{"id":145,"date":"2007-05-08T06:01:20","date_gmt":"2007-05-08T04:01:20","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=145"},"modified":"2007-05-08T06:05:58","modified_gmt":"2007-05-08T04:05:58","slug":"sogn-h%c3%b8gborg-for-unionsradikalisme-og-republikanisme-f%c3%b8redrag-2005","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/upubliserte-faglege-arbeid\/sogn-h%c3%b8gborg-for-unionsradikalisme-og-republikanisme-f%c3%b8redrag-2005\/","title":{"rendered":"Sogn &#8211; h\u00f8gborg for unionsradikalisme og republikanisme? (f\u00f8redrag 2005)"},"content":{"rendered":"<blockquote><p>Hoel, Oddmund L. (2005). <em>Sogn &#8211; h\u00f8gborg for unionsradikalisme og republikanisme? <\/em>Uprenta f\u00f8redrag p\u00e5 seminaret \u201cUnionsoppl\u00f8ysinga 1905 i eit lokalt og globalt perspektiv\u201d, Historisk institutt ved H\u00f8gskulen i Volda og HIFO Nordvestlandet, Volda 25.5.2005.<\/p><\/blockquote>\n<p>D\u00e5 eg i januar gjekk laus p\u00e5 mikrofilmane med dei to sognaavisene som kom ut i 1905, var det med stor spenning, men kanskje ikkje ope nok sinn. Samfunnsforskarar som Gabriel \u00d8idne og Stein Rokkan og historikarar som Jostein Nerb\u00f8vik, har spikra fast omgrep som \u2019folkeh\u00f8gskuleregionen\u2019 og \u2019fjell- og fjord-Noreg\u2019 i medvita v\u00e5re \u2013 omr\u00e5det der grundtvigianisme, norskdom, m\u00e5lsak og Reine Venstre stod sterkt i motsetnad til det klassedelte sentrale Austlandet og den pietistiske og fr\u00e5haldande kyststripa. Trass i alle atterhald og modifikasjonar av denne sterkt forenkla modellen, og trass i at eit raskt blikk p\u00e5 kartet over novemberr\u00f8ystinga i 1905 burde gje \u2019bange anelsar\u2019, m\u00e5 eg vedg\u00e5 at eg hadde venta \u00e5 finna Sogn som ein del av Grunnfjellet for den kompromisslause unionsradikalismen og republikanismen som norskdomsr\u00f8rsla p\u00e5 sentralt hald stod for, s\u00e6rleg gjennom Den 17de Mai.<\/p>\n<p>S\u00e5 eg byrjar heller med den hypotesen som slo til: Dei to avisene mine, Sogns Tidende og Sogningen, var proppfulle av stoff om unionssaka gjennom heile \u00e5ret, og gjennom spaltene kjem eit sterkt og inderleg folkeleg engasjement til syne. 1175 kr skulle Sogndal bibliotek ha for kopiane d\u00e5 eg var ferdig med 1905-\u00e5rgangene av dei to firesiders lefsene, og d\u00e5 hadde eg p\u00e5 langt n\u00e6r kopiert alt. 1905 var \u00e5ret d\u00e5 Noreg fekk \u201dSin egen stemme\u201d i det internasjonale samfunnet, har den offisielle Hundre\u00e5rsmarkeringen som eit slagord. Sett nedanfr\u00e5 var 1905 i like stor grad \u00e5ret d\u00e5 dei mange sm\u00e5 r\u00f8ystene kom til orde, gjennom to folker\u00f8ystingar, gjennom folkem\u00f8te, stemne og ikkje minst gjennom avisene.<\/p>\n<p>Avisene Sogns Tidende og Sogningen utgjorde to motpolar i Sogn som er sv\u00e6rt kj\u00e6rkomne til v\u00e5rt bruk. Sogns Tidende var redigert og utgjeven av Jens Kv\u00e5le i over ein mannsalder, innf\u00f8dd sognd\u00f8l, m\u00e5lmann, venstremann, lokalpolitikar og folkeh\u00f8gskulel\u00e6rar. Det var landets fyrste bygdeblad redigert p\u00e5 nynorsk og m\u00e5 sj\u00e5ast som taler\u00f8yr for det sterke norskdomsmilj\u00f8et i Sogn som hadde hovudb\u00f8let sitt p\u00e5 Sogndal folkeh\u00f8gskule, skipa alt i 1871. Herifr\u00e5 vart b\u00e5de m\u00e5lreisinga, ungdomslagsr\u00f8rsla og l\u00e6rarr\u00f8rsla organisert, med Sogns Tidende som taler\u00f8yr og kamporgan.