{"id":146,"date":"2007-05-08T06:26:17","date_gmt":"2007-05-08T04:26:17","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=146"},"modified":"2007-05-08T06:26:17","modified_gmt":"2007-05-08T04:26:17","slug":"1905-i-jostedalen-jsa-2005","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/popul%c3%a6rfaglege-arbeid\/1905-i-jostedalen-jsa-2005\/","title":{"rendered":"1905 i Jostedalen (JSA 2005)"},"content":{"rendered":"<blockquote><p>Hoel, Oddmund L. (2005). 1905 i Jostedalen. <em>Jostedal skule- og bygdeavis<\/em> (nr. 49), 6-7. &#8211; Tale p\u00e5 Breheimsenteret i h\u00f8ve \u201dHundre\u00e5rsmarsjen\u201d Gjerde\u2013Breheimsenteret 7. juni 2005.<\/p><\/blockquote>\n<p>Hundre\u00e5rsjubileet for unionsoppl\u00f8ysinga har vorte feira i det vide og breie i \u00e5r, som rett og rimeleg er. Ved slike jubileum er det s\u00e6rleg det som hende p\u00e5 nasjonalt plan og dei sentrale akt\u00f8rane ein h\u00f8yrer mest om, som Christian Michelsen og Haakon 7. Her skal me i staden sj\u00e5 det heile nedanfr\u00e5 \u2013 korleis dei store politiske hendingane i 1905 arta seg i ein avkrok som Jostedalen.<\/p>\n<p>Klokka 10.35 den 7. juni 1905 vedtok Stortinget at unionen var \u00e5 rekna som oppl\u00f8yst. Bakgrunnen var at Noreg gjennom fleire \u00e5r hadde kravd \u00e5 f\u00e5 skipa sitt eige konsulatvesen. Utanrikspolitikken l\u00e5g til kongen og var i praksis styrt av Sverige, og dette h\u00f8vde d\u00e5rlegare og d\u00e5rlegare for sj\u00f8farts- og handelsnasjonen Noreg som hadde andre utanrikspolitiske interesser enn Sverige. V\u00e5ren 1905 toppa det seg d\u00e5 heile det norske politiske milj\u00f8et med statsminister Michelsen i spissen sette hardt mot hardt for \u00e5 driva gjennom kravet om eigne norske konsular, same om konsekvensen vart sprenging av unionen. Sist i mai vart det kl\u00e5rt at unionskongen nekta \u00e5 godta (sanksjonera) Stortinget sitt vedtak om \u00e5 oppretta eit norsk konsulatvesen, og over heile landet gjekk folk no i spaning og venta p\u00e5 det neste trekket fr\u00e5 Stortinget.<\/p>\n<p>Kor raskt fekk josted\u00f8lene vita om unionsoppl\u00f8ysinga? Telefon- og telegrafnettet var bygt kraftig ut kring hundre\u00e5rsskiftet. Sognabygdene var knytte til det nasjonale telenettet, og internasjonalt knytte telegrafen saman dei fleste verdshj\u00f8rne fram mot hundre\u00e5rsskiftet. Det kom til uttrykk i avisene ved at noko av det som fekk mest spalteplass vinteren og v\u00e5ren 1905, var den store russisk-japanske krigen p\u00e5 hi sida av kloten. Dei f\u00e6rraste i dag kjenner til krigen, men sognaavisene gav ut temanummer om han i 1905.<\/p>\n<p>Den fyrste meldinga om stortingsvedtaket 7. juni n\u00e5dde fram til Sogndal p\u00e5 under ein halvtime, og det gjekk under to timar f\u00f8r avisa i Sogndal sat p\u00e5 den n\u00f8yaktige ordlyden. Me kan g\u00e5 ut ifr\u00e5 at ei s\u00e5 viktig melding n\u00e5dde ut til dei fleste sognabygder og sogningar gjennom dei lokale telegraf- og telefonstasjonane alt same ettermiddagen.<\/p>\n<p>Men \u2013 det var \u00e9in kommune i Indre Sogn som ikkje var p\u00e5 telenettet i 1905 \u2013 det var sj\u00f8lvsagt Jostedalen. Gaupne og Marifj\u00f8ra hadde f\u00e5tt rikstelefonstasjonar i 1899, s\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5let er om nokon r\u00e5k\u00f8yrde med hest og kjerre om ettermiddagen 7. juni slik at nyhendet n\u00e5dde hit same dagen. Det veit me ikkje, men dei hadde iallfall veg \u00e5 k\u00f8yra p\u00e5, for den nye k\u00f8yrevegen fr\u00e5 Gaupne til F\u00e5berg stod ferdig i 1891.