{"id":137,"date":"2007-05-07T22:05:06","date_gmt":"2007-05-07T20:05:06","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=137"},"modified":"2007-05-08T05:38:15","modified_gmt":"2007-05-08T03:38:15","slug":"globalisering-av-kultur-bokartikkel-2002","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/globalisering-av-kultur-bokartikkel-2002\/","title":{"rendered":"Globalisering av kultur (bokartikkel 2002)"},"content":{"rendered":"<blockquote><p>Hoel, Oddmund L\u00f8kensgard og\u00a0Trond S\u00e6b\u00f8 Skarpeteig. (2002.) Globalisering av kultur. I Trond S\u00e6b\u00f8 Skarpeteig (red.): <em>Globalisering og spr\u00e5kpolitikk. Eit debatthefte <\/em>(s. 65-70). Oslo: Noregs M\u00e5llag.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/ask.bibsys.no\/ask\/action\/show?pid=021299811&amp;kid=biblio\">Bibsys-oppf\u00f8ring<\/a><\/p><\/blockquote>\n<p>Det finst ingen ute i den store verda som er aktivt opptekne av \u00e5 ta knekken p\u00e5 nynorsken slik ein del bokm\u00e5ls- og riksm\u00e5lsfolk er, og det finst truleg heller ingen som ynskjer \u00e5 ta knekken p\u00e5 norsk m\u00e5l. Det er ikkje ein m\u00e5lstrid p\u00e5 det planet me diskuterer n\u00e5r me g\u00e5r inn i globaliseringssp\u00f8rsm\u00e5let.<\/p>\n<p>Me g\u00e5r inn i noko langt vanskelegare, nemleg korleis internasjonale hendingar, s\u00e6rleg p\u00e5 det \u00f8konomiske og politiske omr\u00e5det, verkar inn p\u00e5 dei rammevilk\u00e5ra som er viktige for \u00e5 halda oppe og styrkja nynorsken.<\/p>\n<p>\u201dGlobalisering\u201d er eit omgrep som i seg sj\u00f8lv ikkje gjev s\u00e6rleg meining \u2013 det har vorte ei samtidsdiagnose, v\u00e5r tids Store Forteljing og eit sekkeomgrep for ei rad ulike internasjonale ovringar, b\u00e5de gamle og nye, og det er like upresist som alle slike moteomgrep er. Me er s\u00e5leis heilt samde med \u00d8yvind \u00d8sterud n\u00e5r han seier at \u201dGlobaliseringen kommer ikke i en enhetlig pakke som det er meningsfylt \u00e5 v\u00e6re for eller mot\u201d.<\/p>\n<p>Ein del av \u201dglobaliseringa\u201d vil me s\u00e5leis med ein gong rydda unna som positive, gledelege og verdfulle, og noko som gjer oss alle rikare: Det ligg um\u00e5teleg mykje verdfullt i \u00e5 f\u00e5 kjennskap til framande kulturar, kunst, skikkar, tenking, varer, og matrettar. Internett er sameleis ein str\u00e5lande reiskap for informasjonsutveksling, ikkje minst for oss som freistar driva organisert arbeid mot dei negative sidene av globaliseringa.<\/p>\n<p>Ei annan form for kulturell p\u00e5verknad har TV og media. Sers f\u00e5 kvite norskingar som oss pratar til dagleg med ein pakistanar eller irakar eller vietnamesar for den del. Men dei fleste av oss ser p\u00e5 s\u00e5peseriar fr\u00e5 USA utan \u00e5 vera redde for kva som skjer av kulturell endring oppi hovudet v\u00e5rt. Denne forma for kulturell p\u00e5verknad er det ikkje like lett \u00e5 sj\u00e5 positive side ved.<\/p>\n<p>Amerikansk &#8211; eller USA\u2019nsk som det meir presist burde heita \u2013 kultur har mange fine sider og kvalitetar. Gjestfridom og hjelpsamheit for \u00e5 nemna noko. Men det er ikkje f\u00f8rst og fremst desse sidene ved kulturen som vert formidla gjennom TV-kanalane og avisene. TV-kanalane er sponsa og eigde av store konsern som sel andre varer enn medieprogram. I TV-stova heima er det i stor grad lukka ein kan oppn\u00e5 gjennom eit stort konsum, som vert formidla.