<\/p>\n<p>Sogningen var H\u00f8greavis, redigert av Rasmus Thorsen, typograf og journalist fr\u00e5 Stavanger. H\u00f8gre-organisasjonen i Bergen sende Thorsen til Sandane i 1896 for \u00e5 f\u00e5 i gang avisa Nordfjord, og \u00e5ret etter bad dei han dra til Vik der han fekk i gang Sogningen der han vart verande som redakt\u00f8r i 15 \u00e5r som redakt\u00f8r. I Vik fann Thorsen eit sterkt milj\u00f8 av konservative kondisjonerte \u2013 embetsmenn, storb\u00f8nder og ikkje minst offiserar sidan Vik var ei av dei viktigaste milit\u00e6rbygdene p\u00e5 Vestlandet. Eg treng vel knapt nemna at Thorsen var ihuga riksm\u00e5lsmann og Sogningen riksm\u00e5lsblad.<\/p>\n<p>B\u00e5e avisene hadde ambisjonar om \u00e5 dekkja heile Sogn, og det at ei kom ut i Vik og ei i Sogndal var ikkje fyrst og fremst eit uttrykk for ei geografisk deling av marknaden, men ei politisk, kulturell og spr\u00e5kleg kl\u00f8yving som gjekk tvers gjennom alle sognabygdene.<\/p>\n<p>Dei to avisene gjekk inn i 1905 med sv\u00e6rt ulik lydstyrke. Omkring og etter forhandlingsbrotet med Sverige i januar\/februar \u00f8ygna Sogns Tidende von om at Venstre si store konsulatsak no kunne drivast gjennom, og statsmaktene vart h\u00f8gr\u00f8ysta oppmoda om \u00e5 setja hardt mot hardt. I Sogningen r\u00e5dde derimot den store forvirringa som prega dei moderate og konservative milj\u00f8a p\u00e5 denne tida, og den einaste lina Sogningen greidde \u00e5 samla seg sj\u00f8lv om, var at \u201dregjeringa-veit-best\u201d, same kva ho m\u00e5tte koma fram til og kva for ei regjering det var. Dette innebar \u00f2g full st\u00f8tte til Michelsen-regjeringa og strategien ho meisla ut, og ein markert avstand til Francis Hagerup etter regjeringsskiftet. Alf Kaartvedt har i H\u00f8yres historie lagt vekt p\u00e5 at s\u00e6rleg vestlendingane i stortingsgruppa i februar 1905 var redd for at dei \u201dfeies v\u00e6k\u201d ved neste val dersom H\u00f8gre ikkje gjekk over til ein meir aktivistisk unionspolitikk. Det ser s\u00e5leis ut til at Sogningen f\u00f8yer seg inn i eit st\u00f8rre bilete der Vestlands-H\u00f8gre utgjorde eit kritisk element i partiet til forhandlingslina til Hagerup.<\/p>\n<p>I praksis vart difor dei to avisene st\u00e5ande p\u00e5 same line i dei avgjerande vintervekene. Alt 27. januar, f\u00f8r forhandlingsbrotet, formulerte Sogns Tidende sv\u00e6rt bastant at den \u2019korte lovlina\u2019 var vegen, alts\u00e5 den som vart Michelsen-regjeringa og Spesialkomiteen i Stortinget i februar\/mars gjekk inn for. Avisa polemiserer mot den \u2019lange lovlina\u2019 som stod sterkt i konservative krinsar, men mellom linene gjekk norskdomsavisa \u00f2g imot \u2019vedtakslina\u2019 \u2013 opprettinga av eit norsk konsulatvesen utan \u00e5 bry kongen med eit lovvedtak \u2013 som stod sterkt i norskdomsr\u00f8rsla. Dermed var \u00f2g hovudlina til Sogns Tidende og Jens Kv\u00e5le for det neste trekvart \u00e5ret fastslegen: eit tydeleg standpunkt for aksjon i konsulatsaka, men med kl\u00e5r distanse til dei mest unionsradikale delane av venstre- og norskdomsr\u00f8rsla.<\/p>\n<p>Spenninga som var bygt opp i dei to avisene gjennom stadig fleire spaltemeter utover v\u00e5ren, fekk si store utl\u00f8ysing i dei ordin\u00e6re utg\u00e5vene som kom 9. juni. Redakt\u00f8rane rekna med at noko stort var i kj\u00f8mda, men den lite fleksible produksjonsm\u00e5ten gjorde det ikkje s\u00e5 enkelt. Kv\u00e5le fylte difor opp det meste av framsida p\u00e5 ein gjennomgang av norsk sj\u00f8lvstende- og unionshistorie, klypt fr\u00e5 Stavanger Avis. B\u00e5e avisene hadde sett av plass til siste nytt, og telegramma st\u00e5r som sediment\u00e6re avleiringar nedover spaltene. Her ser me at det tok ein knapp halvtime f\u00f8r avisene hadde dei fyrste meldingane om Stortinget sitt unionsvedtak, og det tok knapt to timar f\u00f8r Sogningen hadde den presise ordlyden p\u00e5 vedtaket. Den 9. juni melder \u00f2g b\u00e5e avisene om dei fyrste reaksjonane fr\u00e5 utlandet.