{"id":134,"date":"2007-05-07T21:48:11","date_gmt":"2007-05-07T19:48:11","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=134"},"modified":"2007-05-07T21:48:11","modified_gmt":"2007-05-07T19:48:11","slug":"leiartala-2001","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/leiartala-2001\/","title":{"rendered":"Leiartala 2001"},"content":{"rendered":"<p><strong>Landsm\u00f8tet i Noregs M\u00e5llag, Bryne 27.\u201329. juli 2001<\/strong><\/p>\n<p>Av Oddmund L\u00f8kensgard Hoel<\/p>\n<p>Gode landsm\u00f8te!<\/p>\n<p>Fyrst vil eg ynskja Stiftinga Garborg-\u00e5ret 2001, Time kommune og Time M\u00e5llag hjarteleg til lukke med markeringa av livsverka til Arne og Hulda Garborg og takka for det de har f\u00e5tt til. Sj\u00f8lv om berre sju m\u00e5nader av \u00e5ret har g\u00e5tt, kan vi trygt sl\u00e5 fast at Garborg-\u00e5ret har vorte den suksessen vi vona p\u00e5. Vi veit ikkje kva garborgane hadde meint om alt st\u00e5ket, men det bles vi i. I det daglege m\u00e5lstrevet v\u00e5rt er b\u00e5de til stor inspirasjon og nytte at ein innimellom f\u00e5r til slike storfelte markeringar som sl\u00e5r kraftig gjennom i media og bringar nynorsken ut til fleire \u2013 p\u00e5 nye og uventa m\u00e5tar.<\/p>\n<p>Garborg-\u00e5ret har greidd \u00e5 bli den kulturelle og folkelege markeringa som det andre \u00c5ret med stor \u00c5 \u2013 Det Europeiske Spr\u00e5k\u00e5ret \u2013 ikkje har blitt og ikkje vil bli. Vi var nok godtruande, men vi trudde ei tid at Det Europeiske Spr\u00e5k\u00e5ret kunne vera til hjelp i \u00e5 setja spr\u00e5k og spr\u00e5kpolitikk p\u00e5 den store saklista og auka forst\u00e5inga for verdien av spr\u00e5kleg mangfald. Initiativtakarane \u2013 Europar\u00e5det og EU \u2013 hadde to m\u00e5lsetjingar: \u00c5 fremja oppl\u00e6ringa i framandspr\u00e5k, og \u00e5 auka forst\u00e5inga for spr\u00e5kmangfaldet og dei sm\u00e5 spr\u00e5ka i Europa. Bak retorikken om spr\u00e5kmangfald kom det likevel ein annan r\u00f8yndom til syne d\u00e5 EU delte ut 33 millionar kroner til spr\u00e5k\u00e5r-prosjekt i EU- og E\u00d8S-landa i juni. Tre av 31 norske prosjekt fekk st\u00f8tte, og alle tre g\u00e5r ut p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 nordmenn til \u00e5 bli betre i framandspr\u00e5k. Ingen av dei ti prosjekta som galdt nynorsk, dialektar eller samisk fekk st\u00f8tte. Sj\u00f8lv den offisielle koordinatoren for spr\u00e5k\u00e5ret i Noreg har sagt offentleg at ho er vonbroten og overraska over profilen. Ein kan trygt sl\u00e5 fast at dette ikkje har gjort uroa hj\u00e5 nynorske EU-skeptikarar som meg mindre for kva som vil m\u00f8ta nynorsken i EU.<\/p>\n<p>I ein st\u00f8rre samanheng er likevel Det Europeiske Spr\u00e5k\u00e5ret eit lyspunkt: Det er, iallfall i intensjonen, end\u00e5 eit organisert uttrykk for den uroa fleire og fleire kjenner for spr\u00e5kmangfaldet i verda. N\u00e5r spr\u00e5k og dialektar forsvinn, forsvinn \u00f2g kultur, tankar, levem\u00e5tar og minne. Dei kunnige reknar med at opp mot 90% av dei 6000 spr\u00e5ka i verda er d\u00f8dstruga p\u00e5 stutt eller lang sikt. Rekna i talet p\u00e5 brukarar er nynorsk kl\u00e5rt innanfor dei 600 som ut vil overleva ut ifr\u00e5 denne prognosen, og rekna i \u00f8konomisk styrke st\u00e5r det end\u00e5 betre til. Noreg er som kjent eit rikt land. B\u00e5de nynorsk og bokm\u00e5l har difor gode sjansar sj\u00f8lv om det er lettare \u00e5 f\u00e5 medieoppslag ved \u00e5 hevda det motsette.