<\/p>\n<p>Ei rekkje kjende forskarar fr\u00e5 USA sl\u00e5r fast at det ikkje lenger er ytringsfridom i USA. Ikkje fordi politiske styresmakter grip inn \u2013 langifr\u00e5. Nei fordi sponsorane og eigarane har sin eigen agenda \u2013 dei ynskjer auka profitt p\u00e5 varene sine. Magasinet TIME hadde nyleg eit temanummer om milj\u00f8ureining. Hovudsponsor for TIME er Ford (General Motors), og det var nok ikkje tilfeldig at TIME ikkje skreiv noko om luftureining i sin elles systematiske presentasjon av ureining.<\/p>\n<p>Globaliseringsordskiftet dreier seg alts\u00e5 ikkje om det er fint eller dumt \u00e5 finna eit og anna eksotisk vareslag i dei elendige norske matbutikkane. Det dreier seg heller ikkje om \u00e5 vera mot Internett. Globaliseringsordskiftet handlar i fyrste rekkje om dragkampen mellom marknadsmakt og politisk styring.<\/p>\n<p>Men kva er d\u00e5 globalisering?<\/p>\n<p>Globalisering kan definerast som dei \u00f8konomiske, tekniske, politiske, sosiale og kulturelle prosessane som gjev stadig fleire samankoplingar mellom akt\u00f8rar, institusjonar og regionar. Globalisering er her brukt b\u00e5de om dei objektive, materielle prosessane (at verda vert mindre) og dei subjektive, ikkje-materielle (medvitet om at me alle bur i same verda). Globaliseringa gjev oss ei f\u00f8restelt symbolsk konstruert felles verd, sett saman av lokale og globale trekk. Globaliseringa av det materielle gjer at det dukkar opp kj\u00f8pesenter etter vestleg modell i India, men med ein stor skilnad: i India er kj\u00f8pesenteret berre for dei rikaste.<\/p>\n<p>Globalisering skjer fysisk ved at avstandane vert kortare og til d\u00f8mes ved at naturressursane p\u00e5 jorda vert vurderte som absolutte. Politisk handlar globalisering om den politiske og \u00f8konomiske verdsordninga og om framveksten av globale organisasjonar og selskap som gjer det mogleg \u00e5 snakka om globale politiske strategiar. \u00d8konomisk globalisering er mellom anna kjenneteikna av at produksjonen vert styrt av transnasjonale firma som vurderer dei globale ressursane under eitt.<\/p>\n<p>Det er problematisk \u00e5 nytta omgrepet globalisering for \u00e5 skildra alle desse ulike prosessane. For det fyrste er det fleire som meiner at omgrepet er misvisande. Det er i hovudsak dei rikaste landa i verda som deltek i denne prosessen. Til d\u00f8mes st\u00e5r store delar av Afrika langt p\u00e5 veg utanfor globaliseringsprosessen. For det andre er det upresist \u00e5 omtala dette mangfaldet av endringar p\u00e5 alle samfunnsomr\u00e5de som endringar i ei s\u00e6rskild retning. Det skjer eit mangfald av endringar som ikkje peikar i same retning, og det er for fort gjort \u00e5 forklara all endring i dag med \u00e5 ty til moteordet globalisering.