<\/p>\n<p>1. pinsedag fall p\u00e5 11. juni, og prestane var bedne om \u00e5 lesa opp Stortinget sin proklamasjon om unionsoppl\u00f8ysinga for kyrkjelydane. Opplesinga var \u201dav dei st\u00f8rste stunder mange hev havt i sitt liv\u201d, og folk hadde \u201dventa i stor spaning, ogso dei som hadde lese meldingi og uppropet til folket\u201d melder Sogns Tidende. Og som om det ikkje var gildt nok inni kyrkja:<\/p>\n<p>\u201dDet hev vore vent pinsever i helgi, aaker og eng hev skote rask vokster, og hagarne lyser i sin fulle fagerdom. I denne bunad og i dette straalande ver styrkjer naturen sj\u00f8lv dei nasjonale kjenslor, som i desse dagar raar so eintonige og sterke i kvar nordmanns hug og haatt. Eit slikt land er noko aa eiga. Det er verd endaa dei st\u00f8rste offer.\u201d<\/p>\n<p>Andre pinsedagen vart det halde eit folkem\u00f8te i Sogndal der det p\u00e5 kort varsel m\u00f8tte 6-700 menneske (like mange som fredag m\u00f8tte fram i kulturhuset for \u00e5 h\u00f8yra p\u00e5 Idol-Tone). Dei gjekk i tog bak skyttarfana, skulefana og flagg, det var talar m.a. av ein av folkeh\u00f8gskulel\u00e6rarane (Vilhelm Flugheim), og sj\u00f8lvsagt \u201dGud signe v\u00e5rt dyre fedreland\u201d.<\/p>\n<p>Den uavkl\u00e5ra situasjonen i h\u00f8ve til omverda gjorde det heilt naudsynt \u00e5 demonstrera at unionsoppl\u00f8ysinga hadde unison st\u00f8tte i folket. Norske styresmakter og tonegjevande krefter i lokalsamfunna arbeidde difor hardt utover sommaren for \u00e5 rydda av vegen den tvilen som framleis m\u00e5tte finnast. Sommaren var tida for dei store stemna. I Gloppen m\u00f8ttest 4000 menn og kvinner p\u00e5 stiftssamling i Det norske misjonsselskab, og dei sende takketelegram til regjeringa og Stortinget. Det gjorde \u00f2g dei kring 3500 som m\u00f8tte fram p\u00e5 ungdomslagsstemna i Vik midt i juni. Dei fekk h\u00f8yra ei rekkje talar om sp\u00f8rsm\u00e5let, ikkje minst av stortingsmann Anfinn Refsdal fr\u00e5 Vik som hadde vore med p\u00e5 7. juni-vedtaket.<\/p>\n<p>Den store nasjonale mobiliseringa byrja med 17. mai-feiringa \u201dsom hev samla fleire folk um sine dyre og nasjonale minne enn kanskje nokon gong fyrr\u201d, etter det Sogns Tidende kan fortelja, men ikkje alle stader: \u201dPaa Fr\u00f8nningen var det iaar sv\u00e6rt faae som \u201dhadde tid\u201d aa vera med og halda fest 17de mai. Det er sv\u00e6rt kor seint det kann ganga upp for folk, kor mykje denne dagen hev aa segja for oss.\u201d<\/p>\n<p>Dei siste dagane i juli vart det kl\u00e5rt at det ville bli folker\u00f8ysting etter at Sverige kravde det for \u00e5 innleia forhandlingar. Var det vanskeleg \u00e5 vera unionsven eller tvilar tidlegare p\u00e5 sommaren, vart det umogleg no. 7. junivedtaket kan berre \u201dudslettes med det norske Folks Blod\u201d, melder Sogningen, den vil \u201dblive forsvaret saal\u00e6nge der findes en vaabenf\u00f8r Mand i Landet.\u201d \u00c5 m\u00f8ta fram og r\u00f8ysta ja var ei \u00e6ressak for einkvar god fedrelandsven med r\u00f8ysterett. \u201dGud fri oss fraa at nokon vaagar aa gjera svenske av seg og oss og vaart fedraland i desse tider\u201d, skreiv Sogns Tidende. Lensmann og valstyreformann A. \u00d8en i Vik n\u00f8ydde seg ikkje med formell og praktisk instruksjon i korleis valet skulle gjennomf\u00f8rast, men la til at \u201dLad der ikke komme noget Nei i Urnen.