{"id":147,"date":"2007-05-08T12:27:00","date_gmt":"2007-05-08T10:27:00","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=147"},"modified":"2007-05-08T12:27:00","modified_gmt":"2007-05-08T10:27:00","slug":"1905-i-sogn-tale-2005","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/popul%c3%a6rfaglege-arbeid\/1905-i-sogn-tale-2005\/","title":{"rendered":"1905 i Sogn (tale 2005)"},"content":{"rendered":"<blockquote><p>Hoel, Oddmund L. (2005). <em>1905 i Sogn<\/em>. Uprenta tale p\u00e5 1905-fest p\u00e5 De Heibergske Samlinger &#8211; Sogn Folkemuseum, Kaupanger 11.5.2005.<\/p><\/blockquote>\n<p>1905 var framfor alt \u00e5ret d\u00e5 Noreg vart ein sj\u00f8lvstendig nasjonalstat og fekk \u201dSin egen stemme\u201d i det internasjonale samfunnet slik den offisielle Hundre\u00e5rsmarkeringen har som slagord. Naturleg nok er det dei storpolitiske hendingane som st\u00e5r fremst i minnet v\u00e5rt om 1905.<\/p>\n<p>Men 1905 var meir. Det var \u00f2g \u00e5ret d\u00e5 dei mange sm\u00e5 r\u00f8ystene kom til orde. Dei to fyrste av dei seks folker\u00f8ystingane me har hatt her i landet vart haldne det \u00e5ret, og 1905 har \u00f2g vorte kalla \u201dden f\u00f8rste mediehendinga\u201d i Noreg. Dei breie laga av folket vart engasjerte p\u00e5 ein heilt annan m\u00e5te enn tidlegare. Det som hende p\u00e5 h\u00f8gaste politiske plan var br\u00e5tt noko som greip direkte inn i livsverda til den einskilde, og som ein kunne f\u00f8lgja med p\u00e5 og uttrykkja meininga si om. \u201d1905\u201d hende \u00f2g her i Sogn, og det er temaet mitt i kveld.<\/p>\n<p>Eit avgjerande grunnlag for dette var informasjons- og medierevolusjonen i ti\u00e5ra fram mot 1905. Ved utgangen av \u00e5ret fanst det 184 aviser i Noreg, eit imponerande tal i internasjonal samanheng. I dag har me kring 230 \u2013 og dobbelt s\u00e5 mange og langt rikare innbyggjarar. Avisene var i 1905 i ferd med \u00e5 bli folkelesnad, og avisveksten kombinert med telefon- og telegrafutbygginga gjorde det mogleg \u00e5 etablera ei felles notid i nasjonen. Midt p\u00e5 1800-talet kunne det ta fleire veker f\u00f8r eit viktig nyhende n\u00e5dde ut til heile landet. 7. juni 1905 gjekk det under to timar fr\u00e5 Stortinget vedtok unionsoppl\u00f8ysinga til b\u00e5e avisene i Sogn hadde f\u00e5tt inn telegram om hendinga. D\u00e5 avisene kom ut to dagar etter, kunne dei \u00f2g alt formidla dei fyrste reaksjonane i internasjonal presse. Men sogningar flest trong neppe venta p\u00e5 9. juni-avisene f\u00f8r dei fekk h\u00f8yra om unionsoppl\u00f8ysinga. I 1905 var det berre Jostedalen i Indre Sogn som mangla telesamband, og nokre fleire i Ytre Sogn, og rykteb\u00f8rsen gjorde nok sitt til at dei aller fleste sogningar fekk med seg vedtaket alt same dagen.<\/p>\n<p>Dei viktigaste kjeldene me har til korleis sogningane opplevde og oppf\u00f8rte seg i 1905, er dei to avisene som kom ut her det \u00e5ret, vekeavisa Sogningen i Vik, og Sogns Tidende i Sogndal som kom ut to gonger i veka. Avisene var den gongen langt meir prega av redakt\u00f8ren sin penn og personlege r\u00f8yst enn dei er no, og dei to avisene og redakt\u00f8rane deira utgjorde to motpolar som er sv\u00e6rt kj\u00e6rkomne til v\u00e5rt bruk.