<\/p>\n<p>Nynorsken er godt skodd for \u00e5 m\u00f8ta framtida. M\u00e5lr\u00f8rsla har 150 \u00e5rs trening i \u00e5 driva m\u00e5lreising, og det er ikkje tilfeldig at nynorskfolk s\u00e5 langt har m\u00e5tta dra lasset i kampen mot engelskpresset og gjera gratisarbeid for bokm\u00e5let. Dei organiserte kreftene p\u00e5 bokm\u00e5lssida har eit st\u00f8rre problem. Riksm\u00e5lsr\u00f8rsla er bygd opp kring utslitne slagord som \u201dfri sprogutvikling\u201d og \u201dsprogsaken ut av politikken\u201d, og fri spr\u00e5kutvikling vil framover som kjent seia at engelsk tek over. Kanskje til og med dei snart vil sj\u00e5 verdien av det m\u00e5lr\u00f8rsla i lang tid har hevda: spr\u00e5kpolitikk og m\u00e5ldyrking er eit offentleg ansvar, og alle mindre spr\u00e5k som skal ha ei framtid m\u00e5 ha ein aktiv stat som f\u00f8rer ein aktiv spr\u00e5kleg motstandskamp \u2013 og langt meir aktiv enn den norske staten har vore dei siste \u00e5ra.<\/p>\n<p>For det ikkje tvil om at b\u00e5de nynorsk, bokm\u00e5l og alle andre spr\u00e5k bortsett fr\u00e5 dei st\u00f8rste vil g\u00e5 hardare tider i m\u00f8te. Presset fr\u00e5 engelsk vil auka p\u00e5, og kan henda ta over for norsk p\u00e5 avgrensa samfunnsomr\u00e5de \u2013 vi ser det alt i forsking og store bedrifter. Einsrettinga gjev seg \u00f2g utslag i at dialektane vert meir like og at bokm\u00e5let trengjer seg p\u00e5 i talem\u00e5let, og det vil f\u00f8ra til eit auka press mot nynorsken.<\/p>\n<p>Ikkje noko av dette er nytt for oss \u2013 dette har b\u00e5de vi alle og tidlegare leiarar oppsummert f\u00f8r p\u00e5 landsm\u00f8te, seminar, i artiklar og diskusjonar. Det nye, og noko av det mest gledelege med \u00e5 vera m\u00e5lmann i dag, er den raskt veksande internasjonale r\u00f8rsla som kjempar mot dei skadelege sidene av globaliseringa. For di meir liberalisert verdshandelen blir, di sterkare nakketaket til dei vestlege multinasjonale \u2013 og engelskspr\u00e5klege \u2013 selskapa vert, og di meir kommersiell angloamerikansk massekultur som flyt over grensene, di sterkare vert den spr\u00e5klege einsrettinga i verda. Difor b\u00f8r vi, som m\u00e5lfolk og nynorskbrukarar, helsa velkomen protestane og det organiserte arbeidet mot den \u00f8konomiske globaliseringa. Vi b\u00f8r helsa velkomen, ikkje den handfullen i Genova som kasta stein for eit par veker sidan, men dei 200.000 som demonstrerte fredeleg. Den norske avdelinga av antiglobaliseringsorganisasjonen Attac har styret alt helsa velkomen.<\/p>\n<p>I denne nye globale r\u00f8rsla ligg det eit stort h\u00e5p for det spr\u00e5klege og kulturelle mangfaldet, og dette landsm\u00f8tet skal diskutera korleis Noregs M\u00e5llag og den norske m\u00e5lr\u00f8rsla skal finna seg til rette der. Vi stiller sterkt og vi har mykje \u00e5 tilf\u00f8ra, for heilt fr\u00e5 Aasen, Vinje og Garborg har det vore ein sterk internasjonalistisk tradisjon i m\u00e5lr\u00f8rsla.<\/p>\n<p>Nyliberalismen og individualistiske og egoistiske straumdrag har gode tider. Det har tradisjonelt ikkje vore heldig for r\u00f8rsler som utfordrar makta og hegemoniet \u2013 i v\u00e5rt tilfelle det spr\u00e5klege og kulturelle. Den sterke posisjonen nynorsken har vunne gjennom 150 \u00e5r er eit resultat av ei kollektiv handling som har vore ideologisk motivert og godt organisert, ikkje av tilfeldige vindar, egoistiske vurderingar av tap og vinst eller av firkanta marknadsvurderingar. Pessimistane mellom oss har nok \u00e5 ta av. Offentleg sektor har i eit par ti\u00e5r vore gjennom ei kraftig omorganisering der privatisering og fristilling er sentrale stikkord. For nynorsken er det s\u00e6rleg alvorleg at m\u00e5llova sakte, men sikkert har forvitra i denne prosessen. Telenor, Posten, Postbanken, NSB og fleire andre viktige samfunnsinstitusjonar har falle utanfor eller sj\u00f8lv freista melda seg ut av m\u00e5llova, og den statlege omstillinga n\u00e5dde eit klimaks i v\u00e5r d\u00e5 sjukehusa vart flytte over i fristilte statlege helsef\u00f8retak, organiserte som bedrifter. Eit knapt Stortingsfleirtal hindra at det gjekk same vegen