\u201d Det hagla inn med opprop og lesarbrev til avisene, som vart spreidde i store ekstraopplag. Problematiske segment i veljarflokken vart identifiserte. Med bergensavisene som kjelde var Jens Kv\u00e5le redd for at \u201dein og annan havstrilen som bur ute i dei ytste skjeri, vil koma til aa svara nei. Dei er ogso utan all politisk upplysning. &#8230; Dei kann let koma til og verta forr\u00e6darar mod dei krav som fedralandet hev.\u201d Lekmannsfolket var han heller ikkje trygg p\u00e5. P\u00e5 Kaupanger vart det greitt, det same var Sogndal, og p\u00e5 Norane var der \u201dikkje ei svikarsj\u00e6l som gjer svenske av seg\u201d. Derimot var det redsle for at \u201dveitastrendingarne er so politisk formyrka og skakk\u00f8yrde at dei mannjamt vilde r\u00f8ysta nei\u201d. Men eit folkem\u00f8te 6. august gjorde heldigvis at \u201dskodda dreiv burt fraa grend etter grend\u201d. Ein strek i rekninga var det likevel at mange veitastrendingar ikkje fekk r\u00f8ysta fordi propellen p\u00e5 b\u00e5ten p\u00e5 Veitastrondsvatnet rauk.<\/p>\n<p>Aldri har heimesitjarane vore mer uglesedde. I Jostedalen var det fem av 180 r\u00f8ystef\u00f8re som ikkje m\u00f8tte fram. Tre var reiste fr\u00e5 bygda, s\u00e5 det var greitt, tykte innsendaren i Sogns Tidende, \u201dmen dei andre tvo, Anders N. Bj\u00f8rheimen og Lars N. Hesjevoll, sat heime\u201d.<\/p>\n<p>R\u00f8ystedagen sundag 13. august vart den store festdagen i 1905. Folk gjekk til kyrkja i finstasen, det var flagg overalt, kyrkjene var pynta, mange stader med banner \u2013 \u201dFrit Norge\u201d stod det over korkvelvingen i Aurlandskyrkja. Der skaut dei \u00f2g av 12 dynamittskot, og saluttsalvene small jamt i innover i fjordane. Gudtenestene vart regisserte med stigande program der klimakset var fedrelandssalmane f\u00f8r mennene gjekk til r\u00f8ysteurna. Det var d\u00e5 s\u00e5 stilt i kyrkja at ein kunne h\u00f8yra andedraga til kvarandre; \u201dforsamlingen drog innimellom tunge sukk, taarorne rann nedyver kinni paa mange\u201d (i Aurland).<\/p>\n<p>Det var s\u00e5leis ikkje heilt den store stemninga for \u00e5 skriva \u2019nei\u2019 p\u00e5 r\u00f8ystesetelen, og det gjorde d\u00e5 \u00f2g som kjent berre 184 personar i heile landet. I Sogn og Fjordane var det tre nei-r\u00f8yster, to av dei i Sogndal og ei i Selje. Framm\u00f8tet i fylket var utrulege 92,5 prosent med Vik b\u00e5de p\u00e5 fylkes- og landstoppen \u2013 98,4 prosent! Her fekk Rasmus Thorsen verkeleg noko \u00e5 skryta av.<\/p>\n<p>Derimot har ikkje sogningane i ettertid kunna skryta av kvinneunderskriftsaksjonen som Landskvinnestemmerettsforeningen tok initiativet til. I nokre bygder vart det arbeidd aktivt med \u00e5 samla underskrifter. P\u00e5 Leikanger vart listene lagde ut i sakristiet, og \u201dso snart preiki var ende, f\u00f4r kvinnorne i flokk aat sakristiet, der dei kappast um aa koma til, og det var eit gripande syn aa sjaa gamle konor \u2013 sume med stav \u2013 staa og ropa til dei yngre: \u2019Skriv meg! Skriv meg! Skriv meg og!\u201d I Lavik la valstyret ved kvinneunderskriftene med det offisielle valoppgjeret, noko som var heilt utanom reglementet. Men alt i alt fekk kvinneaksjonen d\u00e5rleg oppslutnad i Sogn og Fjordane. Det samla underskriftstalet p\u00e5 landsplan utgjorde 76 prosent av mennene sine ja-r\u00f8yster medan det i Sogn og Fjordane berre var ca. 17 prosent. Mangelen p\u00e5 organiserte kvinnenettverk er dregen fram som ei viktig forklaring, og gjennomgangen min viser at avisene knapt ofra ein spaltemillimeter p\u00e5 kvinneaksjonen. Mellom anna difor veit me s\u00e5 langt lite om \u00e5rsakene til den d\u00e5rlege oppslutninga.