<\/p>\n<p>Dei to avisene v\u00e5re i 1905 var den radikale venstre- og nynorskavisa Sogns Tidende i Sogndal og den konservative riksm\u00e5lsavisa Sogningen i Vik. B\u00e5e kom med dei fyrste ordin\u00e6re utg\u00e5vene etter 7. juni p\u00e5 fredag 9. juni, og dei n\u00e5dde neppe fram til Jostedalen same dagen. At posten kunne ta si tid, fekk presten \u00f2g merka. Sundag 11. juni var fyrste pinsedag, og Stortinget hadde bede prestane lesa opp ei kunngjering om unionsoppl\u00f8ysinga under gudstenesta. Den hadde ikkje presten v\u00e5r f\u00e5tt, men han hadde f\u00e5tt med seg oppmodinga, s\u00e5 han skreiv i protokollen sin at \u201dNorges stortings beslutning af 7\/6 blev omtalt; s\u00e6rskilt b\u00f8n for f\u00e6drelandet opsendtes; \u2019Vor Gud han er s\u00e5 fast en borg\u2019 blev afsunget staaende.\u201d Neste sundag hadde han endeleg f\u00e5tt brevet, s\u00e5 d\u00e5 tok dei det likegodt ein gong til: \u201dKundgj\u00f8relse til det norske folk ang. 7. juni beslutningen opl\u00e6stes hvorefter man staaende sang: Gud signe vaart Dyre f\u00e6draland.\u201d Dermed var Jostedalen \u00f2g endeleg ute av unionen med Sverige.<\/p>\n<p>Den 13. august var det folker\u00f8ysting om unionsoppl\u00f8ysinga. Oppm\u00f8tet var p\u00e5 heile 85 prosent, og 370 000 r\u00f8ysta ja og berre 184 nei. Folker\u00f8ystingsdagen vart ein stor festdag over heile landet, og Jostedalen var ikkje noko unntak. Sogns Tidende fortel at: \u201dUppgl\u00f8dde for fridomen var folkehopen, som i marstakt og under flagd og sang hasta mot kyrkja. Der vart fedralandssangen \u2019Gud signe vaart dyre fedraland\u2019 \u2013 sungen fyre r\u00f8ystingi og etterpaa \u2019Ja, vi elsker\u2019.\u201d Dei song for \u00e5 koma i stemning den gongen \u00f2g.<\/p>\n<p>Formann i valstyret var lensmann Hermund Tvedt, og med seg hadde han ordf\u00f8rar Lars R. Faaberg, varaordf\u00f8rar Anders J. Grov og sekret\u00e6ren (dvs. banksjefen) i Jostedal sparebank, Nils H. Bruheim. Det budde kring 940 folk i Jostedalen i 1905, mest dobbelt s\u00e5 mange som i dag, men berre menn hadde r\u00f8ysterett, s\u00e5 det var i alt 175 som r\u00f8ysta, og alle r\u00f8ysta ja. Det var kanskje ikkje s\u00e5 rart, for i heile fylket var det berre tre som r\u00f8ysta nei til unionsoppl\u00f8ysinga. Spreiddbygde Jostedalen var mellom dei beste kommunane i fylket med 96 prosent framm\u00f8te! S\u00e5 det var ingen tvil om at josted\u00f8lene stilte seg heilt og fullt bak avgjerda i Stortinget. Dei fem r\u00f8ystef\u00f8re som ikkje m\u00f8tte fram, slapp ikkje s\u00e5 lett. I Sogns Tidende kan me lesa at tre av dei var borte fr\u00e5 bygde, s\u00e5 det var greitt. \u201dMen dei andre tvo, Anders N. Bj\u00f8rheimen og Lars N. Hesjevoll, sat heime.\u201d<\/p>\n<p>Unionsoppl\u00f8ysinga hadde massiv st\u00f8tte i folket, men det vart \u00f2g arbeidd knallhardt for at s\u00e5 mange som mogleg skulle m\u00f8ta fram og r\u00f8ysta ja, s\u00e5 avisene var temmeleg einsretta. F\u00f8r r\u00f8ystinga gjekk det mange rykte om bygder der det var fare p\u00e5 ferde. Sogns Tidende var redd for at \u201dveitastrendingarne er so politisk formyrka og skakk\u00f8yrde at dei mannjamt vilde r\u00f8ysta nei\u201d. Men eit folkem\u00f8te p\u00e5 Soget 6. august gjorde heldigvis at \u201dskodda dreiv burt fraa grend etter grend\u201d. Ein strek i rekninga var det likevel at mange veitastrendingar ikkje fekk r\u00f8ysta fordi propellen p\u00e5 b\u00e5ten rauk.