med h\u00f8gskulane og universiteta. Fr\u00e5 v\u00e5r side er det ikkje tvil om at dei nye helsef\u00f8retaka fell inn under m\u00e5llova, men eg vert ikkje overraska om ein rasjonaliseringsivrig helsebyr\u00e5krat snart p\u00e5st\u00e5r det motsette etter det som har hendt med Posten og NSB. Ei arbeidsgruppe under Kulturdepartementet, Lilleholt-utvalet, la i haust fram ein framifr\u00e5 rapport om ei utviding av verkeomr\u00e5det for m\u00e5llova, men det er ope kva Kulturdepartementet kjem til \u00e5 g\u00e5 inn for i m\u00e5llovsmeldinga som kjem utp\u00e5 hausten. Dette er ei sv\u00e6rt viktig sak det komande \u00e5ret. Vert det ikkje raskt sett ein kl\u00e5r stoppar for utmeldingane av m\u00e5llova, risikerer vi \u00e5 st\u00e5 att med ei m\u00e5llov som til slutt berre femner om dei minst eksterne delane av offentleg verksemd medan dei publikumsretta delane er fristilte og meir og meir marknadsorienterte b\u00e5de i mentalitet og praksis.<\/p>\n<p>\u201dMarknadsorientering\u201d g\u00e5r som kjent, i korttenkt versjon, ut p\u00e5 \u00e5 laga alt p\u00e5 bokm\u00e5l, for det er det fleirtalet vil ha og som kjennest naturleg p\u00e5 hovudkontoret i Oslo, og nynorskbrukarar finn seg i det, s\u00e5 dei treng ein ikkje bry seg om.<\/p>\n<p>Slike tankar har \u00f2g f\u00e5tt overtaket i det tidlegare tospr\u00e5klege flaggskipet i bankn\u00e6ringa, Fokus Bank, som i juni fjerna \u201dm\u00e5lparagrafen\u201d i vedtektene der nynorsk og bokm\u00e5l var jamstelte. Med eit pennestrok vart s\u00e5leis ein nynorsktradisjon som g\u00e5r attende til skipinga av Vestlandsbanken i 1926 fjerna med ein pennestrok fordi banken tykte datasystemet som skulle lagast var s\u00e5 uhorveleg dyrt og avansert at det vart umogleg \u00e5 f\u00e5 ut nynorske kontoutskrifter og renteendringsbrev.<\/p>\n<p>Det er sj\u00f8lvsagt viljen det st\u00e5r p\u00e5, ikkje pengane. Omkvedet elles er at alt vert enklare og billegare med data, s\u00e5 det er rart om nynorsk skulle vera det einaste unntaket.<\/p>\n<p>Men heldigvis finst det bankar som ser annleis p\u00e5 dette, og som gjer den vurderinga som Fokus \u00f2g gjorde heilt til banken fekk ny leiing i vinter: Nynorskbrukarane er ei stor kundegruppe, og ein m\u00e5 i aukande grad vera i stand til \u00e5 tilpassa seg kunden. Ein av dei mest suksessrike nye bankane, Skandiabanken, utviklar no ein spr\u00e5kuavhengig versjon av nettbanken sin slik at alle som nyttar dagens bruksspr\u00e5k, svensk, dansk og bokm\u00e5l, vil kunna bruka same nettbank. Skandiabanken har denne veka fortalt oss at det er sv\u00e6rt aktuelt \u00e5 utvikla fullverdige tilbod b\u00e5de p\u00e5 engelsk og nynorsk, s\u00e6rleg etter det Fokus har gjort.<\/p>\n<p>S\u00e5 fylg med. Kan henda er Skandiabanken snart den beste banken for nynorskbrukarar. Og uansett finst det ein stor underskog av lokale og regionale bankar som er langt betre p\u00e5 nynorskbruk enn Fokus vil vera etter omlegginga til hausten. S\u00e5 alle nynorske Fokus-kundar b\u00f8r snarast mogleg flytta sparepengane og refinansiera l\u00e5n dersom Fokus ikkje sv\u00e6rt raskt innser at dei har gjort noko dumt, sj\u00f8lv ut ifr\u00e5 sine eigne snevre marknadsvurderingar, og gjer om vedtaket.<\/p>\n<p>Heldigvis er det \u00f2g stadig fleire som oppdagar at det finst ein marknad som vil ha nynorsk og at det ligg mange gode marknadsf\u00f8ringspoeng i nynorsk, jamvel om ein vender seg til bokm\u00e5lsfolk. Den nye og raskt veksande bedrifta Fjordglas i Luster er den einaste produsenten av vindauge som brukar nynorsk, og leiaren Robert Veum seier at \u201dnynorsk er ein fordel, fordi det fortel om eit produkt som kjem fr\u00e5 eit milj\u00f8 der kvalitet og ei n\u00f8ktern innstilling st\u00e5r som eit slags varefakta\u201d. Quality Hotel Sogndal har kome til det same. D\u00e5 dei lyste etter ny salssjef i mai, opplyste dei at \u201dGode spr\u00e5kkunnskapar er viktig\u201d, og at \u201dAlt salsmateriell for hotellet vert trykt p\u00e5 nynorsk\u201d. Oslo-ungdom som tenkjer seg ei karriere i Choice-kjeda b\u00f8r alts\u00e5 ta sidem\u00e5lsoppl\u00e6ringa i nynorsk alvorleg.