<\/p>\n<p>D\u00e5 oppk\u00f8yringa til Karlstad-forhandlingane tok til etter folker\u00f8ystinga, byrja lurvelevenet i Sogn som p\u00e5 landsplan. \u201dDei norske kravi reiser seg sterkare og sterkare mot at grensefestningarne skal gjerast til inkjes\u201d, skriv Sogns Tidende, som vonar at dei norske statsmenn \u201dikkje gjeng i kne for dei uvyrdne kravi\u201d. Det gjorde dei som kjent, og no vart ikkje berre regjeringa, men \u00f2g unionsradikalarane sette p\u00e5 pr\u00f8ve. \u201dVondt vert det aa d\u00f8yva kjensla av at Noreg hev maatta b\u00f8ygt seg djupt til knes,\u201d meinte Sogns Tidende. Ein innsendar fr\u00e5 Leikanger meinte ein no fekk sl\u00e5 i bordet til svenskane og heller ta krigen. Men korkje Sogns Tidende, folkem\u00f8te eller meir enn eit par tonegjevande personar i Sogn, i motsetnad til i indre Nordfjord, gjekk inn for at Stortinget burde avvisa det som Sogns Tidende meinte var \u201deit klent og tuske forlik\u201d i Karlstad. Den harde retorikken vart verande nettopp det, og til liks med mange andre inns\u00e5g avisa at forliket trass alt var betre enn krig. Den heroiske militarismen som ikkje minst Den 17de Mai kunne by p\u00e5 ein del av gjennom 1905, vart kontant avvist b\u00e5de av Sogns Tidend og av Sogningen, utgjeven i milit\u00e6rbygda Vik, og eit konsekvent st\u00f8tteorgan for Michelsen-regjeringa ogs\u00e5 under Karlstad-forhandlingane. Som p\u00e5 v\u00e5rparten plasserte Sogns Tidende seg s\u00e5leis p\u00e5 den moderate sida i Venstre, og talande nok fekk avisa \u00f2g takkehelsing fr\u00e5 J\u00f8rgen L\u00f8vland etterp\u00e5.<\/p>\n<p>\u201dDet ser ut, som me maa paa\u2019n att med avstemning. Denne gang skal kravet vera fraa Danmark. Sj\u00f8lvsagt maatte kravet koma fraa eit anna land, fyrr det vart haurt\u201d, skreiv republikanaren Lasse Tr\u00e6dal lakonisk i Sogns Tidende. Agitasjonen for republikk, og for folker\u00f8ysting om styreforma, byrja for fullt f\u00f8r blekket p\u00e5 karlstadtraktaten var turt, og sp\u00f8rsm\u00e5let om styreforma var vel s\u00e5 viktig for Sogns Tidende og Jens Kv\u00e5le som karlstadtingingane. Etter at det vart kl\u00e5rt at regjeringa b\u00f8ygde seg for det danske kravet om folker\u00f8ysting, byrja ein tovekers valkamp som var like intensiv og oppheta som i august, og der Sogns Tidende og Sogningen gjorde seg til agitasjonsorgan for kvar si side.<\/p>\n<p>Argumentasjonen i dei to avisene har ein interessant skilnad. Sogningen bygde konged\u00f8me-forsvaret sitt kring vert om 1814-grunnlova mot \u201drevolution\u201d, motstand mot uansvarlege sosialistar, rabulistar og andre \u201drabaldermagere\u201d, og p\u00e5 diplomatiske og \u00f8konomiske omsyn til utlandet. Argumentasjonen var i stor grad henta fr\u00e5 hovudstadspressa og den sentrale politiske og kulturelle eliten. Sogns Tidende hadde derimot eit kl\u00e5rt innslag av lokale r\u00f8yster (opprop, lesarbrev) i agitasjonen for republikk og visste dessutan \u00e5 utnytta den kristianiadominerte profilen til konged\u00f8meagitasjonen for det han var verdt. Avisa tvilte ikkje p\u00e5 at eit hoff ville vera \u201den s\u00e6rdeles behagelig ting for vinhandlere, modehandlere og endel andre oms\u00e6tningsm\u00e6nd i Kristiania\u201d, og det ville vera \u201dbehageligt for Kristianiasnobben og Kristianiafiffen at kunde \u2019gaa paa slotsbal\u2019.