<\/p>\n<p>Sogns Tidende var redigert og utgjeven av Jens Kv\u00e5le i over ein mannsalder, innf\u00f8dd sognd\u00f8l, m\u00e5lmann, venstremann, lokalpolitikar og folkeh\u00f8gskulel\u00e6rar. Det var landets fyrste bygdeblad redigert p\u00e5 nynorsk og m\u00e5 sj\u00e5ast som taler\u00f8yr for det sterke norskdomsmilj\u00f8et i Sogn som hadde hovudb\u00f8let sitt p\u00e5 folkeh\u00f8gskulen p\u00e5 Helgheim. Herifr\u00e5 vart b\u00e5de m\u00e5lreisinga, ungdomslagsr\u00f8rsla og l\u00e6rarr\u00f8rsla organisert, med Sogns Tidende som taler\u00f8yr og kamporgan.<\/p>\n<p>Sogningen var H\u00f8greavis, redigert av Rasmus Thorsen, typograf og journalist fr\u00e5 Stavanger. H\u00f8gre-organisasjonen i Bergen sende Thorsen til Sandane i 1896 for \u00e5 f\u00e5 i gang avisa Nordfjord, og \u00e5ret etter bad dei han dra til Vik der han fekk i gang Sogningen der han vart verande som redakt\u00f8r i 15 \u00e5r som redakt\u00f8r. I Vik fann Thorsen eit sterkt milj\u00f8 av konservative kondisjonerte \u2013 embetsmenn, storb\u00f8nder og ikkje minst offiserar sidan Vik hadde ein av dei st\u00f8rste ekserserplassane p\u00e5 Vestlandet. Eg treng vel knapt nemna at Thorsen var ihuga riksm\u00e5lsmann og Sogningen riksm\u00e5lsblad.<\/p>\n<p>B\u00e5e avisene hadde ambisjonar om \u00e5 dekkja heile Sogn, og det at ei kom ut i Vik og ei i Sogndal var ikkje fyrst og fremst eit uttrykk for ei geografisk deling av marknaden, men ei politisk, kulturell og spr\u00e5kleg kl\u00f8yving som gjekk tvers gjennom alle sognabygdene.<\/p>\n<p>Unionsoppl\u00f8ysinga har ei lang og komplisert forhistorie som stort sett lyt f\u00e5 kvila i fred her, men nokre vesentlege punkt m\u00e5 med. Den konkrete saka som unionen klovna p\u00e5, var sp\u00f8rsm\u00e5let om eit eige norsk konsulatvesen. Det var ikkje s\u00e5 mange andre saker \u00e5 ta av. Den unionen Noreg vart tvinga inn i hausten 1814, var eit sv\u00e6rt avgrensa hopehav, hovudsakleg avgrensa til felles konge og utanriksstyre. I tillegg vart det etablert ein tollunion som \u00f8konomisk fekk ein del \u00e5 seia. Mot slutten av 1800-talet, og s\u00e6rleg etter at det unionskritiske Venstre kom til makta i 1884, gjekk unionen fr\u00e5 krise til krise. Stortingsfleirtalet reiste kravet om eit eige norsk konsulatvesen i 1892 etter at Venstre \u00e5ret f\u00f8r hadde programfesta saka, og etter hundre\u00e5rsskiftet fekk kravet tverrpolitisk st\u00f8tte. Diskusjonen gjekk etter det ikkje p\u00e5 om, men kor raskt og p\u00e5 kva m\u00e5te saka skulle drivast gjennom.<\/p>\n<p>Dei svensk-norske forhandlingane og forhandlingslina til den moderat-konservative regjeringa til Francis Hagerup stranda til slutt, reelt i desember 1904 og formelt 7. februar 1905. No var det kl\u00e5rt for dei fleste kva veg det bar. Ein av statsr\u00e5dane til Hagerup, den utolmodige Christian Michelsen, vart regjeringssjef 11. mars for ei brei samlingsregjering som hadde opprettinga av eit norsk konsulatvesen som einaste sak. Regjeringa og Stortinget samla seg i februar\/mars om den dristige strategien som \u00f2g vart f\u00f8lgt: Stortinget skulle vedta ei lov om norsk konsulatvesen, noko som skjedde 18. og 23. mai. Kong Oscar ville truleg nekta sanksjon, og det hende i det siste norsk-svenske statsr\u00e5det p\u00e5 Stockholm slott den 27. mai. Regjeringa leverte d\u00e5 avskilss\u00f8knaden sin, men kong Oscar nekta som venta regjeringa \u00e5 g\u00e5 av med den grunngjevinga at det var umogleg for han \u00e5 skaffa Noreg ei anna regjering.