{"id":544,"date":"2009-10-07T12:18:55","date_gmt":"2009-10-07T10:18:55","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=544"},"modified":"2009-10-07T12:19:21","modified_gmt":"2009-10-07T10:19:21","slug":"samandrag","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/7-doktoravhandling\/samandrag\/","title":{"rendered":"Samandrag"},"content":{"rendered":"<blockquote><p>Oddmund L\u00f8kensgard Hoel<br \/>\n<strong>M\u00e5lreising og modernisering i Noreg 1885-1940<br \/>\n<\/strong>Ph.d-avhandling, NTNU, november 2009<\/p><\/blockquote>\n<p>Avhandling tek f\u00f8re seg korleis den nynorske m\u00e5lr\u00f8rsla m\u00f8tte og tok del i den omfattande moderniseringa av det norske samfunnet mellom 1885 og 1940. Dette var den store framgangsperioden for m\u00e5lreisinga, som kulminerte i 1940-\u00e5ra d\u00e5 over halvparten av folkeskulekrinsane i landet hadde innf\u00f8rt nynorsk.<\/p>\n<p>Granskinga tek f\u00f8re seg idear og strategiar i dei nasjonale elitemilj\u00f8a i m\u00e5lr\u00f8rsla, og fleire tematiske spor blir f\u00f8lgde parallelt. Det er unders\u00f8kt korleis m\u00e5lr\u00f8rsla orienterte og allierte seg i eit skiftande politisk landskap i perioden, s\u00e6rleg korleis ein m\u00f8tte tilbakegangen til Venstre og framgangen til Arbeidarpartiet. Vidare har granskinga ei omfattande handsaming av kva syn og strategiar m\u00e5lr\u00f8rsla hadde p\u00e5 urbaniseringa, industrialiseringa og framveksten av arbeidarr\u00f8rsla.<\/p>\n<p>Konvergensen mellom kulturnasjonalismen til m\u00e5lr\u00f8rsla og den politiske Venstre-nasjonalismen blir dregen fram som ei viktig forklaring p\u00e5 det sterke gjennomslaget for m\u00e5lreisingsideologien og det nynorske skriftspr\u00e5ket. Meir enn tidlegare granskingar blir dessutan den milit\u00e6rpolitiske aktivismen til m\u00e5lr\u00f8rsla fram til fyrste verdskrigen framheva, ikkje minst som forklaring p\u00e5 at tilh\u00f8vet til Arbeidarpartiet i periodar var problematisk.<\/p>\n<p>Den sterke urbaniseringa i perioden var ei stor utfordring for m\u00e5lreisinga. Det lukkast aldri m\u00e5lr\u00f8rsla \u00e5 utvikla reelle strategiar for \u00e5 vinna byane, og konfliktlina <em>by\u2013land<\/em> var gjennom heile perioden grunnleggjande i spr\u00e5kstriden. Dette var med p\u00e5 \u00e5 fremja m\u00e5lreisinga p\u00e5 bygdene, men sette \u00f2g klare grenser for nynorskekspansjonen. Granskinga viser at det her ligg ein viktig kime til attendegangen for nynorsk etter andre verdskrigen.<\/p>\n<p>N\u00e5r det gjeld industrialiseringa, vert det lagt vekt p\u00e5 at m\u00e5lr\u00f8rsla representerte eit forsvar for bygdesamfunnet, ikkje gjennom eit antiindustrielt program, men gjennom ein alternativ moderniseringsstrategi. Sentralt stod her ein sm\u00e5skalamodell der nye n\u00e6ringar og industri skulle integrerast i dei eksisterande bygdesamfunna. Storindustrien var m\u00e5lr\u00f8rsla derimot sterkt skeptisk til, noko som mellom anna blir vist gjennom punktgranskingar av m\u00e5lstriden p\u00e5 fleire industristader.<\/p>\n<p>Dette er den fyrste st\u00f8rre granskinga av m\u00e5lr\u00f8rsla og m\u00e5lreisinga i ein s\u00e5 brei samfunnskontekst og over eit tidsspenn fr\u00e5 1880-\u00e5ra til andre verdskrigen. Den omfattande litteraturen om m\u00e5lr\u00f8rsla og m\u00e5lreisinga i perioden blir grundig vurdert. Teoretisk og metodisk er avhandlinga s\u00e6rleg inspirert av nyare norsk og internasjonal nasjonalisme- og moderniseringsteori, omgrepshistorie og militarismeforsking.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Oddmund L\u00f8kensgard Hoel M\u00e5lreising og modernisering i Noreg 1885-1940 Ph.d-avhandling, NTNU, november 2009 Avhandling tek f\u00f8re seg korleis den nynorske m\u00e5lr\u00f8rsla m\u00f8tte og tok del i den omfattande moderniseringa av det norske samfunnet mellom 1885 og 1940. Dette var den &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/7-doktoravhandling\/samandrag\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":240,"menu_order":1,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-544","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/544"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=544"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/544\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":546,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/544\/revisions\/546"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/240"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=544"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}