\u201d Opp imot dette appellerte Kv\u00e5le til jordn\u00e6re og spareviljuge b\u00f8nder: Republikken h\u00f8vde godt for eit folk \u201dsom er eit arbeidsfolk som ikkje hev utkoma til og ikkje syn for krupande menneskjedyrking\u201d, og konged\u00f8me var dyrt: Det ville kosta opptil 1 mill kr \u00e5rleg, ein president berre 100 000 kr. (At dette ikkje berre gjekk heim, vitnar ei soge fr\u00e5 Jostedalen om. Ein josted\u00f8l skal ha forkynt at \u2019eg skal ha konge, om eg so skal halde han sj\u00f8lv\u2019). Det berande i argumentasjonen var likevel det demokratiske poenget \u2013 statsoverhovudet b\u00f8r veljast av folket.<\/p>\n<p>Men vel s\u00e5 interessant som argumentasjonen, er resultatet. Om lag like mange r\u00f8ysta for republikk i Sogn og i Nordre Bergenhus Amt samla som p\u00e5 landsplan, dvs. kring 21 prosent. Vel ein fugleperspektivet, er det s\u00e5leis ikkje mykje \u2019folkeh\u00f8gskuleregion\u2019 eller ein s\u00e6rmerkt region av \u2019fjell- og fjordnoreg\u2019 \u00e5 sj\u00e5 i Sogn dersom republikanisme skal vera eit kjenneteikn p\u00e5 noko slikt. Dreg me eit skilje mellom fjordbygdene og kystbygdene, kan me alltids f\u00e5 ut eit markant skilje: Berre 7 prosent for republikk p\u00e5 kysten mot 25 prosent i fjordbygdene, men 25 prosent er trass alt heller ikkje s\u00e5 mykje. Langt meir sl\u00e5ande er skilnaden mellom grannekommunar b\u00e5de i indre og ytre Sogn. Dei sterke republikkbygdene ligg spreidde, fr\u00e5 Jostedalen inst i Sogn, via Leikanger midt i fjorden til valkrinsen Lavik (herada Brekke, Lavik og Kyrkjeb\u00f8) ytst i fjorden. Men td. Aurland i Indre Sogn hadde berre 9 prosent for republikk, Vik end\u00e5 f\u00e6rre.<\/p>\n<p>Vil det seia at teorien om Sogn som ein del av \u2019folkeh\u00f8gskuleregionen\u2019 smuldrar bort for oss? Nei \u2013 ikkje om me g\u00e5r inn p\u00e5 bygdeniv\u00e5. Sogns Tidende hadde sj\u00f8lv eit par observasjonar f\u00f8r r\u00f8ystinga av korleis motsetnadene vart oppfatta i samtida: \u201dStemningen i Sogn er ymsen. I dei bygder, der det er minst emb\u00e6tsfolk, er det mest republikanarar.\u201d Fr\u00e5 ei \u201dbondebygd\u201d der alle unnateke den folkelege presten var b\u00f8nder, var det kome telefonmelding om at \u201dHer stemmer me nei alle \u2013 paa 3 mann n\u00e6r.\u201d Slike optimistiske vurderingar f\u00f8r r\u00f8ystinga var nok i vel s\u00e5 stor grad agitasjon som meiningsm\u00e5ling, og republikanarane kom ikkje i fleirtal i nokon av kommunane i Nordre Bergenhus Amt, heller ikkje i Stryn og Hornindal. Men Sogns Tidende r\u00e5kar likevel noko vesentleg: Det var eit kl\u00e5rt samsvar s\u00e6rleg mellom styrken til norskdomsr\u00f8rsla lokalt og republikanisme. P\u00e5 fem-p\u00e5-topp-lista over republikanisme i Sogn finn me alts\u00e5 Lavik, Brekke, Kyrkjeb\u00f8 og Leikanger, og dette var dei fire herada som hadde innf\u00f8rt landsm\u00e5let i skulen f\u00f8r 1905. I Jostedalen, som var p\u00e5 republikktoppen, hadde fire av fem skulekrinsar \u00f2g reelt g\u00e5tt over, sj\u00f8lv om formelt vedtak ikkje kom f\u00f8r i 1908-10.<\/p>\n<p>I desse lokalmilj\u00f8a, finn me sterke lokalpolitikarar, bygdehovdingar og gjerne l\u00e6rarar som Lasse Tr\u00e6dal i Lavik, Mons Hjelm\u00e5 i Brekke, Andreas Vamraak i Kyrkjeb\u00f8, og Olav Sande p\u00e5 Leikanger att\u00e5t amtmann John Utheim som \u00f2g var ihuga republikanar og m\u00e5lmann. Sist i januar 1905 vart Kyrkjeb\u00f8 m\u00e5llag skipa med Vamraak som fyrste formann, som \u00f2g var formann i Sogn Ungdomslag. 