<br \/>\nS\u00e5 fylgde nervepirrande veker der norske og svenske styresmakter sat saman til forhandlingar i Karlstad i Sverige og tinga om unionsoppl\u00f8ysinga medan norske og svenske soldatar stod skotkl\u00e5re p\u00e5 b\u00e5e sider av grensa. Om josted\u00f8ler var mellom dei som vart mobiliserte til grensevakt, veit ikkje eg, men det hadde vore moro \u00e5 vita. Det l\u00f8yste seg d\u00e5 dei norske forhandlarane la seg flate for svenske krav om \u00e5 riva dei 2-3 \u00e5r gamle grensefestningane.<\/p>\n<p>I november var det kl\u00e5rt for siste episode av det dramatiske \u00e5ret 1905: folker\u00f8ystinga om republikk eller konged\u00f8me. Denne gongen var meiningane sv\u00e6rt delte. Regjeringa og den \u00f8konomiske og politiske eliten ville halda p\u00e5 konged\u00f8met av omsyn til utlandet og ville tilby den norske trona til den danske prins Carl \u2013 han som vart Haakon 7. Men det var \u00f2g sterke radikale og folkelege krefter som meinte republikk med ein folkevald president var langt meir demokratisk enn eit konged\u00f8me som gjekk i arv, og 12. og 13. november skulle det avgjerast i ei folker\u00f8ysting. Norskdomsr\u00f8rsla med Noregs Ungdomslag og nynorskavisa Den 17de Mai var sentrale i den republikanske r\u00f8rsla.<\/p>\n<p>P\u00e5 landsplan r\u00f8ysta 21 prosent for republikk. Jostedalen utmerka seg som den sognakommunen med flest r\u00f8yster for republikk \u2013 kring 47 prosent, og l\u00e5g dermed i lag med Stryn og Hornindal p\u00e5 fylkestoppen. N\u00e5r ein samanliknar dei bygdene der republikanarane stod sterkt, er det s\u00e6rleg ein ting som sl\u00e5r oss: Dette var bygdene der m\u00e5lreisinga og nynorsken stod sterkt. I Jostedalen var nynorsken i praksis alt innf\u00f8rt i fire av fem skulekrinsar i 1905, og 10. januar 1906 vart Jostedal m\u00e5llag formelt skipa.<\/p>\n<p>I romjula var det ein anonym, men godt n\u00f8gd josted\u00f8l som oppsummerte \u00e5ret i Sogns Tidende. \u201dDet er i grunnen ei egte nasjonal fjellbygd Jostedalen, anten det no er det friske verlaget som gjer det, eller det er at Jostedalen gjenom lenger tid hev vore so lukkeleg at her hev vore gode aandelege arbeidarar. &#8230; Ein ny nasjonal straum hev fare gjenom dalen beint imot snoen fraa Jostedalsbreden.\u201d<\/p>\n<p><strong>Litteratur<\/strong><\/p>\n<p>Oddmund L. Hoel: 1905 i Sogn: unionsoppl\u00f8ysing, republikanisme og m\u00e5lsak. <em>\u00c5rbok for Sogn<\/em>, 2005.<br \/>\nOddmund L. Hoel: 1905 i Sogn. I: <em>Lokale r\u00f8yster i 1905.<\/em> (Red. K. Hasle, J. Hyvik og H. Tafjord). H\u00f8gskulen i Volda 2005, s. 27-54.<br \/>\n<em>1905 i Sogn og Fjordane<\/em>. Skald 2005.<br \/>\n1905-nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, <a href=\"http:\/\/www.sffarkiv.no\/1905\/\">http:\/\/www.sffarkiv.no\/1905\/<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Hoel, Oddmund L. (2005). 1905 i Jostedalen. Jostedal skule- og bygdeavis (nr. 49), 6-7. &#8211; Tale p\u00e5 Breheimsenteret i h\u00f8ve \u201dHundre\u00e5rsmarsjen\u201d Gjerde\u2013Breheimsenteret 7. juni 2005. Hundre\u00e5rsjubileet for unionsoppl\u00f8ysinga har vorte feira i det vide og breie i \u00e5r, som rett &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/popul%c3%a6rfaglege-arbeid\/1905-i-jostedalen-jsa-2005\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":111,"menu_order":6,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-146","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/146"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=146"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/146\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/111"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=146"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}