<\/p>\n<p>Dermed hadde Stortinget f\u00e5tt knaggen det trong for 7. juni-vedtaket, som historikaren Rolf Danielsen har karakterisert som \u201det mesterverk av politisk formuleringskunst\u201d. Stortinget vedtok at \u201dforeningen med Sverige under en konge er opl\u00f8st som f\u00f8lge af, at kongen har oph\u00f8rt at fungere som norsk konge\u201d. Det siste var sv\u00e6rt viktig \u2013 den offisielle norske tolkinga var at kong Oscar i praksis hadde abdisert og dermed oppl\u00f8yst unionen i statsr\u00e5det 27. mai.<\/p>\n<p>Sogningen og Sogns Tidende f\u00f8lgde unionssaka tett heilt fr\u00e5 \u00e5rsskiftet, og s\u00e6rleg fr\u00e5 mars d\u00e5 det byrja \u00e5 flaska seg. I denne fasen er det referata av kva som skjer i regjerings- og stortingsmilj\u00f8et som dominerer i spaltene, og dekninga er prega av full lojalitet til norske styresmakter.<\/p>\n<p>N\u00e5r det n\u00e6rmar seg 7. juni, aukar spenninga. Gjennom spaltene kan me sj\u00e5 f\u00f8re oss redakt\u00f8rane sit ved telegrafen og venta p\u00e5 nyhende fr\u00e5 stortingsm\u00f8tet som dei visste skulle haldast. Etter kvart som meldingane kom den 7. juni og n\u00e5dde ut p\u00e5 bygdene, gjekk flagga til topps. Ein gut fr\u00e5 Vik har seinare fortalt at han kom inn til heimbygda med \u201dKommand\u00f8ren\u201d og s\u00e5g alle flagga. Han fekk greie p\u00e5 kvifor dei flagga d\u00e5 han kom til kai, og vart hoppande glad, men d\u00e5 han kom heim til ho mor som stod og laga kveldsmat, var ho alvorsam: \u201d\u00c5 det vert vel krig no\u201d, sa ho stille.<\/p>\n<p>Den jamne sogningen visste like godt som Michelsen og L\u00f8vland at sv\u00e6rt mykje no stod p\u00e5 spel. Norske styresmakter visste ikkje korleis Sverige kom til \u00e5 reagera, og det einsidige norske vedtaket om \u00e5 bryta ut av unionen skjedde \u00f2g utan nokon form for garantiar om at stormaktene ville anerkjenna den provisoriske Michelsen-regjeringa og Noreg som sj\u00f8lvstendig stat. Omsynet til stormaktene styrte difor i stort som i sm\u00e5tt kva norske styresmakter f\u00f8retok seg gjennom 1905, og det kom \u00f2g til uttrykk i sognaavisene. Dei neste vekene og m\u00e5nadene er dei fulle av svenske og utanlandske reaksjonar p\u00e5 unionsoppl\u00f8ysinga og den f\u00f8lgjande diplomatiske nervekrigen med Sverige. Alt 9. juni blir lesarane av Sogns Tidende roa ned med at ein framst\u00e5ande mann i London har uttala at ingen revolusjon har vore gjennomf\u00f8rt s\u00e5 \u201dgentlemansm\u00e6ssig\u201d som denne.<\/p>\n<p>7. juni 1905 var onsdag f\u00f8r pinse, nett som i dag, og 1. pinsedag var prestane bedne om \u00e5 lesa opp proklamasjonen om unionsoppl\u00f8ysinga for kyrkjelydane. Opplesinga var \u201dav dei st\u00f8rste stunder mange hev havt i sitt liv\u201d, og folk hadde \u201dventa i stor spaning, ogso dei som hadde lese meldingi og uppropet til folket\u201d melder Sogns Tidende. Og som om det ikkje var gildt nok inni kyrkja:<\/p>\n<p>\u201dDet hev vore vent pinsever i helgi, aaker og eng hev skote rask vokster, og hagarne lyser i sin fulle fagerdom. I denne bunad og i dette straalande ver styrkjer naturen sj\u00f8lv dei nasjonale kjenslor, som i desse dagar raar so eintonige og sterke i kvar nordmanns hug og haatt. Eit slikt land er noko aa eiga. Det er verd endaa dei st\u00f8rste offer.\u201d<\/p>\n<p>Andre pinsedagen vart det halde eit raskt f\u00f8rebudd folkem\u00f8te i Sogndal der det m\u00f8tte 6-700 menneske. Dei gjekk i tog bak skyttarfana, skulefana og flagg, og lensmann Lem, folkeh\u00f8gskulel\u00e6rar Vilhelm Flugheim og Ola Uglum tala, og dei song \u201dGud signe v\u00e5rt dyre fedreland\u201d.