13 av 16 heradsstyremedlemer vart med i m\u00e5llaget, her var det med andre ord snakk om totalt hegemoni for norskdomsr\u00f8rsla.<\/p>\n<p>G\u00e5r me til hovudkvarteret for norskdomsr\u00f8rsla i Sogn, folkeh\u00f8gskule- og avisbygda Sogndal, greidde det sterke norskdomsmilj\u00f8et der berre \u00e5 f\u00e5 24 prosent til \u00e5 r\u00f8ysta for republikk. Det er eit talande uttrykk for at dei ikkje hadde noko lokalpolitisk hegemoni som i Kyrkjeb\u00f8. Soga om innf\u00f8ringa av landsm\u00e5let i Sogndal vitnar om det same: Det skulle g\u00e5 mange \u00e5r og skiftande krins- og skulestyrefleirtal fr\u00e5 det fyrste vedtaket om landsm\u00e5l i skulen vart gjort i 1908 og til spr\u00e5kskiftet var eit faktum. S\u00e5 her hadde venstre- og folkeh\u00f8gskulefolka store problem med \u00e5 hamla opp med det sterke konservative milj\u00f8et kring godseigarane, embetsmennene, n\u00e6ringsborgarskapet og storb\u00f8ndene. Slik kunne me g\u00e5tt fr\u00e5 vidare fr\u00e5 bygd til bygd. S\u00e5 det generelle biletet at det var ein sterk samanheng mellom republikanisme og styrken til norskdomsr\u00f8rsla lokalt er styrkt av mi vesle gransking, og at me har \u00e5 gjera med forklaringar p\u00e5 fleire plan \u2013 b\u00e5de sterke lokalpolitiske akt\u00f8rar og ulik sosial struktur fr\u00e5 bygd til bygd.<\/p>\n<p>Det er gjort eit sv\u00e6rt viktig arbeid det siste ti\u00e5ret med \u00e5 gjenoppdaga norskdomsr\u00f8rsla som unionsradikal faktor, noko s\u00e6rleg Jostein Nerb\u00f8vik har g\u00e5tt i spissen for. Anders Kirkhusmo er nok talande for forskingstradisjonen n\u00e5r han i den utmerka granskinga si om unionell radikalisme i Venstre 1885-1891 fr\u00e5 1977 berre legg vekt p\u00e5 Dagbladet og milj\u00f8et kring Bj\u00f8rnson og ikkje nemner norskdomsr\u00f8rsla i det heile. Granskingane av norskdomsr\u00f8rsla, ikkje minst Fedraheimen og Den 17de Mai, har gjeve ei verdfull komplettering av dette biletet, seinast med ei masteroppg\u00e5ve i historie av Margit Bergstr\u00f8m om Den 17de Mai i 1905, levert i Oslo for eit par veker sidan. Med arbeidet til Jostein har dessutan Volda (og sunnm\u00f8rsregionen) \u2013 heimbygda til Den 17de Mai-redakt\u00f8r Steinsvik, kome p\u00e5 kartet.<\/p>\n<p>Sidan me er i Volda, vil eg streka under b\u00e5de at skilnaden p\u00e5 Volda og Sogn, og avstanden mellom norskdomsr\u00f8rsla sentralt og lokalt i Sogn, er st\u00f8rre enn iallfall eg hadde sett f\u00f8re meg. S\u00e5leis trur eg boka v\u00e5r har gjeve eit sv\u00e6rt verdfullt bidrag til \u00e5 utfylla biletet mellom norskdomsr\u00f8rsla sentralt og lokalt. Den 17de Mai gjev \u00f2g ein peikepinn om at det vart formidla eit anna bilete av Sogn p\u00e5 riksplan enn det som kanskje samsvara med den lokale r\u00f8yndomen. I mars 1905 refererte Den 17de Mai ei oppmoding fr\u00e5 skyttarlagsformannen i Sogn, H.M. Knudsen, om \u00e5 slutta seg til skyttarr\u00f8rsla av nasjonale grunnar. Skyttarlaga fekk hovud\u00e6ra d\u00e5 Den 17de Mai i den oppheta stemninga i september la vekt p\u00e5 at det fanst mange flinke skyttarar blant soldatane i Sogns bataljon. Dessutan var soldatane fr\u00e5 Sogn s\u00e6rskild djerve: \u201dDet var aa ynskja at dei som i desse dagar skal avgjera Norigs lagnad hadde noko av same djerve mod, det mod som torer ta ansvar paa seg,\u201d skriv Den 17de Mai. Sognaavisene gjev oss derimot ingen haldepunkt korkje for \u00e5 hevda at sogningane var s\u00e6rskilt militaristiske eller at unionsradikalismen stod s\u00e6rleg sterkt her. Me har tvert om sett at karlstadstormarane ikkje hadde mykje \u00e5 henta i Sogn.