \u00e5 sleppa til utanlandske kommersielle akt\u00f8rar som vil driva privatskular i Noreg p\u00e5 lik line med norske, no n\u00e5r det skal bli lettare \u00e5 driva privatskular. Lovar dette godt for norsk spr\u00e5k- og kulturpolitikk i framtida?<\/p>\n<p>Neppe. Heldigvis er det ein global oppreist p\u00e5 gang mot dei negative sidene av globaliseringa. 60.000 kom det p\u00e5 konferansen i Porto Alegre i Brasil i vinter. Dette er ei r\u00f8rsle Noregs M\u00e5llag h\u00f8yrer naturleg heime i, b\u00e5de ut f\u00e5r tradisjonen v\u00e5r og ut fr\u00e5 den situasjonen nynorsken no st\u00e5r i. For om ikkje me syter for \u00e5 f\u00e5 omsynet til spr\u00e5k og kultur inn i denne r\u00f8rsla, er det knapt \u00e5 venta at andre vil gjera det. Antiglobaliseringsr\u00f8rsla treng oss for \u00e5 f\u00e5 ei full forst\u00e5ing av globaliseringa.<\/p>\n<p>Eg er optimistisk b\u00e5de p\u00e5 vegne av Noregs M\u00e5llag, nynorsken og m\u00e5lreisinga, og dei tre \u00e5ra som har g\u00e5tt har styrkt optimismen min. Me har mange vener, og me g\u00e5r inn i ei tid der det er mykje \u00e5 vinna. Ein av grunnane til at eg ser lyst p\u00e5 framtida er det generasjonsskiftet som samskipnaden er midt inne i. Eg var i 1999 den fyrste leiaren som hadde bakgrunn fr\u00e5 80-\u00e5ra og ikkje kom fr\u00e5 dei store aktivistkulla i 70-\u00e5ra som har bore m\u00e5lreisinga p\u00e5 skuldrene sine og lagt ned eit ufatteleg stort og viktig arbeid den siste generasjonen. Det gler meg mykje at det er stadig fleire unge folk \u00e5 sj\u00e5 b\u00e5de lokalt, p\u00e5 fylkesplan og sentralt slik arbeidsprogrammet har som m\u00e5lsetjing, samstundes som b\u00e5de mange av heltane fr\u00e5 70-\u00e5ra og dei eldre generasjonane ogs\u00e5 heng med. Gjennomsnittsalderen er framleis p\u00e5 52,4 \u00e5r n\u00e5r ein ikkje tek med m\u00e5lungdomen, s\u00e5 det er meir \u00e5 henta. Samskipnaden v\u00e5r skal ha ros for den m\u00e5ten yngre krefter har f\u00e5tt sleppa til, trass i meiningsskilnader p\u00e5 tvers av b\u00e5de generasjonar og milj\u00f8. Det er ikkje vanskeleg \u00e5 finna organisasjonar der denne prosessen har vore langt meir smertefull. Eg vonar Noregs M\u00e5llag vil halda fram med \u00e5 vera ein inspirerande m\u00f8teplass for alle fr\u00e5 ungdomsskuleelevar til pensjonistar \u2013 m\u00e5lreisinga er heilt avhengig av det.<\/p>\n<p>Landsm\u00f8tet er alt godt i gang. Eg vonar de har det bra og f\u00e5r ei landsm\u00f8tehelg i nynorskhovudstaden full av inspirerande m\u00e5lpolitikk og kulturelle opplevingar.<\/p>\n<p>Godt landsm\u00f8te!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Landsm\u00f8tet i Noregs M\u00e5llag, Oslo 26.\u201328. april 2002 Av Oddmund L\u00f8kensgard Hoel Kj\u00e6re landsm\u00f8te! Me er i nynorskhovudstaden, og godt er det. Noregs M\u00e5llag har ein lang og god tradisjon med \u00e5 leggja landsm\u00f8tet rundt i landet, og dette er &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/leiartale-2002\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":126,"menu_order":14,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-133","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/133"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=133"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/133\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=133"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}