<\/p>\n<p>Den uavkl\u00e5ra situasjonen i h\u00f8ve til omverda gjorde det heilt naudsynt \u00e5 demonstrera at unionsoppl\u00f8ysinga hadde unison st\u00f8tte i folket. Norske styresmakter og tonegjevande krefter i lokalsamfunna arbeidde difor hardt utover sommaren for \u00e5 rydda av vegen den tvilen som framleis m\u00e5tte finnast. Sommaren var tida for dei store stemna. I Gloppen m\u00f8ttest 4000 menn og kvinner p\u00e5 stiftssamling i Det norske misjonsselskab, og dei sende takketelegram til regjeringa og Stortinget. Det gjorde \u00f2g dei kring 3500 som m\u00f8tte fram p\u00e5 ungdomslagsstemna i Vik midt i juni. Dei fekk h\u00f8yra ei rekkje talar om sp\u00f8rsm\u00e5let, ikkje minst av stortingsmann Anfinn Refsdal fr\u00e5 Vik som hadde vore med p\u00e5 7. juni-vedtaket.<\/p>\n<p>Den store nasjonale mobiliseringa byrja med 17. mai-feiringa \u201dsom hev samla fleire folk um sine dyre og nasjonale minne enn kanskje nokon gong fyrr\u201d, etter det Sogns Tidende kan fortelja, men ikkje alle stader: \u201dPaa Fr\u00f8nningen var det iaar sv\u00e6rt faae som \u201dhadde tid\u201d aa vera med og halda fest 17de mai. Det er sv\u00e6rt kor seint det kann ganga upp for folk, kor mykje denne dagen hev aa segja for oss.\u201d<\/p>\n<p>Dei siste dagane i juli vart det kl\u00e5rt at det ville bli folker\u00f8ysting etter at Sverige kravde det for \u00e5 innleia forhandlingar. Var det vanskeleg \u00e5 vera unionsven eller tvilar tidlegare p\u00e5 sommaren, vart det umogleg no. 7. junivedtaket kan berre \u201dudslettes med det norske Folks Blod\u201d, melder Sogningen, den vil \u201dblive forsvaret saal\u00e6nge der findes en vaabenf\u00f8r Mand i Landet. \u00c5 m\u00f8ta fram og r\u00f8ysta ja var ei \u00e6ressak for einkvar god fedrelandsven med r\u00f8ysterett. \u201dGud fri oss fraa at nokon vaagar aa gjera svenske av seg og oss og vaart fedraland i desse tider\u201d, skreiv Sogns Tidende. Lensmann og valstyreformann A. \u00d8en i Vik n\u00f8ydde seg ikkje med formell og praktisk instruksjon i korleis valet skulle gjennomf\u00f8rast, men la til at \u201dLad der ikke komme noget Nei i Urnen.\u201d Det hagla inn med opprop og lesarbrev til avisene, som vart spreidde i store ekstraopplag.<\/p>\n<p>Problematiske segment i veljarflokken vart identifiserte. Med bergensavisene som kjelde var Jens Kv\u00e5le redd for at \u201dein og annan havstrilen som bur ute i dei ytste skjeri, vil koma til aa svara nei. Dei er ogso utan all politisk upplysning. &#8230; Dei kann let koma til og verta forr\u00e6darar mod dei krav som fedralandet hev.\u201d Lekmannsfolket var han heller ikkje trygg p\u00e5. Her p\u00e5 Kaupanger vart det greitt, det same var Sogndal, og p\u00e5 Norum var der \u201dikkje ei svikarsj\u00e6l som gjer svenske av seg\u201d. Derimot var det redsle for at \u201dveitastrendingarne er so politisk formyrka og skakk\u00f8yrde at dei mannjamt vilde r\u00f8ysta nei\u201d. Men eit folkem\u00f8te p\u00e5 Soget 6. august gjorde heldigvis at \u201dskodda dreiv burt fraa grend etter grend\u201d. Ein strek i rekninga var det likevel at mange veitastrendingar ikkje fekk r\u00f8ysta fordi propellen p\u00e5 b\u00e5ten rauk.