<\/p>\n<p>Eit lite blikk p\u00e5 stortingsvala i landkrinsane p\u00e5 Vestlandet 1888-1903, etter splittinga av Venstre, understrekar mellomposisjonen til Nordre Bergenhus Amt. Stavanger Amt utgjorde kraftsentrumet til Moderate Venstre, som gjorde reint bord i vala 1888-1903, bortsett fr\u00e5 eit par H\u00f8gre-representantar. I Romsdals Amt gjorde Venstre heilt reint bord i same periode. Mellom desse ytterpunkta l\u00e5g S\u00f8ndre og Nordre Bergenhus og vakla, men i b\u00e5e amta vann Moderate Venstre grovt sett 10-2 i perioden 1888-1903. Det er berre i S\u00f8ndre Bergenhus at skilnaden mellom ytre og indre delar er markant \u2013 med Hardanger som republikansk Reine Venstre- og norskdomsland. I Nordre Bergenhus er stortingsvalkarta til liks med republikanismekartet langt meir brokut, og her sokna \u00f2g mange profilerte norskdomsfolk til Moderate Venstre. Det galdt td. b\u00e5de folkeh\u00f8gskuleskipar Jakob Sverdrup i Sogndal, seinare folkeh\u00f8gskulestyrar Henrik Mohn Dahl og Anfinn Refsdal i Vik. Ingen har etter det eg veit g\u00e5tt inn p\u00e5 stortingsvala i Sogn og Fjordane, s\u00e5 her ligg det ei interessant forskingsoppg\u00e5ve og ventar.<\/p>\n<p>Dette var ein freistnad p\u00e5 \u00e5 reflektera litt kring det faktumet at sogningane ikkje var fullt s\u00e5 unionsradikale og republikanske som iallfall eg trudde. S\u00e5 visste d\u00e5 \u00f2g Jens Kv\u00e5le \u00e5 orientera avisa si i tr\u00e5d med folkemeininga etter novemberr\u00f8ystinga. Dei som betalte bladpengane for Sogns Tidende f\u00f8r 15. januar kunne velja mellom to g\u00e5ver \u2013 35-\u00e5rsskrifter for Sogndal folkeh\u00f8gskule, eller \u201deit fagert bil\u00e6te av kongefamilien &#8230; det fagraste som er i handelen. Det er fargetrykk paa sterkt slett karton, og kongen, dronning og krunprinsen sit under det norske vaapen og er umkransa av det norske flagd\u201d. Utp\u00e5 ny\u00e5ret f\u00e5r me vita at \u201dein mengde [hev] tinga paa bil\u00e6tet av kongefamilien\u201d. Slik sette republikanaren Jens Kv\u00e5le eit marknadsorientert symbolsk punktum for republikanismen i Sogn.<br \/>\n\u00a0<\/p>\n<p><strong>Merknad<\/strong><br \/>\nFor tilvisingar, sj\u00e5 artikkelen min som dette manuset i stor grad byggjer p\u00e5: <a href=\"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=71\">1905 i Sogn<\/a>\u201d, i Kari Hasle, Jens Johan Hyvik og Harald Tafjord (red.): <em>Lokale r\u00f8yster i 1905. Unionsoppl\u00f8ysinga i aviser p\u00e5 Nord-Vestlandet<\/em>, H\u00f8gskulen i Volda, 2005, s. 27-54.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Hoel, Oddmund L. (2005). Sogn &#8211; h\u00f8gborg for unionsradikalisme og republikanisme? Uprenta f\u00f8redrag p\u00e5 seminaret \u201cUnionsoppl\u00f8ysinga 1905 i eit lokalt og globalt perspektiv\u201d, Historisk institutt ved H\u00f8gskulen i Volda og HIFO Nordvestlandet, Volda 25.5.2005. D\u00e5 eg i januar gjekk laus &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/upubliserte-faglege-arbeid\/sogn-h%c3%b8gborg-for-unionsradikalisme-og-republikanisme-f%c3%b8redrag-2005\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":110,"menu_order":13,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-145","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/145"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=145"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/145\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/110"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=145"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}