<\/p>\n<p>Lista kunne vore gjort mykje lenger enn desse to d\u00f8ma, og de viser oss noko sv\u00e6rt gledeleg: etter 100 \u00e5r m\u00e5lreising hovudsakleg i skule og offentleg forvaltning, er det skapt tvers gjennom nynorske lokalsamfunn i dette landet som gjer det mindre og mindre freistande for n\u00e6ringslivet \u00e5 skilja seg ut ved \u00e5 bruka bokm\u00e5l, i tillegg til at mange n\u00e6ringslivsfolk beint ut ser fordelen med nynorsken. Dette er gull verdt for nynorsken, det b\u00f8r f\u00e5 opp hum\u00f8ret sj\u00f8lv hj\u00e5 dei st\u00f8rste pessimistane, og som r\u00f8rsle m\u00e5 vi stella godt med det nynorske kjerneomr\u00e5det. Det har vi ikkje alltid gjort. vi har ei stor og dels ul\u00f8yst oppg\u00e5ve i \u00e5 dra bedrifter, institusjonar, offentlege etatar og organisasjonar i nynorskomr\u00e5da meir med i m\u00e5larbeidet lokalt, p\u00e5 riksplan og i dei utsette blandingsomr\u00e5da. For dei har noko sv\u00e6rt viktig \u00e5 gje oss: ein nynorsk sj\u00f8lvtillit!<\/p>\n<p>Bruken av marknadsmakt har \u00f2g st\u00e5tt sentralt i arbeidet for nynorske dataprogram dei siste par \u00e5ra. Hovudkravet til m\u00e5lr\u00f8rsla har vore at staten m\u00e5 sl\u00e5 fast i lov eller forskrift at dataprogram som skal kj\u00f8past inn av det offentlege m\u00e5 liggja f\u00f8re b\u00e5de p\u00e5 bokm\u00e5l og nynorsk. Det vil seia parallellutg\u00e5veprinsippet for l\u00e6remiddel overf\u00f8rt p\u00e5 dataprogram for heile forvaltninga. Det har heile tida st\u00e5tt kl\u00e5rt for oss at tradisjonell forvaltningsmakt \u2013 alts\u00e5 p\u00e5legg om \u00e5 utvikla nynorskversjonar, ikkje ville f\u00f8ra fram \u00e5leine. Storsleggja staten verkeleg kan bruka, er \u00e5 be om nynorskversjonar fr\u00e5 alle leverand\u00f8rar som vil vera med p\u00e5 \u00e5 tevla om dei mange milliardane staten \u00e5rleg brukar til IT-kj\u00f8p.<\/p>\n<p>Det har som vanleg g\u00e5tt sv\u00e6rt tregt, men i v\u00e5r har b\u00e5de Norsk spr\u00e5kr\u00e5d og ei gruppe med representantar fr\u00e5 alle departement slutta seg prinsipielt til kravet v\u00e5rt etter at Stortinget i 1993 (!) gjorde det same. Det burde s\u00e5leis vera heilt un\u00f8dvendig \u00e5 venta til etter m\u00e5llovsmeldinga til hausten med \u00e5 f\u00e5 spikra dette fast i ei forskrift. Parallelt med dette har L\u00e6ringssenteret r\u00e5dd Utdanningsdepartementet til \u00e5 fjerna det unntaket som dei vanlegaste dataprogramma i dag har fr\u00e5 parallellutg\u00e5vekravet i oppl\u00e6ringslova, eit krav som \u00f2g har st\u00e5tt sv\u00e6rt sentralt for m\u00e5lr\u00f8rsla.<\/p>\n<p>Mest gledeleg p\u00e5 IT-fronten er det kanskje likevel at bokm\u00e5lsmonopolisten Microsoft endeleg byrjar \u00e5 f\u00e5 nynorske utfordrarar. Stadig fleire dataprogram vert omsette til nynorsk p\u00e5 idealistisk basis, og nynorsknerdane fekk i vinter sin eigen m\u00f8teplass p\u00e5 nettet. Dei som brukar operativsystemet Linux har i dag eit komplett nynorsk alternativ til Microsoft sine bokm\u00e5lsprogram, og no byrjar ein endeleg \u00e5 f\u00e5 hol p\u00e5 den vanskelege oppg\u00e5va det har vore \u00e5 f\u00e5 teke desse programma i bruk: Aftenposten fortalde denne veka om gruppa i Oslo som til hausten vil senda ei pakke til skulane med Linux-program p\u00e5 nynorsk og bokm\u00e5l. Og ei heilt spesiell rolle har H\u00f8le barne- og ungdomsskule i Sandnes hatt. Denne nynorskskulen har teke i bruk Linux-program b\u00e5de for \u00e5 kutta kostnader og \u00e5 skaffa nynorskelevane nynorske dataprogram. H\u00f8le skule har no \u00f2g teke initiativet til eit st\u00f8rre prosjekt saman tre andre skular i Rogaland som verkeleg vil bli eit nasjonalt pionerprosjekt innanfor nynorsk data i skuleverket. Det vil vera ei stor skam og vitna om sv\u00e6rt d\u00e5rleg gangsyn om ikkje Utdanningsdepartementet og Trond Giske st\u00f8ttar dette prosjektet b\u00e5de \u00f8konomisk og fagleg n\u00e5r dei f\u00e5r ein s\u00f8knad fr\u00e5 H\u00f8le over sumaren.