<\/p>\n<p>Dei fleste som freistar \u00e5 skildra globaliseringa ser p\u00e5 henne som ein prosess som gjer statar og andre akt\u00f8rar over heile verda meir avhengige av kvarandre. Men det er ikkje berre aukande tilknyting som er viktig og som gjer omgrepet til eit treffande moteord. Globaliseringsprosessen endrar ogs\u00e5 det potensialet som statar har til \u00e5 kontrollera nasjonal og internasjonal politikk. Endringar i makttilh\u00f8va mellom ulike akt\u00f8rar som \u00f8ver politisk kontroll er kjernen i globaliseringa. Makta som dei folkevalde organa i nasjonalstatane har gjeve fr\u00e5 seg, har ikkje vorte borte, men er overf\u00f8rte, dels til dei store multinasjonale konserna som er p\u00e5drivaren og motoren bak dei internasjonale dereguleringane, og til nasjonale og internasjonale domstolar.<\/p>\n<p>Spr\u00e5kleg og kulturelt mangfald vert av dei aller fleste framstilt som noko positivt som det er viktig \u00e5 ta vare p\u00e5, \u00f2g av globaliseringstilhengjarane. Det kulturelle perspektivet kjem heller inn n\u00e5r me m\u00f8ter motsp\u00f8rsm\u00e5let: Er det s\u00e5 gale at ein del spr\u00e5k og lokalkulturar g\u00e5r tapt n\u00e5r me tenkjer p\u00e5 alt ein f\u00e5r att i \u00f8konomisk vekst og velstand? Vil ikkje den som set seg utanfor globaliseringa for \u00e5 ta vare p\u00e5 sitt vesle spr\u00e5k og sin rare kultur p\u00e5 lang sikt tapa? Og kven er det i dag, bortsett fr\u00e5 spr\u00e5kforskarar og attendeskodande romantikarar, som eigenleg saknar dei spr\u00e5ka som d\u00f8ydde ut for lang tid sidan? Er ikkje dette ein pris det er verdt \u00e5 betala for vekst og velstand? Dette er nok ein utbreidd underliggjande syn i globaliseringsivrige milj\u00f8.<\/p>\n<p>Dette synet finst i ein annan variant i ein del intellektuelle milj\u00f8, helst av det postmoderne og urbanistiske slaget. Der har me gjennom mange \u00e5r sett at verdien av den stadbundne identiteten har vorte bagatellisert. \u201dFolk har f\u00f8ter, ikkje r\u00f8ter\u201d, har vorte eit mantra etter Salman Rushdie. Identiteten er ikkje lenger noko fast, men noko ein sj\u00f8lv snikrar saman ved \u00e5 velja fr\u00e5 \u00f8vste hylle. Ideen om den stadbundne identiteten, og i det heile tradisjonelle identitetar som den lokale og den nasjonale, er ut fr\u00e5 dette perspektivet reaksjon\u00e6rt og st\u00e5r i vegen for eit lukkeleg liv der ein sj\u00f8lv har gjort frie val.<\/p>\n<p>Me er overtydde om at denne ideologien tek grunnleggjande feil p\u00e5 eit reint psykologisk plan: folk har behov for ein plass \u00e5 h\u00f8yra til, b\u00e5de geografisk og sosialt. Det er vel Heidegger som har sagt at det viktigaste eksistensfilosofiske verket som er skrive, er telefonkatalogen. Her finn ein, utanom telefonnummeret, to opplysningar knytte til namnet sitt: yrket og adressa. Me hentar sj\u00f8lvsagt identiteten v\u00e5r fr\u00e5 fleire plan \u2013 b\u00e5de det famili\u00e6re, lokale, nasjonale og globale, og fr\u00e5 yrket og andre sosiale grupper me er med i, og desse tilknytningane kan endrast. Men me kan ikkje byta dei som me byter skjorte.<\/p>\n<p><strong>Kulturen som vare og WTO-tingingane<\/strong><\/p>\n<p>Det ser ut til at kulturen har vorte ei handelsvare, b\u00e5de nasjonal og global. Store selskap investerer i kultur og posisjonerer seg (kj\u00f8per opp andre) for \u00e5 f\u00e5 kontroll over informasjonskanalane.<\/p>\n<p>N\u00e5r banda v\u00e5re losnar, kan me erstatta dei med \u00e5 kj\u00f8pa oss identitet og kulturell tilh\u00f8yrsle for pengar. Me kj\u00f8per oss moteklede i staden for tradisjonelle plagg, me kj\u00f8per varer fr\u00e5 den kommersielle barnekulturen i staden for \u00e5 gje ungane lokale kulturuttrykk, me sl\u00e5r p\u00e5 fjernsynet.