<\/p>\n<p>Aldri har heimesitjarane vore mer uglesedde. I Jostedalen var det fem av 180 r\u00f8ystef\u00f8re som ikkje m\u00f8tte fram. Tre var reiste fr\u00e5 bygda, s\u00e5 det var greitt, tykte innsendaren i Sogns Tidende, \u201dmen dei andre tvo, Anders N. Bj\u00f8rheimen og Lars N. Hesjevoll, sat heime\u201d.<\/p>\n<p>R\u00f8ystedagen sundag 13. august vart den store festdagen i 1905. Folk gjekk til kyrkja i finstasen, det var flagg overalt, kyrkjene var pynta, mange stader med banner \u2013 \u201dFrit Norge\u201d stod det over korkvelvingen i Aurlandskyrkja. Der skaut dei \u00f2g av 12 dynamittskot, og saluttsalvene small jamt i sognakommunane. Gudtenestene vart regisserte med stigande program der klimakset var fedrelandssalmane f\u00f8r mennene gjekk til r\u00f8ysteurna. Det var d\u00e5 s\u00e5 stilt i kyrkja at ein kunne h\u00f8yra andedraga til kvarandre; \u201dforsamlingen drog innimellom tunge sukk, taarorne rann nedyver kinni paa mange\u201d (i Aurland).<\/p>\n<p>Det var s\u00e5leis ikkje heilt den store stemninga for \u00e5 skriva \u2019nei\u2019 p\u00e5 r\u00f8ystesetelen, og det gjorde d\u00e5 \u00f2g berre 184 personar i heile landet medan 368 000 r\u00f8ysta \u2019ja\u2019. I Sogn og Fjordane var det tre nei-r\u00f8yster, to av dei i Sogndal og ei i Selje. Framm\u00f8tet i fylket var utrulege 92,5 prosent med Vik b\u00e5de p\u00e5 fylkes- og landstoppen \u2013 98,4 prosent! Her fekk Rasmus Thorsen verkeleg noko \u00e5 skryta av.<\/p>\n<p>Kvinnene hadde ikkje r\u00f8ysterett i 1905 og likte det d\u00e5rleg. Landskvinnestemmeretsforeningen sette difor i gang ein underskriftsaksjon som p\u00e5 landsplan samla heile 280 000 kvinneunderskrifter p\u00e5 under tre veker, noko som m\u00e5 vera den mest utrulege prestasjonen i heile 1905. P\u00e5 Leikanger vart listene lagde ut i sakristiet, og \u201dso snart preiki var ende, f\u00f4r kvinnorne i flokk aat sakristiet, der dei kappast um aa koma til, og det var eit gripande syn aa sjaa gamle konor \u2013 sume med stav \u2013 staa og ropa til dei yngre: \u2019Skriv meg! Skriv meg! Skriv meg og!\u201d I Lavik la valstyret ved kvinneunderskriftene med det offisielle valoppgjeret, noko som var heilt utanom reglementet. Men alt i alt fekk kvinneaksjonen d\u00e5rleg oppslutnad her i fylket.<\/p>\n<p>Vurdert som val var b\u00e5de resultatet og gjennomf\u00f8ringa av folker\u00f8ystinga i august slikt me vanlegvis assosierer med land me for alt i verda ikkje vil samanlikna oss med. Men s\u00e5 er det d\u00e5 heller ikkje i dette perspektivet Nordens fyrste folker\u00f8ysting m\u00e5 sj\u00e5ast. Reelt hadde r\u00f8ystinga langt meir karakter av ein politisk massedemonstrasjon, framprovosert av Sverige, regissert av styresmaktene og med entusiastisk oppslutnad i by og bygd, der hovudpoenget var \u00e5 demonstrera overfor utlandet at det norske folk stod samla bak styresmaktene sine. Den einaste spenninga var knytt til framm\u00f8tet og kor mange hundre nei-r\u00f8yster det ville bli.<\/p>\n<p>Etter folker\u00f8ystinga melde den politiske kvardagen seg raskt. Den 31. august m\u00f8ttest delegasjonar fr\u00e5 Sverige og Noreg i Karlstad for \u00e5 forhandla om unionsoppl\u00f8ysinga, og 23. september signerte forhandlarane Karlstad-traktaten. Forhandlingane var sluttf\u00f8rde i ein situasjon der store svenske og norske styrkar stod mobiliserte ved grensa og krigsplanane l\u00e5g klare p\u00e5 generalstabsborda, og krigsfrykta var sv\u00e6rt stor i b\u00e5e land, utan at det dermed er sagt kor reell ho var. Norske styresmakter hadde g\u00e5tt med p\u00e5 \u00e5 riva grensefestningane som forsvarsministeren og venstremannen oberst Georg Stang hadde f\u00e5tt bygt nokre \u00e5r tidlegare.