<\/p>\n<p>Sju prosent av elevane strauk i v\u00e5r til eksamen i norsk hovudm\u00e5l. Sj\u00f8lv om det ikkje er meir enn i mange studieretningsfag, er det meir enn f\u00f8r og har f\u00f8rt til eit st\u00f8rre ordskifte i sumar. Mange av dei strauk fordi dei ikkje skj\u00f8na ein ironisk tekst av Kjartan Fl\u00f8gstad om at det m\u00e5 bli mindre undervisning om S\u00f8r-Amerika slik at elevane kan konsentrera seg meir om hovud-Amerika. Det har kome ein del kritikk av at oppg\u00e5va var d\u00e5rleg og villeia elevane fordi det var vanskeleg \u00e5 skj\u00f8na at dette var om sidem\u00e5l. Men mest ingen aviser har referert sj\u00f8lve oppg\u00e5va, s\u00e5 det gjer eg:<\/p>\n<p>\u201dH\u00f8sten 2000 ble det lansert et forslag i Oslo kommune om fritak for skriftlig sidem\u00e5lsoppl\u00e6ring for elever i videreg\u00e5ende skole, som en tre\u00e5rig pr\u00f8veordning. Forslaget f\u00f8rte til en omfattende mediedebatt, og den vedlagte teksten er en av meningsytringene. Gj\u00f8r greie for hovedsynet i artikkelen. Pek p\u00e5 noen av virkemidlene forfatteren bruker, og vis den funksjonen de kan ha.\u201d<\/p>\n<p>Men trass ei sv\u00e6rt kl\u00e5r oppg\u00e5ve skj\u00f8na alts\u00e5 ikkje ironigenerasjonen ironien!<\/p>\n<p>Det er urovekkjande at ein s\u00e5 stor del av eit ungdomskull ikkje har element\u00e6r kjennskap til sentrale delar av norskfaget som norsk spr\u00e5ksituasjon, forfattaren Kjartan Fl\u00f8gstad og vanlege spr\u00e5klege verkemiddel. Men like urovekkjande vi til hausten kjem til \u00e5 finna mange av dei som stod med eit naudskrik i l\u00e6rarutdanninga, for der er det lettast \u00e5 koma inn. S\u00e5 om fire \u00e5r kjem dei ironisk nok som l\u00e6rarar p\u00e5 ein skule n\u00e6r deg.<\/p>\n<p>Dette er problemet til sidem\u00e5lsundervisninga i eit n\u00f8tteskal: Norskoppl\u00e6ringa p\u00e5 alle niv\u00e5 er for d\u00e5rleg, og den svakaste og tradisjonelt minst popul\u00e6re delen av norskfaget for bokm\u00e5lsfleirtalet, nynorskoppl\u00e6ringa, vert syndebukk og skyteskive. Saman med eit populistisk ynske om \u00e5 kapra ein del unge veljarar er det her ein finn bakgrunnen for framlegget fr\u00e5 H\u00f8gre-byr\u00e5det i Oslo i fjor haust om \u00e5 gjennomf\u00f8ra eit s\u00e5kalla fors\u00f8k med \u00e5 fjerna sidem\u00e5lsoppl\u00e6ringa i den vidareg\u00e5ande skulen i Oslo for \u00e5 gje meir plass til hovudm\u00e5lsoppl\u00e6ringa. Per-Kristian Foss har sagt det som trengst seiast om denne typen fors\u00f8k:\u00a0 &laquo;Vi vet jo at fors\u00f8ksordninger bare er en m\u00e5te \u00e5 snikinnf\u00f8re ting p\u00e5.&raquo; Det sa han d\u00e5 Arbeidarpartiet ville ha fors\u00f8k med utvida skulefritidsordning i mars.<\/p>\n<p>Sidem\u00e5lsstriden i Oslo var den dominerande spr\u00e5kpolitiske saka fr\u00e5 byr\u00e5dsframlegget vart kjent ei veke etter landsm\u00f8tet v\u00e5rt i fjor og til november. Ho kom ikkje s\u00e6rleg overraskande. H\u00f8gre i hovudstaden har varsla eit slikt fors\u00f8k i tre valkampar, og Noregs M\u00e5llag brukte eit halv\u00e5r tidlegare stordelen av eit vinterseminar p\u00e5 sidem\u00e5lssaka, mellom anna p\u00e5 bakgrunn av krisa i norskfaget og l\u00e6rarutdanninga.