<\/p>\n<p>D\u00e5 er me midt inne i sj\u00f8lve kjernen av det me ser som den viktigaste problemstillinga n\u00e5r det gjeld spr\u00e5k, kultur og globalisering: Det at kultur er ei vare \u2013 ei viktig vare. Dette er \u00f2g verkeleg grunnen til at m\u00e5lr\u00f8rsla og alle andre spr\u00e5k- og kulturinteresserte raskt m\u00e5 vakna.<\/p>\n<p>9. november 2001 m\u00f8ttest medlemslanda i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) til ny forhandlingsrunde i Qatar, for \u00e5 pr\u00f8va \u00e5 retta opp alt som gjekk gale i Seattle i 1999. Sentralt i WTO st\u00e5r no forhandlingane om ei utviding av GATS \u2013 generalavtala om handel med tenester. GATS-regimet vart etablert i 1994, og m\u00e5lsetjinga er \u00e5 avvikla alle statlege barrierar mot internasjonal handel og tevling i tenestesektoren. GATS skal i utgangspunktet dekkja ei kvar tenkjeleg teneste, anten ho er privat eller offentleg, inkludert sektorar som r\u00f8rer ved milj\u00f8, naturressursar, vassforsyning, helsetenester, sosiale rettar, transport, post, utdanning og kultur. Dei to siste er sj\u00f8lvsagt dei interessante for oss. Forhandlingane vil no st\u00e5 om \u00e5 fjerna ein del unntak og hindringar som til no har gjort det mogleg for medlemslanda \u00e5 f\u00f8ra ein nasjonal politikk p\u00e5 mange av desse omr\u00e5da.<\/p>\n<p>I den nye globale \u00f8konomien er helse, utdanning og vassforsyning ofte omtala som dei mest lukurative p\u00e5 den private marknaden. Helsetenester har truleg ein marknadsverdi p\u00e5 3500 mrd dollar verda over, medan utdanningssektoren er verdt 2000 mrd dollar. Finansinstitusjonar som Merrill Lynch reknar med at offentleg utdanning vil vera privatisert verda over i l\u00f8pet av det neste ti\u00e5ret og har erkl\u00e6rt at ein kan oppn\u00e5 ufattelege profittar i prosessen.<\/p>\n<p>Ein fersk UNESCO-rapport syner at handelen med kultur utgjer kring 3% av all internasjonal handel og har vorte femdobla mellom 1980 og 1998 \u2013 fr\u00e5 48 til 214 mrd dollar. Kultursektoren har i dei fleste land strenge nasjonale reguleringar og offentlege st\u00f8tteordningar. I Noreg gjeld det td.:<\/p>\n<ul>\n<li>filmst\u00f8tta: favorisering av norske selskap i Noreg som vil produsera film p\u00e5 norsk.<\/li>\n<li>fjernsyn: TV2-konsesjonen: favorisering av eit norsk selskap som er p\u00e5lagt \u00e5 senda fr\u00e5 Bergen, og med kl\u00e5re krav til norskspr\u00e5klege produksjonar. Ein del av vederlaget til konsesjonen skal betalast til Norsk filmfond.<\/li>\n<li>kinodrift: offentlege monopol.<\/li>\n<li>reguleringar av bokbransjen og st\u00f8tteordningar for litteratur.<\/li>\n<\/ul>\n<p>USA kjempar no for \u00e5 fjerna det kulturelle unntaket i GATS og dermed bli kvitt nasjonale reguleringar som td. st\u00f8r oppunder nasjonal film p\u00e5 kostnad av amerikansk. UNESCO har granska filmmarknaden i 30 land og funne ut at amerikanske filmar har majoriteten av marknadsdelen i 27 av dei 30 landa. Berre i fem land utgjorde inntektene av billettsal fr\u00e5 eigenproduserte filmar meir enn 25 prosent.