<\/p>\n<p>No byrja lurvelevenet. Rivinga av grensefestningane var hard kost og vekte ein storm, s\u00e6rleg i venstrepressa. Ei gruppe stortingsmenn med Johan Castberg og Wollert Konow i spissen ville avvisa heile karlstadtraktaten, og utanfor Stortinget hadde dei sterk st\u00f8tte fr\u00e5 norskdomsr\u00f8rsla sitt hovudorgan, Den 17de Mai, og ei gruppe offiserar med Georg Stang i spissen. Ein annan sentral offiser i karlstadopposisjonen var lustringen og militaristen Henrik Angell.<\/p>\n<p>Rasmus Thorsen og Sogningen stod heilt og fullt bak regjeringa og meinte det verste av alt var krig, og at ein heller fekk ofra grensefestningane. Jens Kv\u00e5le brukte derimot harde ord mot karlstadtraktaten \u2013 \u201dVondt vert det aa d\u00f8yva kjensla av at Noreg hev maatta b\u00f8ygt seg djupt til knes.\u201d Ein innsendar fr\u00e5 Leikanger meinte ein no fekk sl\u00e5 i bordet til svenskane og heller ta krigen. Men korkje Sogns Tidende, folkem\u00f8te eller tonegjevande personar i Sogn gjekk inn for at Stortinget burde avvisa det som var \u201deit klent og tuske forlik\u201d i Karlstad, og til liks med mange andre inns\u00e5g avisa at forliket trass alt var betre enn krig. Med den sterke tilknytinga si til norskdomsr\u00f8rsla kunne ein kanskje trudd at Sogns Tidende h\u00f8yrde til den unionsradikale fl\u00f8ya, men b\u00e5de p\u00e5 v\u00e5rparten 1905 og etter Karlstad-forhandlingane plasserte avisa seg kl\u00e5rt p\u00e5 den moderate sida i Venstre \u2013 talande nok fekk avisa \u00f2g takkehelsing fr\u00e5 utanriksminister og m\u00e5lmann J\u00f8rgen L\u00f8vland etterp\u00e5.<\/p>\n<p>Karlstad-opposisjonen samla berre 16 r\u00f8yster i Stortinget, og traktaten vart signert den 26. oktober, som strengt formelt dermed er datoen for unionsoppl\u00f8ysinga. Samstundes sa kong Oscar fr\u00e5 seg den norske trona, og han sa nei til eit tilbod fr\u00e5 Stortinget 7. juni om at ein svensk prins fr\u00e5 Bernadotte-familien kunne bli norsk konge.<\/p>\n<p>Dermed var det duka for \u00e5rets siste store politiske slag. Den norske regjeringa hadde lenge hatt danske prins Carl i bakhand som kongsemne. Men danskane hadde registrert den sterke republikanske stemninga i Noreg og kravde folker\u00f8ysting. \u201dDet ser ut, som me maa paa\u2019n att med avstemning. Denne gang skal kravet vera fraa Danmark. Sj\u00f8lvsagt maatte kravet koma fraa eit anna land, fyrr det vart haurt\u201d, skreiv republikanaren Lasse Tr\u00e6dal lakonisk i Sogns Tidende. Det hadde lenge vore eit krav fr\u00e5 republikanarane at folket m\u00e5tte f\u00e5 avgjera styreforma.<\/p>\n<p>Det fekk folket i r\u00f8ynda knapt sjansen til. Alt 13 dagar etter stortingsvedtaket skulle r\u00f8ystinga haldast, i ei lite eigna \u00e5rstid, og r\u00f8ystetemaet var ikkje konged\u00f8me eller republikk, men \u00e5 seia ja eller nei til vedtaket stortinget alt hadde gjort om \u00e5 tilby trona til prins Carl. Regjeringa la inn heile 7. juni-autoriteten sin p\u00e5 ja-sida og gjorde det kl\u00e5rt at ho ville g\u00e5 av dersom det vart nei. No byrja ein like intensiv og oppheta valkamp som i august, men med den store skilnaden at det no vart ein reell diskusjon.