<\/p>\n<p>Ein del overraskingar m\u00e5 vi likevel seia at vi fekk. Sume negative som at Ap og SV i Oslo presterte \u00e5 st\u00f8tta H\u00f8gre og Framstegspartiet i denne saka. Men dei fleste var positive, som den store kulturfronten til forsvar for tospr\u00e5ksoppl\u00e6ringa som raskt vart organisert, og st\u00f8tta p\u00e5 leiarplass i dei fleste store riks- og regionavisene. Utdanningsminister Trond Giske l\u00e6rte raskt leksa si og gjorde det kl\u00e5rt i Stortinget at han ikkje ville godkjenna eit fors\u00f8k med s\u00e5kalla \u201dvalfritt\u201d sidem\u00e5l. S\u00f8knaden ligg no i departementet hans.<\/p>\n<p>Likevel er det heilt kl\u00e5rt at forsvaret for prinsippet om at alle nordmenn skal l\u00e6ra b\u00e5e spr\u00e5k vert sv\u00e6rt viktig for oss dei komande \u00e5ra, b\u00e5de i skulen og p\u00e5 den politiske arenaen. Denne ordninga er ein grunnstein for norsk spr\u00e5kpolitikk, og ho er ein grunnstein for nynorsk som nasjonalm\u00e5l. Ei side av den nyliberale ideologien er den individualistiske b\u00f8lgja der mest mogleg skal vera \u201dvalfritt\u201d, \u00f2g i skulen.<\/p>\n<p>D\u00e5 er det godt at tida arbeider for oss p\u00e5 ein annan m\u00e5te: Forst\u00e5inga for det spr\u00e5klege mangfaldet og for at det er mogleg \u00e5 ha to og fleire spr\u00e5k i hovudet p\u00e5 same tid er aukande. Mange nordmenn, s\u00e6rleg dei som kallar seg urbane, har framleis vanskelegare med \u00e5 skj\u00f8na verdien av v\u00e5rt eige mangfald enn andre sitt. Det g\u00e5r rett veg, men ikkje av seg sj\u00f8lv \u2013 det krev framleis hardt arbeid av oss alle \u2013 b\u00e5de sentralt, i fylkeslaga og i lokallaga, og av m\u00e5lfolk og nynorskvener i skuleverk og utdanningsinstitusjonar. Og framfor alt krev det at vi greier \u00e5 f\u00e5 staten til verkeleg \u00e5 ta eit ansvar for \u00e5 styrkja l\u00e6rarutdanninga og heile norskfaget, og s\u00e6rleg den aller l\u00e5gast prioriterte delen av det: oppl\u00e6ringa i nynorsk for bokm\u00e5lselevar. Trond Giske har sjansen no. Han kan seia ja til ein del av Oslo-s\u00f8knaden og vera med p\u00e5 \u00e5 setja i gang eit stort, godt og s\u00e5rt etterlengta fors\u00f8ksprosjekt for \u00e5 skapa ei betre og meir motiverande nynorskoppl\u00e6ring for bokm\u00e5lselevar. Og neste \u00e5r er det varsla ei stortingsmelding om l\u00e6rarutdanninga. Der m\u00e5 norskfaget styrkjast og utvidast til ei obligatorisk heil\u00e5rseining!<\/p>\n<p>F\u00f8r ein valkamp er det Noregs M\u00e5llag si oppg\u00e5ve \u00e5 gje spr\u00e5kpolitiske karakterar til partia. P\u00e5 landsplan er biletet tydeleg etter at partia har vedteke programma sine og etter at vi har sett praksisen deira i siste stortingsperiode. Sidem\u00e5lssp\u00f8rsm\u00e5let er den saka som har skapt sterkast kl\u00f8yving i det partipolitiske landskapet. P\u00e5 den rikspolitiske arenaen er det dei tre sentrumspartia som gjennomg\u00e5ande har utmerkt seg som dei mest sidem\u00e5ls- og nynorskvenlege. Det har \u00f2g RV, som ikkje er representert p\u00e5 Stortinget, og SV, som slo bystyregruppa i Oslo i hovudet med noko hardt.<\/p>\n<p>Arbeidarpartiet har eg \u00f2g lyst til \u00e5 skryta av i \u00e5r, ikkje minst fordi dei har f\u00e5tt s\u00e5 mykje kjeft fr\u00e5 oss tidlegare. Det er all grunn til \u00e5 minna om at for 3-4 \u00e5r sidan stod vi overfor heilt reelle trugsm\u00e5l, m.a. fr\u00e5 Ap i regjering, om at skulem\u00e5lsr\u00f8ystingane ville bli heilt borte, at parallellklasseretten ville bli svekka og at retten til parallellutg\u00e5ver av l\u00e6remiddel ville bli avgrensa til \u00e5 gjelda tradisjonelle l\u00e6reb\u00f8ker. I dag st\u00e5r alt dette tryggare enn nokon gong gjennom skulereformene i 90-\u00e5ra, og temaet v\u00e5rt er no ei utviding av l\u00e6remiddelrettane til \u00e5 gjelda vanlege dataprogram, ei utviding av m\u00e5llova og ein auka innsats for nynorske dataprogram. Landsm\u00f8tet i Ap vedtok dessutan ein sterkare m\u00e5lpost enn p\u00e5 mange \u00e5r der partiet kl\u00e5rt og tydeleg seier ja til sidem\u00e5l. Eg sa i leiartala mi i fjor at Ap hadde ei stor oppg\u00e5ve fram mot stortingsvalet i \u00e5 syna at det \u00f2g er parti som nynorskfolk kan stola p\u00e5, og det kan vi no seia at det er.