<\/p>\n<p>I tillegg til det reint \u00f8konomiske har USA eit kl\u00e5rt ideologisk motiv for fri flyt p\u00e5 kulturomr\u00e5det: Gjennom filmar p\u00e5 kino, fjernsyn og video veit truleg ein gjennomsnittleg 16-\u00e5ring fr\u00e5 Oslo meir om dagleglivet i ein amerikansk storby enn i ei norsk bygd \u2013 kanskje med unntak av Berlev\u00e5g.<\/p>\n<p>Dette er ikkje berre noko som uroar oss. I <em>World Culture Report <\/em>for 2000 st\u00f8r UNESCO statane sin rett til \u00e5 verna nasjonal kulturproduksjon mot internasjonal konkurranse, og dei etterlyser internasjonale normer p\u00e5 omr\u00e5det. Frankrike har vore mellom dei fremste motstandarane mot USA sine framst\u00f8ytar for \u00e5 liberalisera kulturomr\u00e5det.<\/p>\n<p>Noreg er sannsynlegvis samd med Frankrike i dette, men det er lite som har vorte sagt offentleg om dette. Tidlegare utanriksminister Thorbj\u00f8rn Jagland sa fylgjande i Stortinget 1. juni 2001 d\u00e5 han gjorde greie for Noreg sitt arbeid i WTO:<\/p>\n<p>\u201dDet har v\u00e6rt reist sp\u00f8rsm\u00e5l om tjenesteavtalen i WTO vil kunne begrense v\u00e5r nasjonale handlefrihet til \u00e5 organisere den offentlige sektor i Norge p\u00e5 den m\u00e5ten vi selv \u00f8nsker. Det er ikke tilfellet. Det er intet i WTO-regelverket som hindrer medlemslandene selv \u00e5 avgj\u00f8re hvordan de vil organisere sine offentlige tjenester, f.eks. utdanning og helse. Det sl\u00e5s klart fast i avtalen at denne rett tilligger medlemslandene. Vi har ogs\u00e5 handlingsrom til \u00e5 videref\u00f8re en politikk for \u00e5 n\u00e5 v\u00e5re nasjonale kulturpolitiske m\u00e5l.\u201d<\/p>\n<p>Dette er eit reint goddagmann\u00f8kseskaft-svar. Det er ikkje noko i WTO-regelverket <em>i dag<\/em> som hindrar medlemslanda i \u00e5 organisera offentlege tenester etter eige ynske. Men tingingane gjeld <em>om det framleis skal vera slik<\/em>.<\/p>\n<p><strong>Ny forhandlingsrunde i WTO trugar kulturelt mangfald<\/strong><\/p>\n<p>P\u00e5 ministerm\u00f8tet i WTO i Quatar i november 2001 vart det lansert ein omfattande ny forhandlingsrunde for varer og tenester som skal inkludera tema som kan f\u00e5 alvorlege konsekvensar for kulturpolitikken i mange land. I Ministererkl\u00e6ringa kom diverre ikkje ei formulering om at spr\u00e5k og arbeid for kulturelt mangfald er viktig, med. Alle verdas kulturorganisasjonar vert no n\u00f8ydde til \u00e5 retta fokus mot WTO for \u00e5 motarbeida dei alvorlege konsekvensane at ein blind liberaliseringspolitikk.<\/p>\n<p>GATS-avtalen definerer alle typar kunstneriske uttrykk som tenester. Sj\u00f8lv om medlemsstatar i WTO faktisk kan unnlata \u00e5 leggja tilbod fr\u00e5 desse sektorane p\u00e5 forhandlingsbordet, er det eit stort press b\u00e5de bilateralt og multilaterlat for \u00e5 f\u00e5 det til.<\/p>\n<p>USA har alt lagt p\u00e5 bordet eit framlegg om at audiovisuelle tenester skal dekkjast 100 prosent av GATS. Sveits har kome med eit anna framlegg som i f\u00f8lgje ein tenestemann er eit fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 \u201cbyggja bruer mellom USA og EU sine posisjonar\u201d. Dette vil vera eit hovudelement i dei p\u00e5g\u00e5ande forhandlingane, og med fleire tema inkludert i forhandlingane er det st\u00f8rre rom for ringverknader av liberaliseringa.