<\/p>\n<p>No kl\u00f8yvde sognaavisene seg for alvor. Sogningen brukte storslegga mot \u201dde republikanske Rabaldermagere\u201d og st\u00f8tta seg tungt til alle sentrale samfunnskrefter som ville ha konged\u00f8me. Republikk ville vera \u201dtil ubodelig Skade for Landets N\u00e6ringsliv\u201d, skreiv avisa, og fortalde at 106 av dei st\u00f8rste bankane i landet hadde g\u00e5tt saman om eit opprop for konged\u00f8me. Utanrikspolitiske omsyn vog \u00f2g tungt for monarkistane \u2013 ein skulle ikkje utfordra stormaktene meir. Poenget tapte seg rett nok noko sidan stormaktene anerkjente Noreg i m\u00e5nadsskiftet oktober\/november i god tid f\u00f8r folker\u00f8ystinga. Det var venstreveljarane det stod om sidan dei konservative alt var monarkistar, og kjendisar som hadde g\u00e5tt fr\u00e5 nei til ja, alts\u00e5 fr\u00e5 republikanisme til monarki, var godt stoff: Fridtjof Nansen, Bj\u00f8rnstjerne Bj\u00f8rnson, Ernst Sars og J\u00f8rgen L\u00f8vland.<\/p>\n<p>Sogns Tidende spela i mykje st\u00f8rre grad p\u00e5 lokale krefter og p\u00e5 ein sentrum-periferi-dimensjon i kampanjen for republikk. Avisa visste \u00e5 utnytta at konged\u00f8me-agitasjonen var Kristiania-dominert og tvilte ikkje p\u00e5 at eit hoff ville vera \u201den s\u00e6rdeles behagelig ting for vinhandlere, modehandlere og endel andre oms\u00e6tningsm\u00e6nd i Kristiania\u201d, og dessutan ville det vera \u201dbehageligt for Kristianiasnobben og Kristianiafiffen at kunde \u2019gaa paa slotsbal\u2019.\u201d Konged\u00f8me var dyrt \u2013 det ville kosta opptil 1 mill kr \u00e5rleg, ein president berre 100 000 kr. Dessutan var det \u201dein utvokster paa det ideale liv som folket hev sett seg\u201d. Det h\u00f8vde ikkje her i det egalit\u00e6re og demokratiske Noreg. Republikken h\u00f8vde derimot godt for eit folk \u201dsom er eit arbeidsfolk som ikkje hev utkoma til og ikkje syn for krupande menneskjedyrking\u201d.<\/p>\n<p>F\u00e5 vart overraska over den knusande sigeren for monarkistane \u2013 21 prosent for republikk p\u00e5 landsplan, og om lag det same b\u00e5de i Nordre Bergenhus Amt og i Sogn. Men det er lett \u00e5 slutta seg til Jostein Nerb\u00f8vik som har kalla folker\u00f8ystinga for eit \u201dfortetta norsk politisk drama\u201d. Her fekk dei djuptg\u00e5ande kulturelle, sosiale, politiske og geografiske skiljelinene i det norske samfunnet spela seg ut for fullt, etter eit \u00e5r som framfor alt hadde vore prega av den breie nasjonale samlinga.<\/p>\n<p>Forskarar som Gabriel \u00d8idne og Stein Rokkan har operert med ein eigen kulturegion p\u00e5 indre Vestlandet, ein \u2019folkeh\u00f8gskuleregion\u2019 eller eit \u2019fjell- og fjord-Noreg\u2019, der mellom anna republikanismen stod sterkt. Men g\u00e5r ein inn p\u00e5 kommuneniv\u00e5, utgjer kartet over republikkr\u00f8ystinga eit lappeteppe som det ikkje er s\u00e5 lett \u00e5 f\u00e5 taket p\u00e5. Variasjonen berre mellom Indre Sogn-kommunane varierer til d\u00f8mes fr\u00e5 47 prosent republikanarar i Jostedalen til 9 prosent republikanarar i Aurland; i Vik, Solund og Hyllestad end\u00e5 f\u00e6rre.<\/p>\n<p>Teorien om \u201dfolkeh\u00f8gskuleregionen\u201d held likevel stikk p\u00e5 ein annan m\u00e5te. N\u00e5r me skal forklara skilnadene p\u00e5 dei ulike sognakommunane, var det i stor grad den lokale styrken til venstre og norskdomsr\u00f8rsla som avgjorde kor sterkt republikanismen stod. Dei fire sterkaste republikkommunane utanom Jostedalen var Lavik, Brekke, Kyrkjeb\u00f8 og Leikanger, og dette var dei fire kommunane som hadde teke ibruk landsm\u00e5let i skulen f\u00f8r 1905. I Jostedalen var m\u00e5lreisinga \u00f2g kome langt.