<\/p>\n<p>D\u00e5 st\u00e5r det verre til med H\u00f8gre og Framstegspartiet. Frp har lenge st\u00e5tt fast og konsekvent p\u00e5 ein liberalistisk spr\u00e5kpolitikk der nynorsk skal leva i fri tevling med bokm\u00e5let etter at sidem\u00e5let er gjort valfritt og st\u00f8tteordningar og reguleringar av m\u00e5lbruk er fjerna. H\u00f8gre har dei siste ti\u00e5ra vore eit ansvarleg parti som har st\u00f8tta hovudlinene i spr\u00e5kpolitikken og dei viktigaste ordningane, men den siste stortingsperioden har partiet skuffa kraftig. Landsm\u00f8tet i mai vedtok \u00e5 st\u00e5 p\u00e5 programformuleringa om valfritt sidem\u00e5l i vidareg\u00e5ande skule etter at det kom inn i partiprogrammet for fire \u00e5r sidan. Dette har H\u00f8gre \u00f2g pr\u00f8vd \u00e5 setja ut i livet \u2013 i Stortinget i oktober 1999 og i Oslo d\u00e5 det ikkje gjekk. H\u00f8gre var \u00f2g det einaste partiet p\u00e5 Stortinget som i 1998 gjekk inn for \u00e5 snevra inn parallellut\u00e5veordninga til tradisjonelle l\u00e6reb\u00f8ker d\u00e5 oppl\u00e6ringslova vart vedteke, og saman med Frp gjekk partiet imot l\u00f8yvingar til nynorsk barnebokklubb i statsbudsjettet i haust.<\/p>\n<p>Det er sv\u00e6rt uheldig at H\u00f8gre igjen har vorte eit riksm\u00e5lsparti, og det er uheldig at det spr\u00e5kpolitiske skiljet p\u00e5 nytt g\u00e5r mellom sentrum-\/venstre-partia p\u00e5 den eine sida og h\u00f8grepartia p\u00e5 hi. Nynorsken og m\u00e5lreisinga er og skal vera for alle, slik vi i aukande grad ser at i nynorskomr\u00e5da der solide h\u00f8grefolk i n\u00e6ringslivet brukar meir og meir nynorsk. Mi sterke oppmoding til dette landsm\u00f8tet og til heile m\u00e5lr\u00f8rsla i den kampanjen vi skal ha i vekene framover er \u00e5 seia kl\u00e5rt ifr\u00e5 til veljarane: R\u00f8yst nynorsk ved stortingsvalet!<\/p>\n<p>Det st\u00e5r bra til med nynorsken i dag, og mykje g\u00e5r bra, men framtida er \u00f2g meir usikker enn p\u00e5 lenge. Di fleire som flytter til byane, di fleire vert bokm\u00e5lsbrukarane og di sterkare vert bokm\u00e5lsmakta sj\u00f8lv om nynorsken held stand i geografisk utbreiing. Presset mot sidem\u00e5lsordninga vil auka dersom det ikkje vert gjort noko med norskoppl\u00e6ringa i skuleverk og l\u00e6rarutdanning, og dersom H\u00f8gre og Frp f\u00e5r reint fleirtal p\u00e5 Stortinget 10. september er det fleirtal for \u00e5 fjerna sidem\u00e5lsoppl\u00e6ringa i vidareg\u00e5ande skule, som i dag st\u00e5r trygt. Vert det ikkje teke eit krafttak med m\u00e5llova for \u00e5 henta inn att fristilte statsorgan og forvaltningsbedrifter, vil mykje offentleg nynorskbruk g\u00e5 tapt. Vert pressest\u00f8tta fjerna, risikerer vi b\u00e5de at dei riksavisene som brukar nynorsk i dag forsvinn, og at mange nynorskbrukande lokalaviser g\u00e5r same vegen.<\/p>\n<p>I Noreg som i alle andre land er det staten som m\u00e5 ha hovudansvaret for framtida til spr\u00e5ka, og det er eit ansvar norske politikarar ikkje tek i dag. Ein skulle tru det var dei Arne Garborg skreiv om i \u201dLars i Lia\u201d:<\/p>\n<p>\u00c5 nei; han rid ikkje den dagen han s\u00e2lar, den mannen. Er det noko som skulde vera gjort \u2013 det kann vera l\u00f8o hans som treng v\u00f8ling p\u00e5 taket eit par stadir \u2013, so f\u00e6r han no fyrst sj\u00e5 d\u00e5, m\u00e5\u2019ta. \u201dMe f\u00e6r no sj\u00e5 d\u00e5,\u201d segjer han Lars i Lia. Og han ser. Og ser. B\u00e5de vel og lengi.