<\/p>\n<p>Det er ogs\u00e5 h\u00f8ve \u00e5 koma med sokalla horisontale framlegg. Dette er tilbod som gjeld p\u00e5 tvers av alle tenester, uavhengig av om ein stat har sagt seg viljug til \u00e5 inkludera denne sektoren.<\/p>\n<p>Dei GATS-forhandlingane som p\u00e5g\u00e5r no i WTO har som f\u00f8rem\u00e5l \u00e5 overf\u00f8ra offentlige tjenester til multinasjonale selskaper gjennom \u00e5:<\/p>\n<p>1) Innf\u00f8ra nye og strenge restriksjonar p\u00e5 styresmaktene sitt h\u00f8ve til \u00e5 oppretthalda eller vedta nye standardar n\u00e5r det gjeld milj\u00f8, helse, forbrukervern eller andre omr\u00e5de av offentlig interesse. Dette skjer gjennom ei utviding av GATS Artikkel VI om nasjonale reguleringar. Framlegg inkluderer ein &laquo;n\u00f8dvendighetstest&raquo; (necessity test) som betyr at styresmaktene vil m\u00e5tte bevise at lover og reguleringer er dei &laquo;minst handelshindrande&raquo; i h\u00f8ve til dei m\u00e5l som skal n\u00e5ast, uavhengig av finansielle, sosiale, teknologiske eller andre omsyn.<\/p>\n<p>2) Avgrensa politiske styresmakter sin rett til \u00e5 drive offentleg arbeid, kommunale tenester og sosiale program i eigen regi. Ved \u00e5 gjera WTO sitt prinsipp om nasjonal likehandsaming gjeldande b\u00e5de for statlege innkj\u00f8p og subsidiar, s\u00f8kher dei nye forhandlingane \u00e5 p\u00e5legga styremaktene \u00e5 gje multinasjonale selskap full tilgang til offentlege midler.<\/p>\n<p>3) Tvinga styresmakter til \u00e5 gje uavgrensa marknadstilgang til utanlandske tenesteytarar, uten omsyn til milj\u00f8messige og sosiale verknader.<\/p>\n<p>4) Framskynde prosessen med \u00e5 garantera det private n\u00e6ringsliv tilgang til innanlandske marknader i alle land og innan alle sektorar \u2013 inkludert utdanning, helse og vassforsyning \u2013 gjennom nye WTO-reglar for skattefri elektronisk handel verda over. Dette ville gje dei multinasjonale selskapa rask og irreversibel marknadstilgang, swerleg i land i Den tredje verda.<\/p>\n<p>Dei som i hovudsak vil nyta godt av dette nye GATS-regimet, er private tenesteytarar som arbeider m\u00e5lrettet for \u00e5 ekspandere p\u00e5 dei globale marknadane og for \u00e5 privatisera offentlege tenester verda over. Dersom dei lukkast med det, vil GATS kunna bli eit frontalangrep p\u00e5 grunnleggande sosiale rettar beskytta i SNs menneskerettserkl\u00e6ring.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Hoel, Oddmund L\u00f8kensgard og\u00a0Trond S\u00e6b\u00f8 Skarpeteig. (2002.) Globalisering av kultur. I Trond S\u00e6b\u00f8 Skarpeteig (red.): Globalisering og spr\u00e5kpolitikk. Eit debatthefte (s. 65-70). Oslo: Noregs M\u00e5llag. Bibsys-oppf\u00f8ring Det finst ingen ute i den store verda som er aktivt opptekne av \u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/globalisering-av-kultur-bokartikkel-2002\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":126,"menu_order":18,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-137","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/137"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=137"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/137\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=137"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}