<\/p>\n<p>G\u00e5r me inn i lokalmilj\u00f8a, finn me sterke lokalpolitikarar, bygdehovdingar og gjerne l\u00e6rarar som Lasse Tr\u00e6dal i Lavik, Mons Hjelm\u00e5 i Brekke, Andreas Vamraak i Kyrkjeb\u00f8, og Olav Sande p\u00e5 Leikanger att\u00e5t amtmann John Utheim som \u00f2g var ihuga republikanar og m\u00e5lmann. Sist i januar 1905 vart Kyrkjeb\u00f8 m\u00e5llag skipa med Vamraak som fyrste formann, som \u00f2g var formann i Sogn Ungdomslag. 13 av 16 heradsstyremedlemer vart med i m\u00e5llaget. Eit slikt hegemoni, som er det fine ordet for \u00e5 ha nakketak p\u00e5 det politiske og kulturelle milj\u00f8et i bygda, hadde ikkje republikanarane dei andre sognakommunane, mellom anna ikkje i Sogndal som hadde eit sterkt milj\u00f8 av kondisjonerte og konservative.<\/p>\n<p>Republikanarane godtok straks tapet og var med p\u00e5 \u00e5 helsa kong Haakon, Maud og vesle Olav velkomne til Noreg, og oppslutninga og jubelen var stor p\u00e5 takkegudstenesta 7. desember, halv\u00e5rsdagen for 7. junivedtaket. Kv\u00e5le trudde ikkje det fanst den nordmann som ville \u201dgjera livet surt for det unge fyrstepar som no vil knyta sin livslagnad saman med vaart folk og land\u201d. Han visste \u00f2g \u00e5 vurdera marknaden sin d\u00e5 han sj\u00f8lv sette eit symbolsk punktum for republikanismen i Sogn i siste utg\u00e5va f\u00f8r jol. Dei som betalte bladpengane f\u00f8r 15. januar kunne velja mellom to g\u00e5ver \u2013 35-\u00e5rsskrifter for Sogndal folkeh\u00f8gskule, eller \u201deit fagert bil\u00e6te av kongefamilien &#8230; det fagraste som er i handelen. Det er fargetrykk paa sterkt slett karton, og kongen, dronning og krunprinsen sit under det norske vaapen og er umkransa av det norske flagd\u201d. Utp\u00e5 ny\u00e5ret f\u00e5r me vita at \u201dein mengde [hev] tinga paa bil\u00e6tet av kongefamilien\u201d. Den dag i dag heng det vel p\u00e5 mange gamle vegger i Sogn, som det kanskje mest handfaste minnet om 1905.<\/p>\n<p><strong>Merknad<\/strong><br \/>\nFor tilvisingar, sj\u00e5 artikkelen min som dette manuset i stor grad byggjer p\u00e5: <a href=\"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=71\">1905 i Sogn<\/a>, i Kari Hasle, Jens Johan Hyvik og Harald Tafjord (red.): <em>Lokale r\u00f8yster i 1905. Unionsoppl\u00f8ysinga i aviser p\u00e5 Nord-Vestlandet,<\/em> H\u00f8gskulen i Volda, 2005, s. 27-54.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Hoel, Oddmund L. (2005). 1905 i Sogn. Uprenta tale p\u00e5 1905-fest p\u00e5 De Heibergske Samlinger &#8211; Sogn Folkemuseum, Kaupanger 11.5.2005. 1905 var framfor alt \u00e5ret d\u00e5 Noreg vart ein sj\u00f8lvstendig nasjonalstat og fekk \u201dSin egen stemme\u201d i det internasjonale samfunnet &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/popul%c3%a6rfaglege-arbeid\/1905-i-sogn-tale-2005\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":111,"menu_order":7,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-147","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/147"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=147"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/147\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/111"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=147"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}