<br \/>\n\u00a0\u00a0\u00a0\u00a0\u00a0\u00a0\u00a0\u00a0\u00a0\u00a0\u00a0 N\u00e5r han tykkjer han hev s\u00e9t nok, segjer han med seg sj\u00f8lv: \u201dja; eg f\u00e6r vel snart ta til so sm\u00e5tt no \u00e5 &#8230; tenkje p\u00e5 det.\u201d<\/p>\n<p>Hovudkravet v\u00e5rt er, som det har vore ei stund, at politikarane tek seg p\u00e5 tak f\u00f8r l\u00f8a ramlar ned og formar ut ein langt meir aktiv og offensiv spr\u00e5kpolitikk enn i dag for \u00e5 ta vare p\u00e5 norsk spr\u00e5karv i framtida og ta opp kampen mot den spr\u00e5klege einsrettinga som g\u00e5r f\u00f8re seg. Det b\u00f8r byrja, har vi sagt, med ei spr\u00e5kleg maktutgreiing, ei stortingsbehandling seinast i 2003 og ein omfattande offentleg debatt.<\/p>\n<p>Det bur ein Lars i Lia i oss alle. Det er nok fleire nynorskfolk \u00f2g som tenkjer at dette m\u00e5let er vel her i morgon eller neste \u00e5r \u00f2g \u2013 i dag er det viktigare ting \u00e5 ta seg til. Opprusting av organisasjonen og arbeidsm\u00e5tane v\u00e5re m\u00e5 halda fram med auka styrke, og den viktigaste delen av dette er nok at vi styrkjer kvarandre i trua p\u00e5 at det faktisk er mogleg \u00e5 gjera gagns arbeid for nynorsken. De og m\u00e5lfolk f\u00f8r dykk har synt i det daglege arbeidet at tru kan flytta fjell, men at det som kjent krev ein del arbeid i tillegg. Til aller st\u00f8rst inspirasjon er d\u00e5 dei mange store og sm\u00e5 praktiske resultata som denne imponerande stabile r\u00f8rsla etterlet seg. H\u00f8le skule i Sandnes fekk mykje skryt av meg i stad. Foreldre og aktivistar ved ein annan Sandnes-skule, Sviland, stod i mai for ein av \u00e5rets st\u00f8rste bragder d\u00e5 dei vann ei offensiv r\u00f8ysting: For fyrste gong p\u00e5 24 \u00e5r gjekk ein skule over fr\u00e5 bokm\u00e5l til nynorsk etter at nynorskfolk kravde r\u00f8ysting i krinsen. Sigeren vart ein velfortent revansj for Johnny Br\u00e5tveit og kampfellane hans etter at skulen \u00e5ret f\u00f8r hadde g\u00e5tt fr\u00e5 nynorsk til bokm\u00e5l med sv\u00e6rt knapt fleirtal den tida berre foreldra hadde r\u00f8ysterett. Det \u00e5 krevja r\u00f8ysting er ikkje ein einerett som bokm\u00e5lsfolket har, og det er alts\u00e5 fullt mogleg \u00e5 ta att krinsar. Det er p\u00e5 h\u00f8g tid at vi ser oss om etter fleire.<\/p>\n<p>Vi har nettopp teke til med tre krevjande landsm\u00f8ted\u00f8ger her p\u00e5 Bryne. Vi skal diskutera den langsiktige strategien v\u00e5r med utgangspunkt i globalisering \u2013 eit vanskeleg emne. Vi skal vedta eit arbeidsprogram som vert styrande for arbeidet v\u00e5rt dei neste tre \u00e5ra. Og vi skal fyra oss opp til \u00e5 gjera oss mest mogleg gjeldande dei neste vekene i valkamp og l\u00e6remiddelaksjon. Eg vonar alle kastar seg inn i dr\u00f8ftingane i salen, gangane, og p\u00e5 romma, og at de nyttar h\u00f8vet til \u00e5 pusta fritt i garborglufta.<\/p>\n<p>Godt landsm\u00f8te!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Landsm\u00f8tet i Noregs M\u00e5llag, Bryne 27.\u201329. juli 2001 Av Oddmund L\u00f8kensgard Hoel Gode landsm\u00f8te! Fyrst vil eg ynskja Stiftinga Garborg-\u00e5ret 2001, Time kommune og Time M\u00e5llag hjarteleg til lukke med markeringa av livsverka til Arne og Hulda Garborg og takka &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/leiartala-2001\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":126,"menu_order":15,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-134","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/134"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=134"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/134\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=134"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}